Rektor Dag Rune Olsen opna Christiekonferansen, som i år handlar om det vi alle er redde for. Foto: Dag Hellesund
Rektor Dag Rune Olsen opna Christiekonferansen, som i år handlar om det vi alle er redde for. Foto: Dag Hellesund

Kva er du mest redd for?

Publisert

Klimaendringar, pandemaer, gentesting og eit samfunn overvåka av droner står på menyen under dagens Christiekonferanse.

Halvparten av amerikanske arbeidstakarar er redde for å miste mobiltelefonen sin, fortalde konferansier Siri Lill Mannes under opninga av konferansen, som er ein møteplass mellom akademia, nærings-, kultur- og samfunnsliv.

– Klimaendringane skaper eit nytt kompass for det 21. århundre, meiner den tyske sosiologen Ulrich Beck.

I hans analyse av klimatrusselen og samfunnsedringane som vil følgje står forvandling sentralt.

– Når det gjeld klima har vi ein ny, imperialistisk maktstruktur, der nokre land tek avgjerder som får følgjer for andre. Det er allereie ein imperialistisk logikk, seier Beck, som både jobbar ved LMU-universitetet i München og London School of Economics and Political Science.  

Han spår at makt kjem til å bli flytta frå nasjonalstatar til byar på grunn av forma klimaendringar tek.

– Menneskeskapte klimaendringar er usynlege. Det er skapt modellar, men dei relaterer seg ikkje til eit lokalt eller regionalt nivå. Det er mykje som er usikkert rundt klimaendringar. Du kan verken smake, lukte eller sjå dei, seier Beck.

– Men lokalt kan du sjå endringar, og det endrar politikken, seier Beck.

I spørsmålet om kva vi skal gjere i møtet med klimatrugsmålet trekk han linjene tilbake til den franske filosofen Blaise Pascal, som prøvde å finne eit sikkert svar på Gud finst. Det fann han ikkje, men konkluderte med at det beste vil vere å tru på Gud, i tilfelle han finst.

– Når det er usikkert om klimaendringar skjer, er det uansett betre å ta høgde for at dei skjer.