Camilla Ahamath og Margareth Hosøy håpar mange tek turen til Naturhistorisk Museum lørdag. Museet håpar å få inn minst femti globusar - så langt har dei fått denne eine. Foto: Hilde Kristin Strand
Camilla Ahamath og Margareth Hosøy håpar mange tek turen til Naturhistorisk Museum lørdag. Museet håpar å få inn minst femti globusar - så langt har dei fått denne eine. Foto: Hilde Kristin Strand

Har du ein globus? Museet vil gjerne ha han.

Lørdag kan du få ein sniktitt inn i det nyrenoverte museet – så lenge du betalar ein globus i inngangsbillett.

Published

— Kart på kule, seier Camilla Ahamath.

Ho er webredaktør for Universitetsmuseet, og saman med museumspedagog Margareth Hosøy står ho midt i rommet som forhåpentlegvis skal fyllast av globusar. Men då treng museet di hjelp. Dei har allereie prøvd på ulikt vis, mellom anna gjennom ein annonse på Finn, men bergensarane har rett og slett ikkje strøyma til museet med gamle globusar.

Me drøymer om å få inn eit slikt barskap som er forma som ein globus.

Margareth Hosøy

— Eg trur globus er eit lite fenomen. Det er noko veldig mange har, og noko ein ikkje klarar å kasta eller gi til loppemarknad. Eg har i alle fall aldri sett ein globus på loppis, seier Ahamath.

Skinnglobus i midten

Men dersom du har ein globus du slett ikkje vil kasta, men derimot gi ein ny og større heim, kan du ta han med til Universitetsmuseet. Då får du sjå deler av dei nyrenoverte lokala, og du får i tillegg med deg eit årskort som takk for innsatsen. Og globusen, han får ein ny heim.

— Det skal lagast ein gigantisk globus som skal monterast midt i rommet. Det skal vera skinn ytst, og globusen skal ha fomasjonar, slik at ein sjå både høge fjell og det djupaste havet. I kvart hjørne av rommet skal det monterast noko som liknar parabolantenner, som viser direktesendte klimadata, i form av havstraumar og vindar, forklarar Hosøy.

Men i tillegg skal det altså monterast globusar i alle storleikar. Og det er desse globusane museet treng di hjelp for å få tak i.

— Me tek imot badeballar, nøkkelringar, gamle globusar med namn som ikkje lenger stemmer, og nye globusar, seier Ahamath.

— Eg hugsar eg hadde ei rund sparebøsse med kart på. Det er definert som globus, smiler Hosøy.

Teppe med djuphavet på

14. oktober 2019 er dagen Naturhistorisk museum opnar att. Då kjem sjølvaste statsministeren for å utføra den offisielle opninga. Dyra er på veg attende, og inni rommet som skal ha ei utstilling om djuphavet er eit spesielt golvteppe på plass. Det viser korleis det faktisk ser ut der langt nede. Rommet kjem til å vera så mørkt som mogleg – slik er det jo under havoverflata.

Men før oktober er det mykje som skal på plass, og først: Globusane.

— Me drøymer om å få inn eit slikt barskap som er forma som ein globus, humrar Hosøy.

— Ja! Då kunne det vore ein mindre globus inni, ler Ahamath.

Slik ser deler av djuphavsteppet ut. Foto: Hilde Kristin Strand
Slik ser deler av djuphavsteppet ut. Foto: Hilde Kristin Strand