Åse Tveitnes og Eva Røyrane har laga forvaltningsplanar for alle UiB sine freda bygg. No har det òg vorte bok med utgangspunkt i planane. Foto: Tor Farstad
Åse Tveitnes og Eva Røyrane har laga forvaltningsplanar for alle UiB sine freda bygg. No har det òg vorte bok med utgangspunkt i planane. Foto: Tor Farstad

Boklansering for ny UiB-bok

Notert: Torsdag vert det intern boklansering for boka Byuniversitetet. Freda og i full vigør.

Publisert

Før jul kom boka «Byuniversitetet. Freda og i full vigør». Torsdag vert det boklansering for UiB-tilsette. Forfattar av boka er Eva Røyrane, som er tilsett ved eigedomsavdelinga. Redaktør er kulturminneansvarleg Åse Tveitnes. Boka fortel om dei freda bygningane UiB eig, som ligg i sentrum. Det unike med UiB er at det er eit universitet som ligg midt i byen, og ikkje på til dømes Storetveit, som var eit av forslaga då universitetet skulle etablerast.

Historia om boka byrja med forvaltningsplanane, som På Høyden tidlegare har skrive om. Riksantikvaren krev at det vert laga slike planar for freda bygg. Men forma på slike planar er ikkje veldig tilgjengeleg for eit allment publikum. Difor vert det no bok.