Det juridiske fakultetet får ikkje nok auke i budsjettet til å oppretthalde staben på same nivå, og kan ikkje erstatte alle som sluttar.
Det juridiske fakultetet får ikkje nok auke i budsjettet til å oppretthalde staben på same nivå, og kan ikkje erstatte alle som sluttar.

Juss: Må kutte om budsjettet blir vedtatt

Publisert

På papiret er det vekst overalt på Universitetet i Bergen. Likevel må Det juridiske fakultetet kutte i staben dersom budsjettet blir vedtatt.

– For å halde på det talet fast tilsette som vi hadde i fjor, treng vi ein auke på 12 millionar kroner over dei tre neste åra, fortel dekan Karl Harald Søvig på Det juridiske fakultetet.

Fakultetet er lova ein budsjettauke på 7 millionar kroner over tre år, men dette er likevel ein nedgang i høve til kva dei har brukt i år.

Flest studentar per tilsett

– På grunn av uventa stor avgang i 2018 treng vi ikkje å kvitte oss med tilsette, seier Søvig.

Men ikkje alle tilsette som har gått av med pensjon eller slutta av andre grunnar vil bli erstatta. Det har i mange år pågått ein prosess for å styrke bemanninga på Det juridiske fakultetet ved UiB, som har svært mange studentar målt i høve til tilsette: I underkant av 50 fast tilsette må undervise over 2000 studentar. Når ein legg til mellombels tilsette blir det 26 studentar per faglege årsverk. Det er høgast blant dei juridiske fakulteta i landet, og internt på UiB er det til dømes 13 studentar per faglege årsverk på Det samfunnsvitskaplege fakultetet, og 11 på Det humanistiske fakultetet.

Dekan Søvig er glad for at budsjettet til juss blir styrka, og at det er planlagd ytterlegare styrking i åra som kjem. Men presset på studiet – som er det mest populære i Norge målt i talet på søkarar – finst der heile tida.

Får ikkje tid til å forske

– Når vi er så pressa på lærekrefter er det til dømes vanskeleg å få tid til forsking, seier Søvig.

Difor har fakultetet òg låge inntekter på bidrags- og oppdragsforsking, såkalla BOA-midlar.

Jusstudiet er organisert som ein integrert master. Dei fleste studentane som byrjar på første året skal difor òg ha rettleiing til masteroppgåva. Dette slit fakultetet med å få til, og må leige inn eksterne juristar utan forskingskompetanse for å gi studentane maksimalt ti timar rettleiing kvar.

– Vi skal skaffe rettleiarar til nesten 350 masterstudentar i året, seier Søvig.

Undervisningsmodellen til studiet er radikalt endra dei siste tiåra. Tidlegare var alt bygd opp rundt forelesingar, mens det no er langt meir oppgåveløysing i mindre grupper. Fakultetet har òg satsa langt meir digitalt enn dei andre fakulteta.

– Vi har ei studieordning som krev undervisningsressursar, og vi er pressa, seier Søvig.

Nær 5 milliardar

Rammeløyvinga til UiB på statsbudsjettet for 2019 er på rundt 3,6 milliardar kroner. Men med andre inntekter vil UiB ha eit totalbudsjett på nesten 5 milliardar kroner for 2019.

Det medisinske fakultetet kjem for første gang over 1 milliard i budsjett, men dekan Per Bakke er likevel ikkje heilt nøgd. Fakultetet har BOA-inntekter på 300 millionar kroner, men får ikkje utteljing i høve til storleiken, meiner dekan Per Bakke.

– Medfak utgjer 22 prosent av UiB, men i budsjettforslaget har vi berre fått tre prosent av det som er utdelt utanfor ramma, seier Bakke.

Mindre på grunnløving

Det er likevel ein framgang, for dei føregåande tre åra har dei ikkje fått ei krone av det som er delt ut utanfor ramma.

– Grunnløyvinga vår blir spist opp. Og sjølv om vi har store BOA-inntekter er vi veldig avhengige av det vi får i grunnløyving. Vi synest ikkje at fakultet skal straffast fordi dei har store BOA-inntekter. Dei kjem ikkje rekande på ei fjøl, og alle må jobbe for å skaffe dei. Eg trur at fleire fakultet har eit potensiale for å skaffe større BOA-inntekter, seier Bakke til På Høyden.

No må fakultetet sjå nærare på utstyrsinvesteringane sine.

– Lønsbudsjettet kan vi gjere lite med, for vi kan ikkje byrje å sparke folk. Vi ønskjer og å oppretthalde talet på stipendiatar og postdoktorar, for det er dei vi skal leve av på sikt, seier han.

Får uttelling for overbooking

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ser utfordringane til fakulteta, men meiner likevel at budsjettet jamt over er godt.

– Vi har realvekst i budsjetta fordi vi har gode resultat, seier han.

UiB har fått uttelling både for innsatsen med undervisning og forsking.

Talet på studieplassar har auka, og det er òg i ferd med å gi UiB betre inntjening.

Omlegginga universitetet har gjort dei siste åra, der ein tek opp studentar basert på kor mange som erfaringsmessig har slutta i løpet av første semester, vil og gi auka inntekter. No er målet å ha fulle studium i februar på første studieår.

– Og her treff vi veldig presist, seier Bernstrøm.

Endringa har ikkje vore så populær blant studentane, som tidvis har opplevd plassmangel i undervisninga. Men det er òg sett inn ekstra tiltak for å handsame dei ekstra studentane i første semester.

Nok effektivitetskutt, meir strategisk styring

– Medisin og juss gjer det altså dårlegare i år enn dei andre fakulteta, mens universitetet gjennomgåande har hatt vekst. Men vurderingane rundt dette får styret ta, så får vi høyre på dei signala som kjem der.

– Det ligg stadig inne eit effektiviseringskutt på 0,5 prosent av budsjettet, som er eit pålegg frå regjeringa, og eit kutt på 0,8 prosent frå universitetsleiinga, som skal gå til strategiske satsingar. Effekten av desse kutta blir over tid stor. Er det på tide å slutte med kutta?

– Effektiviseringskuttet har komme opp i 108 millionar kroner. Det vil merkast, og råkar alle. Vi nærmar oss ei smertegrense for kva administrasjonen kan ta. Når det gjelder strategikuttet følger det langtidsbudsjettet som universitetsstyret har vedtatt. Vi flyttar ikkje på meir enn 30-40 millionar kroner i året. Kjernen i dette er at handlingsrommet framleis ligg ute på fakulteta. Strategikuttet er ein måte styret kan påvirke utviklinga av universitetet med, og mi personlege oppfatning er at det sentrale handlingsrommet er for lite, seier Bernstrøm.