Veks UiB-administrasjonen? Og kor mykje? Og kor kan ein kutta? Universitetsstyret skal ta stilling til noko av dette i dag.
Veks UiB-administrasjonen? Og kor mykje? Og kor kan ein kutta? Universitetsstyret skal ta stilling til noko av dette i dag.

– Dei dyraste byråkratane er nær leiinga

Publisert

Ein rådgivar med ein million i løn og ein vekst i talet på seniorrådgivarar. – Det er eit paradoks at ein vil kutta i administrasjonen når ein samstundes opprettar fleire dyre stillingar, seier NTL-leiaren.

«En effektiv organisasjon» er namnet på ei av sakene universitetsstyret skal handsama torsdag. Her vert budsjettsaka frå førre møte følgd opp. Då vart det sagt at det må kuttast i UiB-administrasjonen. Bakgrunnen er at regjeringa har innført eit avbyråkratiseringskutt. Pengar skal flyttast frå administrasjon til kjerneverksemd, er beskjeden. Summen er 0,6 prosent. Det vil seia over seksti millionar kroner over fire år for UiB.

Kritisk 1: Jørgen Melve frå NTL. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Kritisk 1: Jørgen Melve frå NTL. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Men kva og kven er det som skal kuttast? Det seier saka lite om.

Ein administrativ lab-ingeniør?
– Eg synest denne saka er lite grundig, eg hadde rekna med at leiinga hadde gått meir inn i dei faktiske tala, seier Jørgen Melve.

Kritisk 2: Randi Heimvik frå Parat. Arkivfoto: privat
Kritisk 2: Randi Heimvik frå Parat. Arkivfoto: privat

Han er hovudtillitsvalt for NTL ved UiB og har sendt eit innspel til leiinga i samband med saka. Her peikar han på at tala som er brukt i saka ser ut til å gjelda alle stillingar som ikkje er vitskapelege, det vil òg seia tekniske stillingar.

– Det framstår for oss som merkeleg å rekna lab-ingeniørar på mat.-nat. med i oversikta over administrasjon som skal kuttast, skriv Melve

I saksframstillinga heiter det at prognoseverktøyet UiB har for løn viser at naturleg avgang dei neste fire åra vil vera 130 mellombelse og 120 faste årsverk. Ei streng prioritering ved nytilsetjingar og eit kontinuerleg arbeid med effektivisering og prioritering av arbeidsoppgåver vil kunne gi naudsynte resultat, heiter det.

– Det ein kan slå fast med ein gong, er at naturleg avgang vil vera skeivt fordelt. Dette betyr at kvar gong nokon går av for aldersgrensa må ein vurdera om stillingen skal erstattast, omprioriterast eller nedprioriterast, seier Melve.

Rådgivar med millionløn
Melve har brukt tal frå databasen for statistikk om høgare utdanning (DBH). Talet han får opp, er 820 administrativt tilsette. Dersom ein skal spara seksti millionar kroner, vil det seia om lag seksti stillingar.

– Når forhandlingane om statsbudsjettet var ferdige tidlegare i veka, var effektiviseringskravet plussa på, frå 0,5 til 0,6 prosent. Det betyr om lag tre millionar meir for UiB, seier Melve.

Han seier at NTL meier at ein ikkje bør kutta administrative stillingar, men at dette er eit politisk standpunkt, og at fagforeninga ikkje har tenkt å ta nokon omkamp på det.

– Men eg synest det er eit paradoks at det samstundes som ein skal kutta i UiB sin administrasjon vert det oppretta fleire dyre stillingar rundt rektor, seier Melve.

Han peikar på seniorrådgivaren som er tilsett ved rektor sitt kontor – med over ein million i løn. Det skal òg tilsetjast ein ny stabsdirektør på Muséplass.

– Dersom det blomstrar opp med dyre stillingar nær leiinga, kan det gå på bekostning av dei som jobbar med til dømes studentar. Det er pengar ein skal spara, ikkje stillingar, og det går to «vanlege» administrativt tilsette på ein av desse nye direktørane, seier Melve.

Han seier òg at den administrative stillingskoden som har hatt den største veksten dei siste åra, er seniorrådgivarane.

– Det er dobbelt så mange av dei som for fire år sidan.

Melve får støtte frå Randi Heimvik, hovudtillitsvalt i Parat ved UiB. Ho seier at ho lenge har vore kritisk til ei topptung leiing.

– Ein har mange som skal leia nokre som skal leia nokre. Det er ingen god leiingsmodell, slik Parat ser det. Me ser at både fakultetsadministrasjonane og administrasjonsavdelingane rundt rektor og universitetsdirektør veks. UiB vert som det skeive tårnet i Pisa, seier Heimvik.

Unngår ein oppseiingar?
I førre universitetsstyremøte, då styret handsama budsjett for 2016, var administrasjonskuttet nemnt. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa då at ingen skulle mista jobben. Men det står ikkje skrive noko om dette i saka som no skal handsamast.

I forslaget til vedtak heiter det at «styret legger til grunn at UiB som en arbeidsgiver – så langt som mulig løser eventuell overtallighet innenfor UiB og i henhold til lov og avtaleverk».

– Eg er kritisk til dette forslaget. Slik det står no, opnar det for at nokon kan verta usikre, seier Heimvik.

– Så vidt eg kjenner til, er det ikkje nokon som er redde for å missa jobben no. Men dersom nokon byrjar å uroa seg for det, er det lite gunstig. Det vil vera beroligande dersom leiinga seier at det ikkje er aktuelt med oppseiingar, seier Melve.

Han meiner at eit kutt må gå an å gjennomføra utan oppseiingar, og grunngir dette med at det til ei kvar tid er nokre som går av med pensjon, andre skiftar jobb og nokre er ute i foreldrepermisjon.

– Dei fleste av oss som jobbar her kan brukast til ulike ting. Ein er tilsett ved UiB, men har arbeidsstaden sin på eit fakultet eller institutt. Men ein må sjå på UiB som ein heilskap, seier Melve.

I styresaka står det at det skal setjast ned både ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe som mellom anna skal greia ut korleis UiB konkret kan handtera effektiviseringskutt på ulike nivå i administrasjonen.