2016 vert neppe eit veldig godt økonomisk år for Universitetet i Bergen. Men budsjettet er totalt på nesten fire milliardar kroner. 80 prosent av denne summen kjem frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Hilde Kristin Strand
2016 vert neppe eit veldig godt økonomisk år for Universitetet i Bergen. Men budsjettet er totalt på nesten fire milliardar kroner. 80 prosent av denne summen kjem frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil kutta i administrasjonen

Publisert
UNIVERSITETSSTYRET:

Regjeringa har gitt klar beskjed: Ein skal kutta i administrasjon og fokusera på kjerneverksemd. Universitetsleiinga meiner ein må kutta i talet på administrative stillingar.

Sidan 2011 har det vore ein vekst i talet på administrative stillingar ved UiB på ni prosent. For faste vitskapelege stillingar er veksten fire prosent.

UiB har, som resten av staten, fått eit krav frå regjeringa om å effektivisera. Instruksen er å arbeida med å flytta pengar frå administrasjonen til kjerneverksemd. Over fire år er summen som må kuttast totalt 63 millionar kroner for UiB. Det sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm då universitetsstyret handsama UiB-budsjettet for 2016 og innspel til statsbudsjettet for 2017 onsdag.

- Denne summen er ganske betydeleg. I fjor brukte regjeringa pengane til å satsa på verdsleiande miljø. I 2016 er det ei inndraging av midlar, sa Bernstrøm.

- Ikkje oppseiingar
Bernstrøm sa at universitetsleiinga no vil setja i gang eit prosjekt med fokus på to element: Betre balanse i stillingsutviklinga og val av strategi for å følgja regjeringa sin intensjon om avbyråkratisering.

- Me må nok diskutera ulike instrument i verktøykassen for å handtera dette. Men det er ingen dramatikk i tala, og me snakkar ikkje om oppseiingar, understreka Bernstrøm.

Han sa at det kvart år er lyst ut mellom seksti og hundre administrative stillingar ved UiB. Den største veksten har vore på fakulteta.

- Det medisinsk-odontologiske fakultetet har gjort grep og sett på måten dei organiserer seg på. Dette har gjort at dei har betra forholdstalet mellom administrative og vitskapelege stillingar. Det humanistiske fakultetet har hatt sterkast vekst i administrative stillingar, sa Bernstrøm.

- Uroa
Nettopp HF er, saman med Det juridiske, dei to fakulteta som går mot størst underskot i år. Bernstrøm sa innleiingsvis at han er uroa over den økonomiske situasjonen ved desse to fakulteta.

- Me må koma vekk frå ein situasjon der me erstattar alle stillingar der nokon sluttar. Noko av målsetjinga vår er å gjera noko annleis. Det betyr òg at det er nokre ting med må slutta å gjera, sa rektor Dag Rune Olsen.

Synnøve Myhre, som i dag er administrasjonssjef ved Institutt for biologi, var tidlegare tilsett ved nettopp Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Ho representerer dei tekniske og administrativt tilsette i styret.

- Ved MOF la ein strategien først, så bygde ein administrasjon etterpå. Me må hugsa at me òg er eit forvaltningsorgan, så me må sjå på kva oppgåver me er pliktige til å utføra, og kva me har plussa på sjølve, sa Myhre.

Nedgang i RBO
UiB har eit samla budsjett på nesten fire milliardar kroner i 2016. Men etter nokre gode år, ser den reelle veksten neste år ut til å verta berre 0,3 prosent. Dette skuldast i stor grad ein nedgang i dei resultatbaserte omfordelingsmidlane (RBO).

Bernstrøm sa at overføringa til 2016 reelt sett vil vera ganske lik null. Sal av eigedommar er det som gjer at ein kjem ut med ei overføring frå 2015 på 113 millionar kroner.

- Eg er litt uroa for den totale budsjettbalansen på sikt. Fleire eksterne inntekter kan gjera noko med dette, og me ser teikn på at desse er begynt å gå opp, sa Bernstrøm.

RBO-tapet i 2016 er 54 millionar kroner. Når desse inntektene vert rekna ut, går ein to år attende i tid.

- Heilskapleg sett er ikkje dette noko godt budsjett for UiB i 2016. Men når det gjeld resultatsida er det vanskeleg å skulda på andre enn oss sjølve, sa universitetsdirektøren.

Det UiB får i forslaget til statsbudsjett, er ti nye studieplassar, fem til medisin og fem til psykologi, 18 nye stipendiatstillingar, der åtte av dei er varige. Ein får òg pengar til museet sine samlingar, og ein har søkt om 60 ekstra studieplassar på den praktisk-pedagogiske utdanninga. Kunnskapsdepartementet får totalt ei auka ramme på nesten elleve prosent samanlikna med 2015.

Les meir: Budsjettet for 2015

Omfordelar ein nok?
Johan Fredrik Odfjell, som er ekstern representant i styret, sa at eit problem er at ein ofte ikkje torer, eller vil, prioritera i stor nok grad.

- Det ser me no. Me vil prioritera opp noko, men som konsekvens må me prioritera ned noko anna. Styret må understreka at me ser utfordringane, og at me ønskjer konkrete planar for korleis me skal klara dei, sa Odfjell, og peika på effektiviseringstiltak som døme.

- Dette er ting som smertar, og organisasjonen treng det øvste organet sin støtte i smertefulle tinga.

Universitetsleiinga har lagt opp til eit omfordelingskutt. Dette var debattert i fjor. No legg leiinga opp til ei omfordeling dei fire neste åra; 1,5 prosent i 2016, 1,8 prosent i 2017, 1,7 prosent i 2018 og 0,8 prosent i 2018.

- Me har hatt ein runde med dekanane, og begynte med eit forslag om eit kutt på tre prosent. Det trur eg vert for mykje, alle veit at 2016 vert eit utfordrande år. Det vart då sagt frå nokre av dekanane at 1,5 prosent kutt kanskje er for lite til at me får satsa på det me ønskjer. Det trur eg er rett, men eg trur òg at det er det me kan klara i 2016 for at fagmiljøa ikkje skal få det for krevjande, sa rektor.

Han peika på at ein treng ein entusiasme og positivitet i organisasjonen, både for å kunne posisjonera seg for mellom anna søknader til EU-systemet, men òg for å nå dei måla styret set i strategien.

Styret vedtok budsjettet for 2016, men la til at dei er uroa for den økonomiske utviklinga og ser fram til forslag om korleis ein kan effektivisera.