Det humanistiske fakultetet overførte pengar frå 2012 til 2013, og kjem til å overføra pengar til 2014 òg. Dekan Margareth Hagen håpar og trur overføringane vil verta mindre enn dei 24 millionane som vart rapportert inn i august. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Det humanistiske fakultetet overførte pengar frå 2012 til 2013, og kjem til å overføra pengar til 2014 òg. Dekan Margareth Hagen håpar og trur overføringane vil verta mindre enn dei 24 millionane som vart rapportert inn i august. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Klarar ikkje å bruka opp pengane sine

Publisert

Det humanistiske fakultetet går mot eit stort overskot også i år. – Dette skuldast eit etterslep, seier dekan Margareth Hagen.

Fakulteta overførte totalt 92 millionar kroner frå 2012 til 2013. I budsjettet for 2013 ligg det inne at overføringane skal reduserast til 68 millionar kroner. Slik det ligg an no, ser overføringane samla sett til å verta noko mindre. Men to fakultet kjem ut med store overskot: Det humanistiske fakultetet og Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

– Midlane me overfører er fordelte, understrekar HF-dekan Margareth Hagen. Ho er oppteken av at det ikkje skal overførast for mykje frå år til år, men seier at ein heller ikkje kan tømma kontoen heilt. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
– Midlane me overfører er fordelte, understrekar HF-dekan Margareth Hagen. Ho er oppteken av at det ikkje skal overførast for mykje frå år til år, men seier at ein heller ikkje kan tømma kontoen heilt. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Det kjem fram i sakspapira til universitetsstyret sitt septembermøte. Universitetet har eit samla budsjett på 3,64 milliardar kroner; 2,67 milliardar frå Kunnskapsdepartementet og mål om BOA-inntekter på vel 763 millionar kroner.

Etterslep
Margareth Hagen, dekan ved HF, understrekar at fakultetet brukar opp årets løyvingar. Pengane dei vil overføra, skuldast eit etterslep.

Dekan ved mat.nat, Helge K. Dahle, seier at fakultetet kjem til å få mindre i resultatmidlar neste år. Han understrekar at fakultetet ikkje sparar pengar i år, men at overføringa skuldast at ein ting tek lenger tid enn tenkt. Foto: Hilde Kristin Strand
Dekan ved mat.nat, Helge K. Dahle, seier at fakultetet kjem til å få mindre i resultatmidlar neste år. Han understrekar at fakultetet ikkje sparar pengar i år, men at overføringa skuldast at ein ting tek lenger tid enn tenkt. Foto: Hilde Kristin Strand

– Mykje av dette er lønsmidlar, særleg knytt til rekrutteringsstillingar. Ofte ventar ein heilt til heimelen er ledig før ein lyser ut – i nokre tilfelle kunne ein nok vore kjappare, seier Hagen.

Ho seier at mykje av overskotet ligg på institutta, og at pengane er øyremerka.

– Me håpar òg å få bruka noko av overføringane til å rusta opp Sydneshaugen skole. Eg trur at når året er omme vil overføringane vera mindre enn dei 24 millionane me melde om i august, seier Hagen.

Ting tek tid
Ved mat.nat reknar ein med at resultatinntektene neste år kjem til å gå ned. I budsjettforslaget fakultetet har levert inn, ligg det inne eit underskot på 27 millionar kroner. 19 av desse er knytt til resultatinntekter.  Noko skuldast eigenandelar i EU-prosjekt, noko skuldast nedgang i talet på doktorgradsstipendiatar.

– I 2011 hadde me over 90 ph.d-disputasar. No har me omlag 75 – som er måltalet vårt, seier Dahle.

– Overføringane våre på 18 millionar frå 2013 til 2014 er i hovudsak knytt til to ting: investeringar og eigenandelar i eksterne prosjekt. Pengane er bundne opp, men me får ikkje sett ting i gang så fort som me ønskjer, seier dekan Helge K. Dahle.

Han seier at takka vera overføringar frå i år, ser underskotet neste år ut til å verta mindre. Men dekanen ser ikkje vekk frå at fakultetet dei neste åra må justera aktiviteten.

Tilsette stipendiat for eit år sidan
– Det er viktig å skilja snørr og bart, seier Dahle:

– Kva skuldast dårleg økonomistyring, og kva er utanfor vår kontroll? Me har rimeleg god kontroll.

Dekanen er oppteken av at ein skal overføra minst mogleg, fordi det viser at ein ikkje har klart å få opp det aktivitetsnivået ein hadde planlagt. Men han seier at han er glad for at overføringane ikkje skuldast at ein ikkje får tilsett i dei stillingsheimlane ein har.

– No er det slik at me heller overbookar litt. I fjor sommar var eg til dømes sjølv med i ein komite som tilsette ein iransk ph.d. Han er ikkje komen til UiB endå – og eg tvilar på om han kjem. Det skuldast verken han eller oss, men instansar som PST og UDI.

Underskot hos MOF
Dei andre fakulteta og Universitetsmuseet går mot mindre overføringar. Universitetsbiblioteket går mot eit lite underskot, men mindre enn i fjor. Det psykologiske fakultetet har tidlegare overført midlar, men rapporterer i år at dei kjem til å bruka det som vart overført frå i fjor. Dekan Jarle Eid seier at det har vore viktig for fakultetet å følgja signala frå universitetsstyret og halda overføringane på lågt nivå. Reint praktisk har dette vorte gjort ved at det er tilsett fleire i faste vitskapelege stillingar, og det er òg oppretta fleire postdoktorstillingar. I tillegg er det sett av pengar knytt til studentarbeidsplassar og læringsmiljø.

– Dei siste åra har fakultetet fått redusert ramma for universitetsstipendiatar. I fjor gjekk me inn med eigne midlar for å halda talet på slike stipendiatar oppe, men i år har me ikkje kunna oppretta nye universitetsstipendiatstillingar. Slik det ser ut no, vil me ikkje kunne lysa ut nye før neste haust, seier Eid.

– Dette er sjølvsagt noko me ikkje er glade for.

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet vert underskotet truleg på 25 millionar kroner.

I saksutgreiinga heiter det at fakultetet vurderer den økonomiske situasjonen som stram, og at nedgang i inntekter er ein del av forklaringa.

Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken sa i styremøtet at det er tett dialog med både MOF og HF.

– Ei anna verd
– Det er ein umogleg retorikk å ha 200 millionar ubrukt på bok og samstundes skrika om at sektoren er sveltefora, kommenterte rektor Dag Rune Olsen i møtet.

Han er oppteken av at nivået på overføringar må vera så lågt som mogleg, og at det er viktig med prognosar, som er så nøyaktige som det går an, frå både fakultet og institutt.

Oddny Miljeteig hadde brukt dagen før universitetsstyret til kommunebudsjettet for Bergen.

– Då er dette ei anna verd, tenk å vera uroa for for store overføringar, sa Miljeteig, og fekk humring til svar.

– Det er nok ein psykologi i å ha ein aldri så liten buffer – eg ville nok òg hatt det dersom eg sat med ansvar for eit institutt, kanskje ein million eller to på bok. Men er det slik at ein kan bruka noko av pengane til investeringar og slik bygga ned overskotet, spurte ho.

– Me har vore offensive når det gjeld bygg. Eg trur økonomikarane er redde for at me har tatt for mykje Møllers tran, svarte Elvbakken.

Eit einstemmig universitetsstyre vedtok både saka «Økonomirapport etter andre tertial 2013» og «Regnskap for Universitetet i Bergen etter andre tertial 2013».