Kandidatane til å få ein innovasjonspris er så langt få, men gode. Prisen er på 300 000 kroner. Foto: Colourbox
Kandidatane til å få ein innovasjonspris er så langt få, men gode. Prisen er på 300 000 kroner. Foto: Colourbox

For få vil ha 300 000 kroner

Publisert

BTO og Sparebanken Vest arrangerer idekonkurranse, men har ikkje fått så mange søkarar enno.

– Vi synest det er synd at ikkje fleire forskarar deltek. Heile konkurransen er ei freisting på å setje meir fokus på innovasjon, seier kommunikasjonsrådgivar Sunniva Ullavik Erstad i BTO til På Høyden.

Sekkedyr

  • Det latinske namnet er ciona inestinalis. Norske namn er sekkedyr, kappedyr, sjøpung og tunikat.
  • Sekkedyret livnærer seg av mikroplankton og andre små organismer i vatnet.
  • Dyret er tvekjønna og kjønnsmodent etter to til tre månader.

Hør Christofer Troedsson fortelje om sekkedyr:

Fakta sekkedyr from På Høyden on Vimeo.

 

Ho skulle gjerne sett at forskarane var endå ivrigare til å omsetje gode idear til ferdige produkt.

– Vi kunne tenkt oss litt meir merksemd. Men vi får inn genuint nye idear, og det har vi fått i år òg, seier ho.

Kvaliteten på deltakarene dei siste åra har vore svært god. I fjor var det forskarane som vil bruke sekkedyr til biodrivstoff og dyrefôr som vann. Sjødyret sekkedyr, eller tunikat, inneheld både protein og cellulose. Planen er å bruke cellulosen til produksjon av bioetanol eller anna, mens proteina kan brukast til dyrefôr, anten til lands eller vanns.

Hør Christofer Troedsson ved Uni Research fortelje om sekkedyr:

Fakta sekkedyr from På Høyden on Vimeo.

 

I 2012 var det James Lorens ved Institutt for biomedisin som vann prisen for ny teknologi som kan utvikle aktive naturstoff til nye legemiddel.

Året før fekk legane Olav Mella og Øystein Fluge prisen for prosjektet deira, der dei undersøkjer om kreftmedisinen Rituximab og virkar mot kronisk utmattingssyndrom, eller ME. Dei har ei hypotese om at ME kan vere ein type autoimmun sjukdom, og prisen bidreg til å ta prosjektet vidare.  

Fristen for å nominere prosjekt går ut i neste veke.