Rommet der batteribanken står i 4. etasje har fått store sotskader.
Rommet der batteribanken står i 4. etasje har fått store sotskader.

Brann i batteribank slo ut forskingsuniversitet

Publisert

Dei fleste datasystema til Universitetet i Bergen gjekk i svart etter ein brann i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten tysdag.

Det tok mange timar før systema var oppe igjen. Serveren På Høyden ligg på kom til dømes opp igjen etter klokka 1800 i dag. I mellomtida la vi ut meldinger på Facebook. Lik oss der, så får du nyheiter inn i straumen din sjølv om UiBs anlegg er nede

Brannen oppsto då to montørar frå Bravida i1300-tida var i ferd med å skifte ut batteribanken til naudstraumsanlegget, som gir avbrotsfri straumforsyning til serverrommet. I datakretsar blir dette omtalt som ein uninterruptible power supply (UPS).

Den eksplosjonsarta brannen skal ha skjedd med nye batteri som var skifta ut, eller idet montørane slo på ein sikring etter å ha byta batteri.

Rommet der batteribanken står har fått store sotskader, og montøren skal ha fått god hjelp av verneutstyr då uhellet først var ute. Heile bygget blei evakuert då brannen oppsto, og det er ikkje rapportert om personskader.

– Dette viser at beredskapen vår fungerer, meiner universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, som kalla saman krisestab etter hendinga.

– Eposten har virka, og internett ut. Men mykje tyder på at systema ikkje er stabilt oppe, men vi reknar å ha dei oppe i løpet av ettermiddagen, seier Bernstrøm.

I ettermiddag og kveld har det difor blitt arbeidd med å starte om serverar og få oversikt over skadane.

Brannen vil truleg bli granska nærare for å finne årsaka. Det lukta går svidd metall i bygget, men alle etasjar med unntak av fjerde etasje blei opna for bruk igjen.