Bot-Anna, slik Bluegarden/Visma har framstilt “henne”. I realiteten er ho ei ansiktslaus programvare. Foto: Shutterstock
Bot-Anna, slik Bluegarden/Visma har framstilt “henne”. I realiteten er ho ei ansiktslaus programvare. Foto: Shutterstock

Bot-Anna skal sjekke reiserekningane dine

Publisert

Ho heiter Bot-Anna, er ikkje spesielt intelligent, men skal gjere arbeidet med reiserekningar enklare.

– Det skal  bli enklare for dei tilsette som skal levere reiserekningar, seier økonomidirektør ved Universitetet i Bergen (UiB), Per Arne Foshaug.

Men i eit debattinnlegg i På Høyden blir det hevda at effekten kan bli stikk motsett. For medan dei tilsette før har limt alle kvitteringar på eit ark og sendt inn, skal kvitteringane no skannast ei og ei. Arket vil ikkje vere lesbart for Bot-Anna.

Økonomidirektøren seier at løysinga ikkje er optimal.

– I denne fasen vi er i no er det ikkje noko krav om at ein må skanne kvitteringane separat. Det er ei oppmoding.

Han viser til at det alt i dag finst ei løysing der ein kan skanne kvitteringar med telefonen og sende digitalt rett til systemet. Då unngår ein papirarbeidet. Økonomidirektøren håper fleire vil nytte seg av denne løysinga.

– Etter kvart som vi utviklar dette, vil vi kunne sende data frå kredittkortet vi betalar med for eksempel på ein restaurant på reise rett inn i systemet, i staden for å ta papirarbeidet når ein er tilbake på kontoret, seier Foshaug.

Automatiserer det manuelle

Kort sagt er målet at heile reiserekninga på sikt blir digital.

I første omgang skal Bot-Anna brukast til å kontrollere reiserekningar, det vil seie lese av vedlegg og kontrollere at dei stemmer med beløpet som du legg inn i reisrekninga. Stemmer det ikkje, vil den reisande få reiserekninga til nytt gjennomsyn. Den reisande korrigerer og sender på ny.

– Er det framleis feil må menneske gripe inn, og vil behandle reiserekninga som tidlegare, forklarer økonomidirektøren.

Roboten skal gjere ein jobb som tidlegare måtte gjerast manuelt, og det frigjer tid for dei tilsette som har arbeidd med reiserekningar.

– Oppgåver har vi nok av, seier Foshaug, som forsikrar om at ingen menneske blir overflødige med det første.

Testfase

Namnet Bot-Anna – som også har vekt debatt om namneval og likestilling i På Høyden – er det leverandøren, Bluegarden, som har funne på, ifølge Foshaug.

– Dette er den første roboten til leverandøren av PAGA, lønnssystemet vi alt har brukt i mange år. No er vi i ein tidleg testfase saman med NTNU, fortel Foshaug.

Medan Bot-Anna er ein robot utvikla av ein ekstern leverandør, utviklar UiB også eigne robotar. Robotane er gode til å utføre regelbaserte oppgåver, og i dag bruker UiB teknologien blant anna i samband med behandling av søknad om tilrettelagt eksamen og til avstemmingar i rekneskapsarbeid.

– Bot-Anna er ein enkel robot, men ho blir meir avansert etter kvart, seier Foshaug.