Universitetsleiinga skal til både Boston university, her representert ved det medisinske fakultetet deira, MIT, Northeastern University og Harvard. Møteprogrammet er tett. Foto: Janice Checcio/Boston university
Universitetsleiinga skal til både Boston university, her representert ved det medisinske fakultetet deira, MIT, Northeastern University og Harvard. Møteprogrammet er tett. Foto: Janice Checcio/Boston university

UiB-leiinga på tur: Klare for tre hektiske dagar i Boston

Rektorat, styre dekanar og nokre direktørar skal springa frå møte til møte når dei no har landa i Boston.

Publisert   Sist oppdatert

Fire universitet på tre døgn. Det er lagt opp til eit tett møteprogram når universitetsleiinga, det vil seia rektorat, styre, dekanar og nokre direktørar onsdag reiste til Boston. Retur er allereie lørdag ettermiddag.

På Høyden har tidlegare skrive om gruppereisa for 27 personar – som eigentleg var tenkt for 32. Dag Rune Olsen flyr mest av rektorane i sektoren, og har allereie hatt fleire utanlandsbesøk i år - mellom anna i Sør-Afrika.

Programmet for USA-reisa viser at det vert tett møteverksemd, men lite besøk rundt på dei ulike universiteta. Både Boston university, Harvard, Northeastern University og MIT skal besøkjast i løpet av torsdag, fredag og lørdag.

No handlar det om å løfta blikket og læra styret litt om konteksten: Kva er eigentleg eit universitet?

Dag Rune Olsen, rektor UiB

Mest møte

— Er dette programmet, som i hovudsak er møte, noko ein treng å ha heile styret med på?

— Det er slik at me plar ha ein styretur kvart fjerde år. I førre periode hadde me eit internt styreseminar i utlandet. No handlar det om å løfta blikket og læra styret litt om konteksten: Kva er eigentleg eit universitet? Eg meiner at det er nyttig når ein no skal implementera den reviderte strategien, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han innrømmer at verken MIT – Massachusetts Institute of Technology – eller Harvard er veldig like UiB. Men Boston er i større grad eit breiddeuniversitet.

— Dei jobbar òg med ein ny strategi, og det er interessant å høyra noko om korleis dei ser på samfunnsansvaret sitt.

Ein høgare himmel

Programmet er sett saman av assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden og Rune Indrøy. Han har permisjon frå UiB, men jobbar i delt stilling frå USA. Olsen seier at UiB har bede universiteta ein skal besøkja om spesifikke innspel, til dømes om korleis ein kan arbeida aktivt med kvalitet.

— Me ønskjer å laga ein høgare himmel for styret. Det er lagt opp til tid for diskusjon og spørsmål, og dekanane kan bidra med faglege avklaringar, seier Olsen.

Men allereie lørdag ettermiddag lokal tid reiser delegasjonen heim til Noreg. Då har dei hatt eit tett program, der det mellom anna er lagt opp til at dei skal eta lunsj i bussen på veg frå det eine til det andre.

— Dette er opptatte menneske, me kan ikkje halda dei vekke frå deira daglege dont lenger enn dette. Det betyr at oppfølgingsdebattane internt i styret må verta tekne når me er attende i Bergen.