Sosialantropolog Rolf Erik Scott er sterkt imot at bompengebetalarar skal subsidiere bybane og Tesla-eigarar. Difor har han engasjert seg i Folkeaksjonen Nei til mer bompenger. Foto: Dag Hellesund
Sosialantropolog Rolf Erik Scott er sterkt imot at bompengebetalarar skal subsidiere bybane og Tesla-eigarar. Difor har han engasjert seg i Folkeaksjonen Nei til mer bompenger. Foto: Dag Hellesund

Han er forskar, bompengemotstandar — og ein av 12 frå akademia i bystyret

Tolv av 67 nye bystyremedlemmer i Bergen er tilsette eller studentar ved universitet og høgskular. Men å representere Folkeaksjonen Nei til mer bompenger er ikkje heilt akseptert, har sosialantropolog Rolf Erik Scott oppdaga.

Publisert

18 prosent av dei nyvalde bystyrerepresentantane i Bergen er studentar eller tilsette ved utdanningsinstitusjonane i byen, og kan slik sett bli sett på som ein tverrpolitisk, akademisk «lobby».

Dei fleste politiske partia har inne studentrepresentantar eller tilsette ved universitet eller høgskular.

Frå Monaco til Macau

Bystyremedlem i Bergen frå UH-sektoren

Rolf Erik Scott (59), FNB, forsker, Institutt for sosialantropologi
Sofie Marhaug (29), Raudt, doktorgradsstipendiat, allmenn litteraturvitskap
Camilla Ahamath (38), SV, kommunikasjonsrådgivar, Universitetsmuseet i Bergen
Eira V. Martinsen Garrido (23), SV, student, samanliknande politikk
August Simonsen (21), V, student, rettsvitskap
Eline Aresdatter Haakestad (23), MDG, student, økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
Miriam Akkouche (23), MDG, student, arabisk og samanliknande politikk
Håkon Nakkerud Opedal (26), MDG, student, lærarutdanninga
Katrine Berg Nødtvedt (28), MDG, stipendiat, NHH
Marte Leirvåg (29), H, student, samanliknande politikk
Matias Alexander B. Birkeland (21), Ap, student, rettsvitskap
Andreas Madsen Berg (24), SV, student, administrasjons- og organisasjonsvitskap

Rolf Erik Scott er sosialantropolog, og har dei siste åra forska på likskap og ulikskap i det EU-finansierte prosjektet Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons.

Scott har gått djupt inn i vestleg individualisme sett i høve til det globale, og mellom anna samanlikna den kapitalistiske kulturen i tre byar kjende for pengespel, men i tre ulike verdsdelar og kultursfærer: Monaco, Macau og Las Vegas.

I tillegg til å vere langt over gjennomsnittet opptatt av likskap og ulikskap har Scott bakgrunn som miljøvernaktivist, frå Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet.

Trur ikkje teknologi kan løyse problemet

At han i kommunevalet blei innvald i bystyret i Bergen for Folkeaksjonen Nei til mer bompenger har overraska mange.

— Det burde eigentleg ikkje overraske folk. Bompengepartiet er veldig opptatt av miljøvern, seier Scott til På Høyden.

Det burde eigentleg ikkje overraske folk. Bompengepartiet er veldig opptatt av miljøvern.

Rolf Erik Scott

Han meiner ein grunn til dette kan vere at ein no for tida set likheitsteikn mellom miljøengasjement og klima.

Museumstilsett og ekspert på sosiale medium, Camilla Ahamath, kom inn i bystyret for SV. Foto: Dag Hellesund
Museumstilsett og ekspert på sosiale medium, Camilla Ahamath, kom inn i bystyret for SV. Foto: Dag Hellesund

— Det er ein tendens til at alt handlar om klima for tida. Det er mykje diskusjon om vindturbindparkar, seier Scott.

Men å tru at vind eller batteridreven teknologi kan løyse klimaproblemet er eit feilspor, meiner han, som er imot dei store planane om å byggje ut vindparkar i Norge.

— Fortenesta frå vindturbinparkane går uansett stort sett til kraftkapitalistar, seier han.

Mot sosial ulikskap

— Men hovudgrunnen til at eg engasjerer meg i Folkeaksjonen Nei til mer bompenger er sosial ulikskap. Den norske velferdsstaten er tufta på dei vestlege ideala om fridom, likskap og brorskap, og som òg var ideala i den franske revolusjonen. Men bompengar er ein klar måte å skape sosial ulikskap på, ved at dei som betaler bompengar må subsidiere bybane og elektriske bilar, meiner Scott.

Eira Garrido Martinsen frå SV går frå studentparlament til kommunestyre. Foto: Silje Katrine Robinson
Eira Garrido Martinsen frå SV går frå studentparlament til kommunestyre. Foto: Silje Katrine Robinson

At folk som har råd til det kjøper seg ein elektrisk bil nummer to er ikkje særleg miljøvennleg, meiner Scott, som heller vil ha ein generell forbruksreduksjon i samfunnet.

Løper med feil flokk

— Nokre får ei stor rekning, mens andre får ei lita. Fortetting blir òg automatisk sett på som eit klimatilbak, men mange bumiljø i Bergen har blitt øydelagde av dette. Og det at prisane går opp langs bybanetraseen skaper òg ulikskap. Fridomen vår til å reise kor vi vil i landet, som er nedfelt i Grunnlova, er òg truga, meiner Scott.

Stipendiat Sofie Marhaug sit i bystyret for Raudt. Foto: Dag Hellesund
Stipendiat Sofie Marhaug sit i bystyret for Raudt. Foto: Dag Hellesund

Men å representere bompengemotstandarar i kommunestyret er ikkje like velakta blant akademikarar, som gjerne bør sykle eller køyre elbil til jobben, og helst ta toget på konferanse.

— Det er mange som synest at eg er litt brun. Eg har fått høyre at eg er brunsvidd, og at eg spring med feil flokk, fortel han.

Stigmatiserer gruppe

Scott forstå ikkje heilt parallellen, for i mange saker er han einig med bystyre- og UiB-kollega Sofie Marhaug, som sit i bystyret for Raudt.

— Men om du først klarer å stigmatisere ei gruppe kan du nærast gjere kva du vil med ho, seier sosialantropologen.

Sjølv bur han i Fyllingsdalen, og kunne godt klart seg utan bil i kvardagen, om det ikkje var for at ungane måtte køyrast på ein del fritidsaktivitetar, og kona trong bilen for å køyre på jobb i Øygarden utanfor Bergen.

Engasjert av polarisering

Han synest dei etablerte politiske partia har polarisert folk i spørsmål om klima og bompengar. Men dét er òg grunnen til at han sjølv har blitt politikar:

Eg tar det som eit feltarbeid, og er midt i smørauget.

Rolf Erik Scott

— Nokre føler at dei kjempar for klima, mens andre føler at dei kjempar mot sosial ulikskap. Det gjorde meg engasjert, så polarisering skaper òg engasjement.

Feltarbeid i bompengeland

Som sosialantropolog med ulikskapsbriller synest han uansett at det er interessant å vere i det politiske miljøet.

— Eg tar det som eit feltarbeid, og er midt i smørauget. Det er veldig stor forskjell på korleis akademikarar og kvarmansen ser på verda. Det artigaste i valkampen var difor å vere ute og snakke med folk. Eg trur at eg som mange andre har mista trua på demokratiet. Men det som har skjedd no har gitt meg litt trua tilbake.

Rolf Erik Scott har fått trua på demokratiet tilbake etter oppblomstringa av bompengemotstanden. Foto: Dag Hellesund
Rolf Erik Scott har fått trua på demokratiet tilbake etter oppblomstringa av bompengemotstanden. Foto: Dag Hellesund