Revideringsarbeidet med ordbøkene er i gang. Nye ord skal inn, gamle skal ut. Foto: Hilde Kristin Strand
Revideringsarbeidet med ordbøkene er i gang. Nye ord skal inn, gamle skal ut. Foto: Hilde Kristin Strand

70 000 har lasta ned ordbok-appen

Notert: Dagleg er det 4 000 som brukar ordbok-appen.

Publisert

Totalt vart det gjort 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018. Kvart tredje av desse søka kom via appen Ordbøkene. Det kjem fram i ei pressemelding frå Språkrådet og Universitetet i Bergen.

UiB overtok ansvaret for ordbøkene samstundes med at dei fekk språksamlingane frå UiO i 2016. Hausten 2017 vart appen lansert, og er no lasta ned over 70 000 gongar. Dagleg er det opp mot 4 000 brukarar som nyttar ordbok-appen.

– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å verta trygge språkbrukarar, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i pressemeldinga.