Tilfeldig oppdaga Mikal Olsen Lerøen at far hans neppe var åleine om å segla i Persiabukta på 1980-talet, medan Iran og Irak var i krig. — Sjøfolka som segla der har aldri fått anerkjenning, seier han. Lerøen er høgskulelærar ved Univeristetet i Bergen si journalistutdanning, og har skrive boka «Pappas siste reis». Foto: Hilde Kristin Strand
Tilfeldig oppdaga Mikal Olsen Lerøen at far hans neppe var åleine om å segla i Persiabukta på 1980-talet, medan Iran og Irak var i krig. — Sjøfolka som segla der har aldri fått anerkjenning, seier han. Lerøen er høgskulelærar ved Univeristetet i Bergen si journalistutdanning, og har skrive boka «Pappas siste reis». Foto: Hilde Kristin Strand

Har gitt ut bok om faren som aldri kom heim: —God journalistikk skal gjera litt vondt

Mikal Olsen Lerøen mista faren i Persiabukta i 1987. 32 år seinare kom boka som viser kor mange norske sjøfolk som var involverte i krigen mellom Iran og Irak.

Publisert

— Han burde skjønt det, seier Mikal Olsen Lerøen.

— Han hadde ikkje reist utanriks på mange år, og så fekk han plutseleg spørsmål om å reisa ut med eit reiarlag han aldri hadde segla for før.

Lerøen snakkar om far sin, Olav Lerøy. I 1987, 58 år gamal, mista han livet i Persiabukta, som den første norske sjømannen. Sonen var 19 år.

No har sonen skildra faren sin lagnad, først i filmen «Pappas siste reis», og no i boka med same namn, og undertittelen «Norske krigsseilere i Persiabukten på 1980-tallet». Boka har fått strålande kritikkar, mellom anna i Bergens Tidende. Sjølvmordsførebyggande arbeid, skreiv meldar Guri Fjeldberg.

Ville gi mora svar

— Journalistikk vert best når det gjer vondt å fortelja, seier Lerøen.

Han har jobba som journalist sidan slutten av 1980-talet, mellom anna mange år i NRK. No er han høgskulelærar og underviser journaliststudentar ved Universitetet i Bergen.

— Korleis er det å gå i gang med eit så personleg, eigentleg privat, prosjekt?

Då eg skjøna at far min kanskje ikkje var åleine om å ha segla i Persiabukta på denne tida, gjekk dette frå å vera privat til å verta eit potensielt systemproblem.

Mikal Olsen Lerøen

— I 28 år gjekk eg jo ikkje i gang. Men då eg skjøna at far min kanskje ikkje var åleine om å ha segla i Persiabukta på denne tida, gjekk dette frå å vera privat til å verta eit potensielt systemproblem, seier Lerøen.

— I tillegg var eg nok motivert av at mor mi vart eldre, eg ønskte å gi henne nokre svar. Det viste seg å vera på tide, ho døydde berre nokre månader etter at filmen var ferdig.

Trudde det var uflaks

Det var krig då kaptein Olav Lerøy reiste til Persiabukta. Iran og Irak gjekk til åtak på kvarandre etter at Irak invaderte Iran hausten 1980. Allereie frå starten av krigen vart skip, òg frå nasjonar som ikkje var med i krigen, angripne i Persiabukta. «De går inn og ut av dødssonen», seier ei nyheitsopplesarstemme i innleiinga til filmen.

Lenge trudde Mikal Olsen Lerøen, mora og søstra at det som hadde skjedd med faren uflaks, at han var på feil stad til feil tid. Men etter nokre år fekk sonen signal om at det kanskje hadde vore fleire norske sjøfolk i Persiabukta under krigen på 1980-talet. Det vart starten på dokumentaren, som vart vist hos NRK Brennpunkt. I filmen reiser Lerøen til Manila på Filippinane. Der møter han mannen som var overstyrmann på båten der faren var kaptein. Han fortel sin versjon av det som hende: Båten vart bomba, og dekket stod i full fyr. Kapteinen gav ordre om at overstyrmannen skulle syta for at mannskapet vart verande om bord, og at det var farlegare å hoppa over bord. Etterpå fann dei kun lika av to av dei 21 som vart drepne.

— Når eg seier at det tok så mange år før eg laga journalistikk av mi eiga historie, stemmer ikkje det heilt. Då eg melde filmen «Titanic» var min innfallsvinkel til dømes det moralske i om kapteinen alltid skal forlata skuta sist. Men samstundes takka eg nei då andre journalistar tok kontakt etter at pappa omkom. Eg gjorde nok som sjøfolk alltid har gjort: Ville klara meg sjølv. Det angrar eg på i dag. Dødsfallet hans kunne vorte starten på at norske journalistar sette søkelys på problemet.

Mikal Olsen Lerøen saman med faren, Olav Lerøy. Sonen var berre 19 år då faren omkom. Deretter tok det over tretti år før han skreiv boka om korleis det eigentleg var å vera sjømann i Persiabukta på 1980-talet. Foto: Privat
Mikal Olsen Lerøen saman med faren, Olav Lerøy. Sonen var berre 19 år då faren omkom. Deretter tok det over tretti år før han skreiv boka om korleis det eigentleg var å vera sjømann i Persiabukta på 1980-talet. Foto: Privat

Tusen historier

Då filmen vart vist på NRK, sa det rett og slett pang. Om lag tusen personar tok kontakt med Mikal Olsen Lerøen. Nokre hadde segla i Persiabukta på 1980-talet sjølv. Andre hadde foreldre eller andre familiemedlemmer som hadde gjort det.

— Det viste seg altså at historia mi ikkje var privat i det heile tatt. Dette handla ikkje om nokre få uheldige sjøfolk, seier Lerøen.

— Det var jo inga ulukke heller. Det var jo krig.

Det seier Lerøen si mor, Unny Reppenhagen Lerøy, på slutten av filmen.

Lerøen fortel at fleire av dei sjøfolka som er omtala i boka aldri har snakka om dette før. Andre ville ikkje snakka med han då han tok kontakt.

— Men mange sa at «du forstår oss», eller «endeleg har eg snakka med ein som forstår meg». Eg har jo aldri vore på sjøen, eg har berre to år i marinen, seier Lerøen.

I boka skildrar han korleis sjøfolk vart kontakta med spørsmål om dei kunne tenkja seg å reisa inn i krigsområdet. På 1980-talet var sysselsetjinga av sjøfolk statleg, alle måtte innom hyrekontoret og verta godkjende før dei kunne reisa ut.

— Ei av historiene er om han som vart føreslegen plukka ut, fordi ein meinte at han kunne tola ein støyt. Han fekk beskjed frå kapteinen på båten han då var om bord på om at han måtte stilla på brua til eit gitt tidspunkt, då skulle han verta ringt opp. Den statstilsette spurte om han kunne flytta sjømannen over på krigssegling, vekk frå den trygge seglinga i Europa, som han var på.

Det skjedde via VHF, og alle på brua, og alle som høyrde på den aktuelle kanalen, kunne høyra samtalen.

— Det er ikkje så lett å seia nei då?

— Då er det er inni helvete vanskeleg å seia nei.

10 000 sjøfolk

Lerøen trur det var dette som skjedde med far hans: Reiarlaget hadde behov for ein røynd kaptein, og Olav Lerøy vart kontakta.

Faren Olav Lerøy var kaptein, sonen har to år i marinen. Mikal Olsen Lerøen fortel at han sakna faren mykje då han var barn. —Framleis likar eg ikkje å seia ha det, seier han. Foto: Privat
Faren Olav Lerøy var kaptein, sonen har to år i marinen. Mikal Olsen Lerøen fortel at han sakna faren mykje då han var barn. —Framleis likar eg ikkje å seia ha det, seier han. Foto: Privat

Men kvifor sa han ikkje nei? Det kan handla om det som har vore viktig for sjøfolk til alle tider, meiner sonen: Samhald, og å vera ein viktig del av eit lite drivverk.

Totalt 10 000 norske sjøfolk kan ha vore i Persiabukta under Iran-Irak-krigen.

— Dei har site på toppen av ein blikkboks med 200 000 liter brennbart materiale under seg, seier Lerøen tørt.

— Den norske staten hadde neppe sendt 10 000 sjukepleiarar inn i eit område der ein visste det var krig.

Forfattaren og filmskaparen seier han lenge var sikker på at det var noko han ikkje hadde skjønt:

Dei har site på toppen av ein blikkboks med 200 000 liter brennbart materiale under seg.

Mikal Olsen Lerøen

— Den norske staten kunne ikkje ha gjort same tabben med desse krigsseglarane som ein gjorde etter andre verdskrigen. Men jo. Desse menneska tok ein risiko for oss. Det handla om skatt og om valutainntekter. Og dei har aldri fått medisinsk oppfølging eller anerkjenning.

Å endra ein liten del

Boka har fått gode meldingar, og Lerøen har vore intervjua i mange aviser. Torsdag kveld fortel han om boka på eit arrangement på Litteraturhuset.

— Det ein ønskjer, er å produsera journalistikk som kan bety noko for nokon. Er ein heldig, kan ein endra ein liten del av verda, seier Lerøen.

Dersom boka kan gjera at nokon får eit betre liv, gjer det ingenting at eg deler mi smerte og tap.

Mikal Olsen Lerøen

Han seier at det var fantastisk då bokmeldinga hans dekte fronten i BT, og fortel at Jan Erik Smilden, som melde boka for Dagbladet, innrømma at det var mykje i boka han sjølv burde visst – og vidareformidla. Smilden har vore utanriksjournalist sidan 1970-talet, med Midtausten som spesialfelt.

— Dersom boka kan gjera at nokon får eit betre liv, gjer det ingenting at eg deler mi smerte og tap. Augneblinksvondten går fort over, seier Lerøen.

— Kunne du gått i gang med dette prosjektet tidlegare, då dødsfallet var nærare i tid?

— Holet er framleis like stort, men det har vorte ein del av meg. Dersom det ikkje hadde vore vondt, hadde eg gløymt pappa. Det hadde vore kjipt. Tida lækjer ikkje alle sår. Ho gjer ikkje det, seier Lerøen.