Bjerknessenteret har fått sin nye tilhaldsstad, men ikkje utan dramatikk. Og framleis er ikkje heile klimaklynga samlokalisert. Foto: Tor Farstad
Bjerknessenteret har fått sin nye tilhaldsstad, men ikkje utan dramatikk. Og framleis er ikkje heile klimaklynga samlokalisert. Foto: Tor Farstad

UiB måtte bruke press for å flytte forskarar til Bjerknessenteret

Publisert

UiB måtte instruere dotterselskapet Uni Research om å flytte klimaforskarane til Bjerknessenteret.

Førre veke blei Bjerknessenteret sitt nye hovudkvarter opna i Jahnebakken. Det skjedde etter at Universitetet i Bergen våren 2015 fekk 35 millionar kroner for å pusse opp vestfløyen av Geofysen, med adresse Jahnebakken 5. Heilt sidan Bjerknessenteret blei oppretta som eit senter for framifrå forsking (SFF) i 2002 har det vore ønska å samle forskarar ved senteret, som kjem frå både UiB, Uni Research, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet.

Og då vestfløyen blei ståande tom i 2010 var planane for oppussinga allereie klare, men ikkje pengane, og prosjektet hamna i køen bak både odontologibygget, aulaen og rehabiliteringa av Armauer Hansens hus.

Ville samle Uni Research

Samtidig hadde Uni Research kontor på ei rekke ulike stader rundt i byen, men eit ønske om å samle verksemda.

Professor i sosialøkonomi Alf Erling Risa sat som styreleiar i Uni Research då selskapet vedtok å samle mesteparten av verksemda i Odfjell-eigde Nygårdsporten, eit steinkast nedanfor Geofysen.

Men vedtaket om at òg klimaforskarane skulle flytte til Nygårdsporten vart ikkje godt mottatt av leiinga ved UiB, som omtrent samtidig var i ferd med å få stabla på beina finansieringa til rehabilitering av vestfløyen.

Var informet

– Det var litt diskusjon om dette då Uni Research flytta til Nygårdsporten. Det var opne og oppriktige samtalar om det, slik det skal vere. Og i den grad det var ulike syn, så er det viktig at dei kjem fram, seier Risa diplomatisk.

Diskusjonen enda med at Uni Research gjorde om avgjerda, og plasserte klimaforskarane i vestfløyen.

– Avgjerda blei omgjort. At det kom eksterne pengar var nok ein gamechanger i denne samanhengen.

– Men var ikkje universitetet informert om at Uni Research ville samlokalisere i Nygårdsporten?

– Det kan nok hende at det er ulike oppfatningar av dette. Men slik eg ser det blei leiinga ved universitetet informert i relativt hyppige møter, seier Risa.

Skifta styreleiar

Han gjorde det klart for universitetet kva meining han hadde om saka, og om tilhøvet til Uni Research generelt. Kva samarbeidstilhøve det skal vere mellom UiB og dotterselskapet Uni Research er òg noko det har vore ulike meiningar om på UiB. I oktober 2016 blei Risa erstatta av Bjerknes-direktør Tore Furevik som styreleiar.

– Det er min jobb som styreleiar å vere tydeleg på kva vurderingar eg gjer, og så er det opp til eigarane å ta standpunkt til om det er hensiktsmessig med ein slik styreleiar, seier Risa.

Han understrekar og at alle var einige om at det er ein god idé å samle klimamiljøet.

Mellomnøgde forskarar

For forskarane i Uni Klima har flyttinga vore tidvis frustrerande. For om lag eitt år sia flytta dei inn i nyoppussa og svært tenlege lokale i Nygårdsporten, saman med andre Uni-forskarar. Men etter eitt år måtte dei igjen på flyttefot, inn i den nyoppussa vestfløyen av Geofysen. Her får dei ikkje lenger tilgang til laboratorium i same hus, og bygget er ikkje like bra som Nygårdsporten når det gjeld kantine, kontorplassar og fellesareal.

Bjerknes-direktør Tore Furevik er klar over at forskarane frå Uni Klima var svært nøgde med å få flytte til Nygårdsporten.

– Då det blei muleg for Uni Research å flytte ned i Nygårdsporten var det noko alle var glade for. Men Uni Klima kunne ikkje både vere samlokalisert med Uni Research og klimaklynga, seier Furevik, som er svært nøgd over at Bjerknessenteret endeleg fekk ei relativt samla plassering etter 15 års ørkenvandring.

– Frå synspunktet til Bjerknessenteret og klimaklynga er det veldig gledeleg at ein no får samla klimaforskarane, og om lag halvparten av forskarane ved senteret blir samla, seier Furevik til På Høyden.

Ventar på Nansensenteret

Klimaforskarane på Institutt for geovitenskap blir heller ikkje med til Jahnebakken. Til det er plassen for liten, og laboratoria deira for omfattande. At ein stor del av UiBs forskarar ikkje blir flytta har ikkje gjort det meir lystbetont for forskarane  frå Uni. 

Men ein annan viktig del av klimaklynga i Bergen, Nansensenteret, har enno ikkje avgjort om dei vil flytte til austfløyen av Geofysen. Saka skal opp på styremøtet 12. juni, og det har vore delte meiningar om flytting internt ved senteret. Men UiB, som kontrollerer meir enn halve styret av stiftinga ønskjer klimamiljøet mest muleg samla.

Måtte ha nokre rundar

UiB-rektor Dag Rune Olsen fortel at det har vore ein lang dialog mellom UiB og Uni Research om flyttinga.

– Kor mykje har UiB pressa Uni Research for å få dei med inn bygget?

– Vi har hatt diskusjonar rundt kostnadar, det er det ikkje tvil om. Sjølv om dei er heileigd av universitetet så og seia, så er det jo eit aksjeselskap, og då må vi gje dei eit tilbod på vanleg måte. Det har vore synspunkt på prising, og kva fasilitetar som skal vera i bygget, men det er vanlege forhandlingar.

– Kor vanskeleg har det vore?

– Når Uni Research bestemte seg for få flytte inn i Nygårdsporten og samlokalisera sine folk, måtte vi ha nokre rundar med kva som var det mest opportune for klimaforskinga, og kva som var viktigast for selskapet Uni Research. No trur vi at vi får eit heilt nytt instituttselskap om eitt års tid, som vil bestå av mange einingar. Då er det ikkje snakk om å samlokalisera det under noko omstende, dei skal tvert i mot vera tilstades langs sør- og vestlandskysten for å betjene det som dei har vore gode på lenge.

– Kva tenker du om at berre halvparten av Bjerknessenteret får plass i bygget?

– Det er ein veldig god start, og vi kjem til å pussa opp meir, så vi satsar på at Bjerknessenteret og det som har med klima å gjera skal samlokaliserast fullt og heilt.