UiB skal leia prosjektet European Plate Observing System. Ein har fått pengar til seismiske og <span class="caps">GPS</span>-stasjonar mellom anna i Arktis. Biletet er frå Ny-Ålesund på Svalbard. Arkivfoto: Silje Gripsrud
UiB skal leia prosjektet European Plate Observing System. Ein har fått pengar til seismiske og GPS-stasjonar mellom anna i Arktis. Biletet er frå Ny-Ålesund på Svalbard. Arkivfoto: Silje Gripsrud

Får mange millionar til nytt utstyr

Publisert

Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet får pengar til nytt utstyr frå Forskingsrådet. – No får me gjort ting me elles ikkje kunne gjort, seier prodekan Jarl Giske.

Fredag kom meldinga om at Forskingsrådet deler ut 1,3 milliarder kroner til forskingsinfrastruktur, det vil seia forskingsanlegg, laboratorium, utstyr og databasar. Totalt 29 prosjekt får pengar, seks av dei skal leiast frå Bergen.

– Me får pengar til innkjøp og drift, men ikkje til vedlikehald av utstyret, seier prodekan Jarl Giske. Mat.nat fekk pengar til to prosjekt, dei to andre fakultetet søkte om, kom ikkje gjennom nålauga. Arkivfoto: Eivind A. Pettersen
– Me får pengar til innkjøp og drift, men ikkje til vedlikehald av utstyret, seier prodekan Jarl Giske. Mat.nat fekk pengar til to prosjekt, dei to andre fakultetet søkte om, kom ikkje gjennom nålauga. Arkivfoto: Eivind A. Pettersen

UiB er prosjektleiar for to: European Plate Observing System og FARLAB. Begge høyrer heime hos Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. I tillegg er miljø frå UiB med i andre prosjekt. Både Havforskingsinstituttet, NSD, Uni Research og Nofima har òg fått pengar til prosjekt som skal leiast frå Bergen.

– Me fekk ikkje alt me søkte om, det er miljø hos oss som er skuffa i dag. Men me fekk innvilga to av fire søknader, og vennene fåre fekk, så alt i alt er dette ein god dag, seier Jarl Giske.

Forskingsinfrastruktur

Dette er prosjekta UiB er med i:
Leia av NTNU:
 Biobank Norway - a national research infrastructure for clinical and population based biobanks, 
Leia av UiB: European Plate Observing System – Norway
Leia av Uninett Sigma 2 AS: E-INFRA 2014 - a national e-Infrastrucure for science
Leia av UiT: Norwegian Macromolecular Crystallography Consortium  
Leia av Havforskingsinstituttet: Lofoten-Vesterålen cabled observatory –. Her er òg Uni Research og CMR med
Leia av Nofima AS: Aquafeed Technology Centre – . Her er òg Uni Research med
Leia av UiB: FARLAB (facility for advanced isotopic research and monitoring of weather, climate, and biogeochemical cycling)  
Leia av UiO: NOR-OPENSCREEN - the Norwegian EU-OPENSCREEN node -revised application 
Leia av Uni Research: Integrated Carbon Observation System (ICOS)-Norway and Ocean Thematic Centre (OTC
Leia av UiO: Norwegian Advanced Light Microscopy Imaging Network (NALMIN
Leia av Oslo universitetssykehus: National consortium for sequencing and personalized medicine  

Helse Bergen og Helse Vest er òg med i prosjekt, og NSD leiar prosjektet Norwegian Open Research Data Infrastructure

Han er prodekan for forsking ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

Overvaking av utslepp
Uni Research har fått pengar til å bygga opp ICOS Noreg. ICOS står for integrated carbon observing system, og er eit europeisk målenettverk for å overvaka utslepp av drivhusgassar.

– Endeleg, dette har vore ein lang prosess. No håpar me berre at me får alt me treng gjennom forhandlingane, seier  Truls Johannessen, professor ved UiB og forskar ved Uni Research og Bjerknessenteret, til Bjerknessenteret si heimeisde. Det er Uni Research som er vertsinstitusjon for ICOS Norge.

Skal undersøka jordplater
Prosjektet FARLAB, som er knytt til Institutt for geovitskap, skal analysera isotopar i naturen, særleg i havet. Prosjektet får 16,6 millionar kroner. Det andre prosjektet UiB leiar er European Plate Observing System. 45 millionar kroner skal investerast i nye seismiske og GPS-stasjonar i Arktis og Nord-Noreg og i naudsynt e-infrastruktur.

– Ein skal undersøka rørslene i jordplatene, både via satellitt og via sensorar, seier Giske.

Han seier at løyvingane UiB no får, gjer at ein kan gjera ting ein elles ikkje kunne gjort.

– Samstundes kan me ikkje gjera alt me kunne gjort. Me har søkt om robotutstyr, men det må venta i køen.

Forskingsrådet fekk inn totalt 88 søknader. Samla søknadssum var 4,3 milliardar kroner.

700 av millionane som no er delt ut, går til forskingsanlegg som er spesielt relevante for næringsretta forsking.

– Aldri tidlegare har ei slik tildeling til forskingsutstyr, laboratorium og databasar vore så relevant for næringslivet. Me treng eit kunnskapsintensivt næringsliv, og forsking og kunnskap gir Noreg konkuransefortrinn, seier fungerande kunnskapsminister Elisabeth Aspaker til Forskingsrådet si heimeside.

60 millionar til e-infrastruktur
– Naturvitskap kan gjerast billeg, framfor ei datamaskin. Men dersom ein ønskjer å gjera nye observasjonar er det dyrt. Då krevst det samarbeid, og ein må gjera nokre strategiske prioriteringar, seier Giske.

Eit av prosjekta som no har fått pengar, er eit samarbeid mellom dei fire «gamle» universiteta. Uninett Sigma 2 AS står bak søknaden som no får 60 millionar kroner. Det handlar om å få ein e-infrastruktur for forsking.

– Den beste naturvitskapelege forskinga skjer når ein koplar det som skjer på lab og det ein kan gjera framfor ei datamaskin. Det er viktig at me får pengar til dette prosjektet, og no vert det ein ny konkurranse mellom miljø ved dei fire institusjonane om kor det er best å ha maskinene, seier dekan Helge Dahle.