Professor Vigdis Vandvik er svært nøgd med at institutt for biologi får status som Senter for framifrå utdanning.
Professor Vigdis Vandvik er svært nøgd med at institutt for biologi får status som Senter for framifrå utdanning.

Startar nytt supersenter

Institutt for biologi har kome gjennom nålauget til NOKUT: bioCEED blir Senter for framifrå utdanning. – Gledeleg, seier Vigdis Vandvik.

– Vi har lenge hatt en prosess der vi har jobba med å fornye, omstille og forbetre undervisninga vår, seier professor Vigdis Vandvik ved Institutt for biologi.

bioCEED i Bergen:

Saman med Havforskingsinstituttet (HI), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Program for universitetspedagogikk skal Institutt for biologi å realisere prosjektet kalla «Centre for Excellence in Biology Education» (bioCEED).

No får instituttet tre årlege millionar kroner som skal kome alle til gode.

Planen er å by på meir felt, meir lab og meir samarbeid. Dette kostar. Studentane skal også få høve til utplasseringar, slik at dei kan sjå korleis biologar arbeider.

Fakta om SFU

  • Senter for framifrå utdanning er ei prestisjeordning for utdanning som blei oppretta i 2010.
  • Status som SFU blir tildelt miljø som allereie kan vise framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga.
  • Eit viktig krav til sentera er formidling av oppnådde resultat og kunnskapsspreiing. Sentera må ha tydelege planar for vidareutvikling og innovasjon.
  • SFU-ordninga, som blir forvalta av NOKUT, er ein parallell til Senter for framifrå forsking (SFF) og andre toppsenterordningar innan forsking.

Kjelde: NOKUT

– Pengane er éin ting, og det gir oss mange ressursar som vi kan bruke. Men senterstatusen gir oss også mykje gratis, seier Vigdis Vandvik.

Eit nasjonalt biologisamarbeid med andre universitet er på trappene.

– Det gode frå forskarkulturen skal vi også dra inn i undervisninga. Folk på instituttet er glade i begge delar av jobben sin – både undervisninga og forskinga, seier ho.

Danka ut 18 søkarar
Dette var første ordinære utlysing av Senter for framifrå utdanning. I år var utlysinga opa for alle fagmiljø innan høgare utdanning.

Heile 19 andre institusjonar ville huse Senter for framifrå utdanning.

Senterstatusen vert tildelt for fem år, med høve til forlenging i fem år til. Eit SFU vil få tre millionar kroner i årleg toppfinansiering. 

Alle skal med
– Kvifor valde juryen bioCEED, trur du?

– Eg veit at juryen likte at vi tenkte heilskapleg, og hadde ein plan for korleis vi skal bygge opp utdanninga med å gripe an både lærarkultur, studentkultur, undervisingsleiing og samfunnskontakt, seier Vigdis Vandvik.

I arbeidet med søknaden la dei vekt på ha ein klar plan for korleis organiseringa skulle vere. Senteret skal famne om alle som held til på instituttet.

– Vi involverer alle grupper av tilsette. Og vi har hatt studentar med på å skrive søknaden. Utan at studentane tek eigarskap, går det ikkje, seier Vigdis Vandvik.