Professor Christian Jørgensen er ein av i alt sju forskarar som har fått status som framifrå undervisarar. Dei får ein lønsauke på 50 000 kroner. Foto: Tor Farstad
Professor Christian Jørgensen er ein av i alt sju forskarar som har fått status som framifrå undervisarar. Dei får ein lønsauke på 50 000 kroner. Foto: Tor Farstad

To framifrå undervisarar

Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har utpeika to nye, framifrå undervisarar.

Publisert

Christian Jørgensen, professor ved Institutt for biovitskap, får status som framifrå undervisar. Det same får Pernille Bronken Eidesen. Ho er førsteamanuensis ved universitetssenteret på Svalbard, men òg knytt til bioCEED, UiB sitt senter for framifrå undervisning.

Først og fremst er det fint å verta anerkjent av pedagogiske miljø, og at folk som er mykje flinkare enn meg har tru på tankane eg har om undervising og utviklinga eg held på med, seier Jørgensen til uib.no.

Mat.nat var det første fakultetet i Norge som oppretta ei meritteringsordning for undervisning. Jørgensen og Eidesen er nummer seks og sju som får ei slik tildeling.