Universitetsbiblioteket blir stadig meir digitalt, men ønskjer å vise at den trykte boka fortsatt er viktig. - Bøkene kan by på lesaropplevingar og format som skjermlesinga ikkje har, seier førstebibliotekar, Michael Grote. Foto: Njord V. Svendsen
Universitetsbiblioteket blir stadig meir digitalt, men ønskjer å vise at den trykte boka fortsatt er viktig. - Bøkene kan by på lesaropplevingar og format som skjermlesinga ikkje har, seier førstebibliotekar, Michael Grote. Foto: Njord V. Svendsen

Hyller det trykte: — Bøker er meir enn berre tekst

Bibliotek for humaniora opnar utstilling for fenomentet bok. – På mange måtar er boka fortsatt overlegen den digitale lesaropplevinga, meiner førstebibliotekar Michael Grote.

Publisert

Det verkar kanskje som ein litt oppbrukt ide, å stille ut bøker på biblioteket. Men bøker er ikkje så vanleg som det ein gong var på bibliotek, i alle fall ikkje i papirform.

— Fleirtalet av nye bøker som blir kjøpt inn i dag er elektroniske. Når det gjeld tidsskrift er i dag berre 3000 av 26 000 på papir, fortel førstebibliotekar ved Bibliotek for humaniora ved UiB, Michael Grote.

Men boka, midt i den digitale virvelstormen, er langt ifrå død.

Store bøker, små bøker. Denne veka opna Universitetsbiblioteket bokutstilling. Foto: Njord V. Svendsen
Store bøker, små bøker. Denne veka opna Universitetsbiblioteket bokutstilling. Foto: Njord V. Svendsen

Med ei lita utstilling av store, små, gamle og nye bøker prøver Universitetsbiblioteket å få dei besøkande til tenke litt nærare på kva ei bok eigentleg er og kan vere. Ja, boka er til til å lese, til å sjå, til å lære. Men også til å ta og føle på, meiner Grote, som er ein av dei som har arbeidd med utstillinga.

Humaniora på papir

— Vi ønskjer å vise at papir fortsatt har ein funksjon. Derfor fokuserer vi på både store og små bøker, dei har ulik bruk. Det finst digre biblar, men også lommebiblar heilt tilbake til 1600-talet, for eksempel. Ei bok er meir enn ein tekst, ho har ei fysisk utforming som er med i meiningsdanninga. Det er ei anna oppleving å lese i ei fysisk bok enn på ein skjerm. Boka er ikkje berre informasjon, det ligg ein estetisk dimensjon i det. Derfor er boka meir enn berre tekst, seier Grote.

Humaniora er i ei særtilling i sitt forhold til boka, også i den digitale tidsalderen.

— Ulikt til dømes medisin, der sjølve informasjonen er det sentrale, og det aller meste av artiklar er nettbaserte, har humaniora eit anna mangfald. Det har funnest, finst og trengst andre format for monografiar, skjønnliteratur og kunstbøker. Eg kjenner ingen som helst vil lese diktsamlingar på skjerm, seier Grote.

Frå Snorre til Vigdis

På utstillingsborda på Universitetsbiblioteket ligg alt frå teikneseriar til knusktørre oppslagsverk på 3000 sider. Snorres store kongesoger. Vigdis Hjorts vesle bok om Wildenwey. August Strindbergs okkulte dagbok. Vinterafteners tidsfordriv - en fornøyelig og lærerig læsning af historier og fortællinger.

Snorres kongesoger, trykt versjon. Foto: Njord V. Svendsen
Snorres kongesoger, trykt versjon. Foto: Njord V. Svendsen

Utstillinga er ikkje eit innlegg mot digitalisering, tvert imot. I staden vil biblioteket vise at den materielle boka også held fram med å eksistere og utvikle seg vidare, samstundes som den digitale utviklinga skyt fart.

— Det er eit poeng for oss å vise fram nye bøker saman med dei gamle. Bøker er ikkje fortid, det er notid og framtid, seier Grote.

Det let seg understreke med undersøkingar både frå utlandet og Noreg og utlandet, som viser at fleirtalet av studentar helst vil lese pensum på papir.