Dag Rune Olsen vil i 2021 ha leia UiB i åtte år, inkludert når universitetet inviterer folk ombord på Statsraad Lehmkuhl under Arendalsveka. Foto: Knut Egil Wang
Dag Rune Olsen vil i 2021 ha leia UiB i åtte år, inkludert når universitetet inviterer folk ombord på Statsraad Lehmkuhl under Arendalsveka. Foto: Knut Egil Wang

Kven vil overta roret på UiB?

Ingen frå det sitjande rektoratet eller dekanane er så langt klare for å stille som kandidatar når ny rektor skal veljast våren 2021.

Publisert   Sist oppdatert

Då Dag Rune Olsen blei vald til ny rektor på Universitetet i Bergen (UiB) i 2013 var han godt førebudd, og hadde sett saman ei gruppe som fekk støtte i mange leirar.

Rektorrekka ved UiB

Det har vært en viss spredning av rektorene ved UiB, og det har vært vanlig at det samme fakultetet ikke får to påfølgende rektorer. Det psykologiske fakultet og det nye Fakultet for kunst, musikk og design har så langt ikke hatt noen rektor.

  • 1946–1953 Professor Bjørn Trumpy (mat-nat)
  • 1954–1959 Professor Erik Waaler (medisin)
  • 1960–1965 Professor Ludvig Holm-Olsen (HF)
  • 1966–1971 Professor Håkon Mosby (mat-nat)
  • 1972–1977 Professor Arne-Johan Henrichsen (HF)
  • 1978–1983 Professor Ørjar Øyen (SV)
  • 1984–1989 Professor Arnfinn Graue (mat-nat)
  • 1990–1995 Professor Ole Didrik Lærum (medisin)
  • 1996–1998 Professor Jan Fridthjof Bernt (juss)
  • 1999–2005 Professor Kirsti Koch Christensen (HF)
  • 2005–2013 Professor Sigmund Grønmo (SV)
  • 2013– Professor Dag Rune Olsen (mat-nat)

Kilde: Wikipedia

Det er vedtatt at UiB framleis skal ha val på rektor når Dag Rune Olsen sluttar i vervet 31. juli 2021, men enno har ingen sagt seg klare til å ta over stafettpinnen.

Jan Erik Askildsen Foto: Tor Farstad
Jan Erik Askildsen Foto: Tor Farstad

Stillingar som dekan, viserektor eller prorektor kan vere aktuelle rekrutteringsstillingar for ein ny rektor, og På Høyden har difor spurd dei som i dag sit i slike posisjonar om dei har tenkt på å stille til val.

— Eg går ikkje med særlege planar om det, og har ikkje gjort meg opp nokre tankar om det. Men eg håper at det framleis kjem til å vere eit regime med ein vald rektor, seier dekan Jan Erik Askildsen ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Karl Harald Søvig. Foto: Dag Hellesund
Karl Harald Søvig. Foto: Dag Hellesund

Dekan ved Det juridiske fakultetet, Karl Harald Søvig er klar på kva han vil - og ikkje vil:

— Å stille som rektorkandidat er ikkje aktuelt for meg. Eg har framleis små barn som går på barneskulen. Eg ser korleis dei i rektoratet jobbar. Det er så mykje ettermiddags- og kveldsarbeid at det ikkje kan kombinerast med heimebuande barn, seier familiemannen Søvig.

Bente Wold. Foto: Tor Farstad
Bente Wold. Foto: Tor Farstad

Dekan ved Det psykologiske fakultetet, Bente Wold, høyrer og til dei som føler seg sikre allereie halvanna år før ein må bestemme seg om ein skal stille til val:

— For min eigen del er det uaktuelt, seier Wold til På Høyden.

— For det første er eg dekan på Det psykologiske fakultetet no, og eg må heller ta stilling til om eg skal stille som dekan i ein periode til eller ikkje. For det andre er det litt andre oppgåver eg skal ta meg av på slutten av karrieren min enn å vere rektor, slår Wold fast.

Helge K. Dahle. Foto: Karl Kristian Langeland
Helge K. Dahle. Foto: Karl Kristian Langeland

Helge K. Dahle er dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, det same vervet som Dag Rune Olsen hadde før han blei rektor. I utgangspunktet skal det noko til at to rektorar på rad kjem frå det same fakultetet.

— Eg har ikkje tenkt på om eg vil stille som rektorkandidat, det er jo to år til. Men eg er uaktuell som rektorkandidat, seier Dahle.

— Korfor er det slik?

— Det er mange grunnar til eg ikkje ser på det som ei aktuell problemstilling. Det er ein tradisjon for at rektorvervet går litt på rundgang på UiB. Men i leiardiskusjonen synest eg at vi bør velje den rektoren som best kan tene universitetet som ein heilskap, uansett.

Frode Thorsen. Foto: Hilde Kristin Strand
Frode Thorsen. Foto: Hilde Kristin Strand

Frode Thorsen er dekan på det nyaste fakultetet ved UiB, Fakultetet for kunst, musikk og design, som naturleg nok aldri har hatt nokon frå fakultetet som har vore rektor. Men Thorsen blir truleg heller ikkje den første.

Eg synest vi treng ei kvinne. Det har berre vore éin kvinneleg rektor på UiB så langt.

Dekan Per Bakke

— Nei, det ser eg ikkje for meg. Eg fyller 61 til sommaren, og eg skal tenkje litt på kva eg skal gjere i åra som kjem. Men eg ser ikkje for meg å bli rektor.

Thorsen har hatt leiarstillingar lenge.

— Eg blei instituttleiar for første gong i 1999. Sidan den gongen har eg ikkje undervist mykje, og hatt lav aktivitet som musikar, fortel han.

Jørgen Sejersted. Foto: Dag Hellesund
Jørgen Sejersted. Foto: Dag Hellesund

Jørgen Sejersted er dekan på Det humanistiske fakultetet, og han er i sin første dekanperiode.

— Eg reknar ikkje meg sjølv som ein aktuell kandidat for rektorvalet. Men det blir spennande, meiner Sejersted.

— Er det heilt utelukka?

— Ja, det vil eg nok seie er utelukka. Men eg opplever valet som ope, og eg er veldig glad for at vi har demokratiske val, seier Sejersted.

Han har òg merka seg at ein må tilbake til Kirsti Koch Christensen for å finne siste rektor frå humaniora.

— Det er ei stund sia, synest han, men legg til at det òg gjeld einskilde andre fakultet.

— At den faglege bakgrunnen til rektorane skiftar, kan vere ein god ting, men det er ope val, og alle kvalifiserte kan stille. Det viktigaste er ikkje kva fakultet kandidatane kjem frå, men at dei har forståing for UiB som heilskap.

Dekan på Det medisinske fakultetet, Per Bakke, ser ikkje for seg ei framtid som rektor for UiB.

— Eg er ikkje aktuell, slår han fast.

Eg har ikkje landa på noko. Eg har to år igjen av min rektorperiode, og er veldig fokusert på dei oppgåvene eg har som viserektor.

Viserektor Oddrun Samdal

Men han har eit synspunkt på ei gruppe rektor bør komme frå.

— Eg synest vi treng ei kvinne. Det har berre vore éin kvinneleg rektor på UiB så langt.

I rektoratet kan det òg vere framtidige rektorkandidatar.

Viserektor Oddrun Samdal har ikkje tenkt så mykje på eit eventuelt rektorkandidatur.

— Eg har ikkje landa på noko. Eg har to år igjen av min rektorperiode, og er veldig fokusert på dei oppgåvene eg har som viserektor.

Kva organisasjonen tenkjer og kva konstellasjonar som finst blir avgjerande for kva rektorkandidatar som kjem til å stille, trur ho.

— Eg trivst godt i den leiarfunksjonen eg har, og det gjer at eg har lyst til å tenke gjennom saka litt skikkeleg, seier Samdal.

Annelin Eriksen. Foto: Silje Katrine Robinson
Annelin Eriksen. Foto: Silje Katrine Robinson

Viserektor Annelin Eriksen har ikkje byrja å tenke på om det er aktuelt for ho å vere kandidat.

— No tenker eg mest på å overleve i varmen i 42 grader i Sør-Frankrike. To år er lenge til, og eg har ikkje byrja å tenke på det. Eg fokuserer på den jobben eg har no, og så får vi sjå kva framtida bringer, seier Eriksen til På Høyden.

Robert Bjerknes. Foto: Tor Farstad
Robert Bjerknes. Foto: Tor Farstad

Viserektor Robert Bjerknes svarer slik på spørsmålet om det er aktuelt for han å stille som rektorkandidat i 2021:

— Det har eg ikkje tenkt på, nei. God sommar!

Prorektor Margareth Hagen er heller ikkje klar for spørsmålet om rektorambisjonar:

Eg tenker at det er altfor tidleg å spørje om det, og det er altfor tidleg for meg å svare. Det er for tidleg å ta den debatten

Prorektor Margareth Hagen

— Eg tenker at det er altfor tidleg å spørje om det, og det er altfor tidleg for meg å svare. Det er for tidleg å ta den debatten, meiner Hagen.

Men Hagen har òg blitt spurd av andre om ho kjem til å vere kandidat.

— Eg har fått spørsmål. Men no er eg prorektor, og skal framleis vere det i to år til.

At rektoren er vald, og ikkje tilsett, er viktig for ho.

— Vi får håpe at det blir val på rektor, og det reknar eg med, seier Hagen, og legg til:

— Eg er ikkje bekymra for det, og eg trur det skal mykje til for at ikkje framleis skal bli vald rektor.

Hagen ser ikkje på å vere vald rektor som ein måte ein bør

— Å vere rektor er ikkje ein karriere. Det er eit verv som er større enn personlege ambisjonar, og slik håpar eg at den framtidige rektoren vil tenke òg.

Anne Christine Johannessen. Foto: Tor Farstad
Anne Christine Johannessen. Foto: Tor Farstad

Tidlegare viserektor Anne Christine Johannessen var ein del av Dag Rune Olsens første rektorat. Ho skriv i ei melding til På Høyden at det ikkje er aktuelt for henne å stille som rektorkandidat.

Anne Lise Fimreite var prorektor saman med Olsen frå 2013 til 2017, og har på same måte som Johannessen starta for fullt opp med forsking igjen.

Anne Lise Fimreite. Foto: Tor Farstad
Anne Lise Fimreite. Foto: Tor Farstad

— Eg synest det er altfor tidleg å byrje å diskutere rektorkandidatar. Det sitjande rektoratet er berre halvvegs i sin periode, og dei treng ro, seier Fimreite.

— Akkurat no ser eg ikkje for meg at eg kjem til å bli nokon rektorkandidat. Eg har jo aktivt gått ut av det. Og eg synest at eg har brukt mykje ressursar dei siste to åra på å komme tilbake som forskar.