Erna Solberg inntok Dr. Fridtjof Nansen for å presentere regjeringa sin havstrategi.
Erna Solberg inntok Dr. Fridtjof Nansen for å presentere regjeringa sin havstrategi.

Vil bli verdsmeistar på havet med forsking

Publisert

Regjeringa vil satsa meir på klynger og samarbeid på tvers av havnæringane og forskingsmiljøet.

Tysdag presenterte statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland regjeringa sin havstrategi om bord på forskingsskipet forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen. 

Havstrategien til regjeringa inneheld for det mest kjent politikk, og er for det meste ei oppsummering av igangsette og framtidige prosjekt, som allereie er kjende.

Forsking er sentralt i strategien, og slik sett positivt for universitets- og høgskulesektoren: Ordet «forskning» er nemnd 225 gonger i den 106 sider lange strategien, og ambisjonane er store.

– Målet er at  Noreg skal vera den nasjonen som verda ser til, og som er ein føretrekt partnar for forskarar, og alle som søker kunnskap om havet og forvalting av havressursar, sa Solberg under framlegginga. 

– Viktig for Bergen

UiB-rektor Dag Rune Olsen, følgde framlegginga og er fonøgd med at regjeringa vil vidareføra forsterka innsatsen på hav gjennom forsking, innovasjon og utdanning. 

– For det første er det viktig for oss at dei anerkjenner området, det er viktig for Hordaland Bergen, og UiB. Bergen er verdas 13. største by innan marin forsking. Ein sånn strategi, som peikar på at kunnskap og utdanning skal bringa oss dit, er viktig for oss, seier Olsen.

Trur på marin klynge

Olsen var spent på om det kom signal knytt til satsinga på ei marin forskingsklynge i Bergen. 

– Det som står i strategien er at konsekvensutgreiinga som foreslår å samlokalisera dei marine forskingsmiljøa, skal følgast opp.  Det er sett av midlar til det, og det er me begeistra for. Ein har sett i gong ein so kalla KS1, som er ein kvalitetssikring av rapporten som kom på nyåret.

Han fekk spurd Næringsministeren om korleis framgongen i arbeidet vil bli, som kom med positive svar. 

– Me reknar med å få svar på denne første kvalitetssikringa i sommar, seier Mæland, som seier det endelege utgreiingsarbeidet kan vera ferdig i starten av 2018, seier Mæland.

Ho har tru på ei samlokalisering i Bergen. 

– Regjeringa har jobba med å styrka klyngesatsing over tre og eit halvt år gjennom innovasjon Noreg, det gjeld ikkje minst klyngene i Bergen. Utgangspunktet er fornuftig, seier Mæland.

– For oss er det viktig at prosjektet blir følgt opp og at me får pengar og kan realisera bygg for samlokalisering. Det burde gå an å starta byggeprosessen til neste år då, seier Olsen optimistisk.

– Gode og konkrete mål

I strategien står det at Havbruks- og petroleumsnæringane skal utviklast vidare, og forsking og innovasjon blir då særleg viktig, enten det gjeld dyrking av tare eller mangedobling av fiskeoppdrett. For å nå måla regjeringa set opp må kunnskapsgrunnlaget bli betre.

Eit døme er mineralutvinning frå havbotnen. Der er utforskinga av Den midt-atlantiske rygg viktig, som forskinga til professor Rolf Birger Pedersen ved UiB er heilt sentral i. Det er usikkert om prosjekt som inneber industriell gruvedrift på mange tusen meters djupne nokon gong vil kunne bli lønsame, og det trengst uansett mykje forsking for å finne svaret.

Direktør i Havforskingsinstituttet, Sissel Rogne synest det er gode og konkrete mål i strategien.

– Det er veldig spennande det som dei kjem med, det er tydeleg at det blir satsa vidare, seier Sissel Rogne.

Og å seia at ein skal bli best i verda på hav, er ikkje å satsa for høgt, meiner ho. 

– Me har moglegheita for å bli best i verda på hav, og det er viktig å setta seg håreta mål, seier Rogne. 

Innovasjonsprosjekt som større havbruksanlegg lengre til havs er med i strategien. Muleg dyrking av tang og tare er òg, saman med CO2Bio, som tek sikte på å utvinne omega 3-rikt laksefôr ved hjelp av algar og fanga CO2 frå Mongstad.

Havvind og marin bioprospektering – altså utnytting av genar og biomolekylar frå marine artar – er og med på den lange lista over mulege marine satsingar. Så vil forskinga vere med på å avgjera kor pengane skal setjast inn.