John Stegeman og andre amerikanske forskarar møter norske kollegaer i Bergen denne veka. Planen er å ha ein årleg konferanse, vekselvis i Bergen og Woods Hole, Massachusetts.
John Stegeman og andre amerikanske forskarar møter norske kollegaer i Bergen denne veka. Planen er å ha ein årleg konferanse, vekselvis i Bergen og Woods Hole, Massachusetts.

– Hava er no annleis enn dei var for 100 år sia

Publisert

Det skuldast kjemiske stoff som er spreidde over heile verda, seier havforskaren John Stegeman, som leiar Senter for hav og folkehelse ved USAs største frittståande havforskningsinstitutt. Framover vil dei samarbeide med den marine klynga i Bergen.

Denne veka er forskarar frå USA og Bergen samla på konferansen Ocean Outlook 2015, som er den første i sitt slag. Konferansane skal framover haldast annankvart år i Bergen og småbyen Woods Hole sør for Boston. Der ligg instituttet Stegemann jobbar ved: Woods Hole Oceanographic Institute, eller WHOI blant vener.

Woods Hole Oceanographic Institution (WHOI)

  • WHOI (uttalast /ˈhi/) er det største, frittståande havforskingsinstituttet i USA, med over 1000 tilsette. Årsbudsjettet er på kring 1,6 milliardar norske kroner.
  • Dei held til i ei småby i Massachusetts, sør for Boston.
  • Instituttet forskar på havet langs kysten, djuphavet, marint liv og klimaendringar. Dei har òg doktor- og mastergradsprogram.
  • WHOI driv tre forskingsskip og ei rekke undervassfarkostar.  

Leiande på marin forsking
WHOI er eit av dei leiande marine forskingssentra i verda, fortel Øyvind Paasche, som er prosjektleiar for Bergen marine forskingsklynge.

Forskingsklynga i Bergen innleier no eit samarbeid med WHOI, som Paasche har store forhåpningar til. Hav og helse er eit av temaa Bergen og Woods Hole har til felles, og er forskingstemaet til Stegeman.

– Å forstå mellom anna klimaet, havnivået og korleis dette vil påvirke folk og artar er svært viktig. Miljøet vil bli utsett for stor risiko i store delar av verda, sier Stegeman.

Portalar til kvart land
Han ser fram til eit tettare samarbeid med Bergen, som har eit av dei største havforskingsmiljøa i Europa.

– Vi tenkjer at Bergen og Woods Hole er portalar til eit endå større forskingsmiljø i dei to landa, seier Stegeman.

Sjølv har han forska mykje på giftstoff i havet.

– Giftstoffa vi er urolege for er til dømes PCB, tjærestoff, metall som metylkvikksølv, insektsgifter som DDT, nanomaterial, bromerte flammehemmarar, ulike medikament og produkt til personleg pleie. Det totale talet på kjemiske stoff i havet er fullstendig svimlande, seier han.

Utal av giftstoff
I Woods Hole har dei særleg forska på kjemiske stoff som påvirkar gena.

– Det finst 209 kjemiske strukturar berre av PCB. Kor klormolekyla sit er svært viktig for korleis dei kjemiske stoffa virkar. Den biologiske variasjonen virkar òg ulikt på ulike artar. Molekyla kan til dømes reagere på meir enn 5000 ulike måtar på dioksin. Vi må finne alle giftstoffa, forstå mekanismane og avgjere kva som er helsefarlege nivå av dei ulike stoffa, seier forskaren.

Men forskinga må og sjå på dei positive helseeffektene av havet og endringar som skjer der.

– Det finst medikament og anna som kan utvinnast frå sjøen. Og å vere ved sjøen er òg positivt for den mentale helsa. Vi har ikkje forska mykje på dette i USA, men i Storbritannia har dei forska på det i ei årrekkje, og funne at det virkar inn på stress, blodtrykk og oppleving av smerte.