Bergen kommune leiger deler av Nygård skole. Det vil dei gjerne halda fram med i nokre år til, og det uroar studentane. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Bergen kommune leiger deler av Nygård skole. Det vil dei gjerne halda fram med i nokre år til, og det uroar studentane. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Kommunen vil forlenga leigeperioden. Studentane synest det er ein dårleg idé.

— Det er svært kritisk om me ikkje kjem i gang med studenthus no, seier styrerepresentant Erlend S. Grønvold. Bergen kommune ønskjer å leiga Nygård skole i fleire år til.

Publisert   Sist oppdatert

— Dersom me må venta til 2023 vert det ytterlegare forseinkingar på eit prosjekt som vart starta for om lag ti år sidan, seier Erlend S. Grønvold.

Han er studentrepresentant i universitetsstyret.

I universitetsstyremøtet førre veke vart det stilt spørsmål ved Nygård skole. UiB eig bygget, men Bergen kommune leiger lokale, som vert brukt til opplæringssenter for vaksne. No har kommunen bede om å få forlenga leigeperioden. UiB har sagt nei. Men så tok byråd Erlend Horn kontakt.

Skal til Landås på sikt

— Aktivitetane som i dag går føre seg på Nygård skole skal på sikt etablerast i den gamle lærarskulen på Landås. Men ombygging der er ikkje ferdig før i 2022 eller 2023. Me håpar å kunne gå i dialog med UiB om ei løysing i ein overgangsfase, slik at det ikkje vert ei suboptimal løysing for vaksenopplæringa, seier Horn.

Han er byråd for sosial, bustad og inkludering.

Erlend Horn er byråd for sosial, bustad og inkludering i Bergen kommune. Biletet er frå då han var rådgivar for rektor Dag Rune Olsen. Foto: Dag Hellesund
Erlend Horn er byråd for sosial, bustad og inkludering i Bergen kommune. Biletet er frå då han var rådgivar for rektor Dag Rune Olsen. Foto: Dag Hellesund

I dag nyttar Griegakademiet òg ein del av Nygård skole. Griegakademiet er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design, og skal etter planen flytta til eit nybygg på Møllendal. Men arbeidet med bygget kan ikkje starta før arbeidet med det planlagde bybanestoppet er ferdig, truleg sommaren 2021. Bygget skal byggast og eigast av Statsbygg, og det låg inne prosjekteringsmidlar i statsbudsjettet for i år.

Reiv bygg i 2008

Universitetsstyret vedtok i fjor haust at deler av Nygård skole skal brukast til hus for studentorganisasjonane. Den gamle studentvillaen vart riven i 2008, og kommunen kom med innsigelsar mot den tomten UiB hadde tenkt å bruka til ny studentvilla. Planen er at studentorganisasjonane, som i dag er spreidd på ulike adresser, skal kunne samla seg i bygget – eit litt langt steinkast unna Kvarteret.

Erlend Grønvold meiner det er kristik om studentane må venta lenger. Foto: Hilde Kristin Strand
Erlend Grønvold meiner det er kristik om studentane må venta lenger. Foto: Hilde Kristin Strand

– Studentane skal ha ein liten del av bygget, så det bør vera mogleg å finna kombiløysingar, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm før han skal på møte med byråden.

Grønvold er ikkje samd.

– Viss det er plass til det, er det jo flott. Men situasjonen er kritisk, og det er mange studentorganisasjonar som ønskjer seg plass. Å driva med undervisning i eit bygg som samstundes vert bygd om er heller ikkje optimalt, meiner han.

Eigentleg skal Bergen kommune flytta ut innan utgangen av året.

— Alt vil hjelpa på, seier Horn som svar på kor lenge kommunen helst vil verta verande på Nygård skole.

Vil ikkje røpa noko

Kva som skjer med resten av Nygård skole, når både kommunen og Griegakademiet har flytta ut, er førebels ikkje kjent. Universitetsdirektøren held korta tett til brystet.

— Dette er det prosessar på, men det har eg ikkje tenkt å fortelja noko om endå, seier han.