Ragnhild Bjørge. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK
Ragnhild Bjørge. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Bjørge ny redaksjonssjef for Khrono i Bergen

Ragnhild Bjørge startar i nyoppretta stilling som redaksjonssjef for Khrono, med arbeidsplass i Bergen, frå hausten.

Publisert   Sist oppdatert

I dag er ho språksjef i NRK. Frå hausten flyttar ho over til 8. etasje i Tårn 1 på Media City Bergen og blir ny redaksjonssjef i Khrono.

Ragnhild Bjørge blir redaksjonssjef for Khrono i Bergen. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK
Ragnhild Bjørge blir redaksjonssjef for Khrono i Bergen. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Ragnhild Bjørge (42) har jobba i fleire år i Dagsnytt og dei siste åra som språksjef i NRK. Ho har ein master i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og ho har studert juss og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Bjørge vil gå inn i leiinga i Khrono og blir ein viktig person i den vidare satsinga på avisa.

— Eg er svært glad for at Ragnhild takka ja til jobben. Ho vil styrke Khrono-laget og blir sentral i den vidare utviklinga av avisa, seier ein nøgd redaktør Tove Lie.

— Khrono er på kort tid vorte den viktigaste kjelda til nyheitsstoff frå høgare utdanning, seier Bjørge sjølv, og fortsetter:

Khrono er på kort tid vorte den viktigaste kjelda til nyheitsstoff frå høgre utdanning.Ragnhild BjørgeNy redaksjonssjef i Khrono

— Det som skjer på dette feltet får følgjer for heile samfunnet. Difor treng Noreg ei avis som leverer god og kritisk journalistikk om dette. No gler eg meg til å vere med på å utvikla avisa vidare i lag med dei dyktige journalistane i redaksjonen.

Khrono har også nettopp lyst ut fire journaliststillingar. Og i løpet av hausten vil Khrono, som også gir ut nyhetsavisa På Høyden for Universitetet i Bergen, vere 13-14 tilsette med kontor i Oslo, Bergen og Brussel. I tillegg skal det byggast opp studentredaksjonar i både Bergen og Oslo.