Statsminister Erna Solberg var ein av dei som deltok på den første Berekraftkonferansen ved UiB i 2018. Her saman med rektor Dag Rune Olsen.
Statsminister Erna Solberg var ein av dei som deltok på den første Berekraftkonferansen ved UiB i 2018. Her saman med rektor Dag Rune Olsen.

Berekraftkonferansen: — Vi må gå frå ord til handling

Klima, biologisk mangfald, ulikskap – verda er ikkje i rute. På SDG-konferansen i Bergen skal teknologar, industrifolk, politikarar og forskarar snakke om korleis vi kan skape handling.

Publisert Sist oppdatert

— Dette må vere tiåret der vi går frå ord til handling, frå inacation til action, som er tema på konferansen, seier leiar for den nasjonale SDG-konferansen, Annelin Eriksen. Ho er viserektor for globale relasjonar ved Universitetet i Bergen, som er vertskap for konferansen. SDG er ei forkorting for Sustainable Development Goals, på norsk berekraftsmåla.

Bærekraftkonferansen

Den tredje nasjonale Bærekraftskonferansen (SDG Conference Bergen) avholdes 5. til 7. februar 2020.

Her møter universitets- og høyskolesektoren i Norge beslutningstakere, frivillige organisasjoner, næringsliv, fagbevegelse og andre for et kritisk blikk på hvordan sektoren skal jobbe med Bærekraftsmålene.

kjelde: UiB

Går feil veg

Nytt av året er lansering av ei årleg «The Bergen SDG Lecture». I år er det Peter Messerli som får oppdraget. Han er direktør ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Bern i Sveits og leia arbeidet med FNs Global Sustainable Development Report i fjor.

Viserektor for globale relasjoner ved UiB, Annelin Eriksen. Foto: Silje Katrine Robinson
Viserektor for globale relasjoner ved UiB, Annelin Eriksen. Foto: Silje Katrine Robinson

FNs generalsekretær, António Guterres, har åtvara om at verda ikkje ligg an til å nå berekraftsmåla (SDG – Sustainable development goals) – ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, jobbe mot ulikskap og stanse klimaendringane innan 2030. Måla vart vedtekne av alle FN-land i 2015. FN-rapporten peikar på fire kriser; klima, biodiversitet, avfall og auka ulikskap. På alle område ligg verdas land dårleg an i arbeidet med å nå måla som er sett.

Eriksen meiner konferansen i år har ei svært brei tilnærming, og på programmet står toppfolk frå akademia, industri- og teknologimiljø frå dei fleste kantar av verda.

I fjor tok Eriksen og konferansen sjølvkritikk for å mangle representantar frå ikkje-vestlege land, samstundes som tema då var global ulikskap.

— Betre balanse

— I år meiner eg vi har ein betre balanse, seier Eriksen.

Ein av dei som stiller er den sørafrikanske universitetsleiaren Adam Habib, som i fjor måtte kansellere.

Dagen før hovudkonferansen går Day Zero av stabelen, eit breiddearrangement med meir enn 30 arrangement.

— Det er meir enn dobbelt så mange som i fjor, og her er det noko for ein kvar smak, seier Eriksen.