Bildet viser støvskya etter ei kontrollert sprenging av 100 kubikkmeter stein frå Tveitanuten over Tyssedal. Storskreda i Hardangerfjorden kan reknast i millionar kubikkmeter. Foto: Youtube
Bildet viser støvskya etter ei kontrollert sprenging av 100 kubikkmeter stein frå Tveitanuten over Tyssedal. Storskreda i Hardangerfjorden kan reknast i millionar kubikkmeter. Foto: Youtube

Har oppdaga 19 storskred i Hardangerfjorden

Publisert

Det har gått 19 storskred i Hardangerfjorden, og det kjem til å skje igjen. Men det er ikkje skred forskar Benjamin Bellwald er redd for når han køyrer langs norske fjordar.

Når Kristoffer Joner spring for livet i katastrofefilmen «Bølgen» er det langt frå første gong enorme skred råkar norske fjordar. Skredet, som ein dag vil gå ved Åkneset, er berre eit av mange, store skred der bratte fjellveggar raser i djupe fjordar.

Katastrofalt etter istida
Sidan isen forsvann for 12 000 år sia, har det gått 19 store skred berre i Hardangerfjorden.

Særleg var det ille dei tre første tusenåra etter istida.

– Vi hadde katastrofale tilhøve for mellom 11 300 og 8150 år sia, fortel Bellwald, som utforskar dei store skreda ved å studere havbotnen i Hardangerfjorden.

Så tok skreda ein pause for mellom 8000 og 4000 år sia. Men no er altså aktiviteten i gang igjen.

– I løpet av dei 4000 siste åra har vi hatt eit lokalt skred i gjennomsnitt kvart 1000. år, seier Bellwald.

Dataa han jobbar med er innhenta med forskingsfartøyet G. O. Sars (biletet under). På tokt har dei innhenta både batymetriske data – altså kartdata frå havbotnen – seismiske data, som viser laga nedover i havbotnen, og sedimentprøver, tekne med lange røyr som blir støytt ned i botnen med eit lodd som veg fleire tonn (biletet).

Dei seismiske målingane kan nå 100 til 200 meter ned i sedimentlaga på havbotnen, og dei kan vise alle laga som ligg nedover med ei oppløysing på 30 cm. Målingane gjort for doktorgradsarbeidet til Bellwald har vist at dei underliggjande laga ikkje har blitt skadd av nye ras, og fjordbotnen er difor eit arkiv i fullskala over historiske ras 11 000 år tilbake i tid. Dei fleste av dei 19 storskreda har truleg samanheng med tsunamiar. 

Kan sjå Storeggaraset
– Vi har òg sett spor av Storegga-tsunamien i Hardangerfjorden, fortel professor Berit Oline Hjelstuen ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen. Ho er rettleiar for Bellwald, og dei er begge ein del av EU-prosjektet GLANAM (Glaciated North Atlantic Margins), som kartlegg korleis isen har dekt område i Nordatlanteren i ulike epokar.

Det har gått eit stort skred i Hardangerfjorden på same tid som det enorme Storeggaraset, som gjekk for kring 8100 år sida. Men forskarane veit ikkje om skredet er utløyst av tsunamien Storeggaraset skapte, eller om eit jordskjelv kan ha utløyst fleire skred på same tid.

13 meter sedimentlag
Men eit skred i Hardangerfjorden er særleg stort: Det etterlet seg eit 13 meter tjukt lag med sedimentar på botnen.

– I dette skredet ligg det 180 millionar kubikkmeter masse, fortel Bellwald.

SKREDARKIVET: I Hardangerfjorden ligg det lag på lag med ras. Steinen i botnen blir mørkare prikkar, mens sedimenta legg seg meir kompakt oppå. 

Til samanlikning er det 54 millionar kubikkmeter stein som kan rase dersom heile fjellpartiet i Åkneset på Sunnmøre går i sjøen på ein gong. Men skreda – og flodbølgjene dei skaper – vaskar med seg masse sediment. Det ligg om lag 30 millionar kubikkmeter stein etter eit skred, som har gått like ved Hardangerbrua. Dette kan vere det store skredet som har utløyst totalt 180 millionar kubikkmeter masse, som etterkvart har sokke til botnen, men forskarane er ikkje sikre på dette enno. Mens steinen legg seg i løpet av minutt, kan det ta fleire veker før sedimenta ligg i ro på botn. 

Ved å sjå korleis dei ulike partiklane ligg kan forskarane difor slå fast at steinmassane har rast ut i løpet av få minutt.

Jordskjelv og regn
Bellwald ser på ulike faktorar som kan ha utløyst skreda: Jordskjelvaktiviteten kan ha vært høgare like etter at istida var over, og jordskorpa i vår del av verden var i ferd med å løfte seg etter å ha vore tynga ned av isen.

– På den tida trakk isen seg tilbake med 240 meter i året i Hardangerfjordsystemet, fortel Bellwald.

Eit særleg fuktig klima med mykje nedbør kan òg ha ført til fleire skred.

Stein frå sedimentprøve

Kan ha rast frå seg
Men kva med framtida i eit fjordlandskap som har hatt mange skred allereie, og det framleis er fjell som ikkje ligg i fjorden?

– Risikoen for å få eit stort skred som legg frå seg eit 13 meter høgt lag er svært låg. Men mindre skred kan komme. Med ein frekvens på eit skred per tusen år er risikoen liten. Det farlegaste vil vere steinskred eller jordskjelv. Men i Hardangerfjorden kan dei verste skreda allereie vore utløyste, seier Bellwald.

Benjamin Bellwald og Berit Oline Hjelstuen har lagra sedimentkjerner frå rasa på kjølelager i Realfagbygget. 

Utsett i Eidfjord
Men framleis finst det risikable område.

– Den høgste risikoen er truleg i Eidfjord, der elva renn ut, og fjellveggane er svært bratte, seier Bellwald.

Under vatn ligg det mykje sediment inst i fjorden, og det kan vere ein risiko for at desse kan lage eit undersjøisk skred, som kan skape ei flodbølgje. I tillegg kan det gå skred frå dei bratte fjellveggane, som òg kan lage flodbølgjer.

– Er du redd for ras når du reiser i slike områder?

– Eg tenkjer på risikoen, men eg er ikkje redd. Risikoen er låg, og det er farlegare å køyre bil enn den risikoen vi finn i naturen. 

Til samanlikning viser videoen over ei kontrollert sprenging av 100 m3 stein frå Tveitanuten over Tyssedal.Raset byrjar på ca. 2.16.