Bauhaus, ei retning innan kunst og arkitektur, er 100 år og står på programmet for studentane ved Fakultet for kunst, musikk og design denne veka. Frå venstre: Ida Haugen Maribo, Anais Stølen, Elias Henriksen, Elise Nordstad Kolby og Axel Bryhn. Foto: Njord V. Svendsen
Bauhaus, ei retning innan kunst og arkitektur, er 100 år og står på programmet for studentane ved Fakultet for kunst, musikk og design denne veka. Frå venstre: Ida Haugen Maribo, Anais Stølen, Elias Henriksen, Elise Nordstad Kolby og Axel Bryhn. Foto: Njord V. Svendsen

Slår seg laus med Bauhaus

Hundre år etter stiftinga av Bauhaus-skulen på eit fakultet i Tyskland jubilerer studentar og lærarar på eit fakultet i Bergen.

Publisert

Bauhaus?

Ja, det er ei byggevarekjede. Ja, det var eit britisk punkband.

Bauhaus

Tysk skule for arkitektur, design og kunsthandverk, oppretta av Walter Gropius i Weimar i 1919.

Har hatt stor betydning for industrielle formgiving og utvikling av funksjonalisme i arkitekturen.

Skulen var verksam frå fram til 1933 i Weimar, Dessau og Berlin før den vart oppløyst av nazistane i 1933. Mange av føregangsfigurane emigrerte etter dette, mellom annan til USA.

Mange kjente kunstnarar og teoretikarar har vore knytt til skulen. Blant dei er Vasilij Kandinskij, Paul Klee, Lázló Moholy-Nagy,Johannes Itten, Josef Albers, Marcel Breuer og Max Bill.

kjelde: snl.no

Men framfor alt var og er Bauhaus ei mangfaldig og viktig retning innan kunst, arkitektur og handverk. Poenget for grunnleggarane på kunstakademiet i Weinar i Tyskland i 1919 var nettopp å bygge bru mellom desse skapande faga.

Det er akkurat det dei driv med på Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen også.

Der, i det Bauhaus-inspirerte bygget i Møllendalen, har dei jubilert for Bauhaus denne veka, akkurat som det er blitt gjort på tallause kunst- og arkitektskular kloden rundt. Seminar, forelesingar og workshops med film, musikk og debattar. For å hylle bauhausarane.

Og nyansere:

«I hate the Bauhaus so much», har professor Duncan Higgins titulert sitt foredrag.

Fullt så sterke meiningar har studentane Elise Nordstad Kolby og Axel Bryhn ikkje.

— Nei …, seier Bryhn.

— Eh, nei …, seier Kolby.

Dei veit derimot at dei vil lære om Bauhaus, at det står på pensum og at dei no er her for å bygge kulissar til bauhausfesten som skal avslutte jubileet torsdag, med framvising av arbeid studentane har stått for siste dagane.

Denne veka har kunst- og designstudentane bygd, uttrykt og feira i Bauhaus-skulen si ånd. Foto: Njord V. Svendsen
Denne veka har kunst- og designstudentane bygd, uttrykt og feira i Bauhaus-skulen si ånd. Foto: Njord V. Svendsen

Så får dei sjå. Han trur han vil satse på møbeldesign. Ho lurer på møbelsnekkar. Dei kan tenke medan dei lagar kulissar til festen.

Ein som har bygd seg ei karriere med Bauhaus i både fundament og tverrbjelkar, er professor i bildekunst, Eamon O’ Kane. For bildekunsten har også ein sentral plass i Bauhaus-skulen. Paul Klee, Vasilij Kandinskij er kanskje dei to mest kjente målarane som tok del i prosjektet.

— Og musikk er viktig, også i Bauhaus, seier O’Kane.

Han er DJ for torsdagen.

— Musikk var sentralt for mange som arbeidde ved Bauhaus frå starten.

Torsdag blir det elsk, hat, kunst, arkitektur, design og utstilling, men ingen byggevarekjeder. Og britisk punk. På fest for Bauhaus.