Tidlegare matminister Bård Hoksrud likar forslaget om kjøtfritt julebord svært dårleg. Foto: Torbjørn Tandberg
Tidlegare matminister Bård Hoksrud likar forslaget om kjøtfritt julebord svært dårleg. Foto: Torbjørn Tandberg

Frp-Hoksrud om kjøtfritt julebord: Utruleg dårleg forslag

— Politisk korrektheit på sitt verste, seier Frp-politikar Bård Hoksrud om at Universitetet i Bergen skal ha kjøtfritt julebord.

Publisert   Sist oppdatert

1700 tilsette ved Universitetet i Bergen vert invitert til julebord utan tradisjonell julemat i år, har På Høyden tidlegare skrive. Det vert servert fisk og vegetarrettar. Saka har skapt engasjement, og var tema i Dagsnytt18 tysdag.

— Håplaust dårleg forslag, var Bård Hoksrud si tilbakemelding.

Han sit på Stortinget for Framstegspartiet, og er i tillegg tidlegare matminister. Hoksrud møtte Synnøve Myhre til debatt. Ho er fakultetsdirektør for Fakultet for kunst, musikk og design, som i år har ansvar for UiB-adminsitrasjonen sitt julebord.

Dette er politisk korrektheit på sitt verste.

Bård Hoksrud

— Dette er politisk korrektheit på sitt verste, sa Hoksrud.

— Det er eit utruleg dårleg forslag. Det er snakk om ein gong i året. Ein skal få eta alt anna, og då meiner eg at dei som ønskjer norsk tradisjonsmat skal få lov til å eta det.

Eigeninnsats

Ideen om det kjøtfrie julebordet vart presentert då UiB arrangerte klimadebatt førre veke.

— Me er ein sektor i endring, og eit universitet som tek klima på alvor. Det krev ein liten ekstrainnsats, sa Myhre, og viste til at noko av det studentane seier at dei er villige til å endra på for å gjera noko med klimautsleppa, er nettopp mat og kjøt.

— Me ønska eit annleis julebord for våre tilsette, og eg trur nok dei vil få servert tradisjonell julemat i andre samanhengar. Ein treng ikkje eta julemat tre gongar før jul, det er noko med å gle seg ekstra til den julemiddagen, sa Myhre.

Kjøt på lager

— Ein kan eta to måltider med kjøtkaker dagleg i 18 år og få det same utsleppet som dersom ein flyg tur-retur Thailand, hevda Hoksrud.

Han sa at han ikkje likar haldninga om at dei som vil ha kjøt ikkje skal få det.

— Som tidlegare matminister veit eg at det er mykje kjøt på lager som me gjerne skulle fått ete opp, sa Hoksrud.

Julebordet er 13. desember, og spørsmålet er om det kjem ein ekstra gjest frå aust. Myhre inviterte nemleg Hoksrud til UiB-julebordet.