UiB-rektor Dag Rune Olsen er særleg nøgd tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet, som berømmer UiB for det internasjonale arbeidet. Foto: Ingvild Festervoll Melien
UiB-rektor Dag Rune Olsen er særleg nøgd tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet, som berømmer UiB for det internasjonale arbeidet. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Får skryt internasjonalt, men stryk på bachelor

Det var god stemning då UiB fekk karakterboka si før sommaren, gjennom det årlege etatsstyringsmøtet. Men på nokre punkt står innsatsen til stryk.

Publisert   Sist oppdatert

Tilbakemeldingane blei presenterte i universitetsstyremøtet i førre veke.

Kunnskapsdepartementet konstaterte mellom anna at UiB gjorde det så bra på EU-tildelingar at det gav meir meining å samanlike seg med andre nordiske universitet enn dei fleste av dei norske. Dag Rune Olsen hadde ei klar vurdering av møtet med eigarane:

— Det var kjempegøy!

Mange klappar på skuldra

UiB får anerkjenning for strategien sin, men departementet forventar og at ambisjonane blir realiserte.

Kunnskapsdepartementet er særleg positivt til at UiB har tatt ei leiande rolle i UH-sektoren for å finne ut korleis universitet og høgskular kan bidra til å nå FNs berekraftsmål. UiB har blant anna sett i gang ein årlig berekraftskonferanse for heile sektoren.

UiB ligg godt an når det gjeld søkarar til dei fleste studieprogramma.

Stryk for bachelor

Men på nokre punkt har UiB òg en lang veg å gå.

— Når det gjeld gjennomføringa i bachelorprogramma brukte avdelingsdirektør Rolf Larsen omgrepet stryk, fortel universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Produksjonen av tannpleiarar er heller ikkje god nok, synest departementet.

Må vere lov å skifte kurs

Når det gjeld bachelorgjennomføringa, har UiB sett i gang eit analysearbeid for å finne ut korfor dei slit.

— Det vi har sett så langt er at problemstillinga er ganske komplisert, seier Bernstrøm.

UiB-styret ga signal om at det er viktig å sjå på manglande bachelor-gjennomføring frå litt ulike vinklar.

— Er alt fråfall slik det framstår i rekneskapa Nei, det må vere lov å slutte på eit bachelorprogram og byrje på eit anna, meiner rektor Olsen.

Les heile tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet her.