12 nye yngre forskarar i Akademiet, deriblant ein frå Universitetet i Bergen

Akademiet for yngre forskarar har teke opp nye medlemmar. Malgorzata A. Cyndecka frå Universitetet i Bergen er ein av dei nye.

Publisert

Dei nye medlemmane er tekne inn i Akademiet for yngre forskarar (AYF) for perioden 2019-2023. I den nye perioden vil Akademiet til saman ha 34 medlemmar frå ulike forskingsinstitusjonar, skriv AYF på sine heimesider.

Malgorzata Cyndecka, UiB. Foto: Eirik Holmøyvik
Malgorzata Cyndecka, UiB. Foto: Eirik Holmøyvik

Dei 12 nye medlemmane er: Alexander H. Sandtorv (Universitetet i Oslo), Anne Tjønndal (Nord Universitet), Jonas Stein (UiT - Norges arktiske universitet), Jørgen Bølstad (Universitetet i Stavanger), Lina Ingeborgrud (NTNU), Malgorzata A. Cyndecka (Universitetet i Bergen), Marte C. W. Solheim (Universitetet i Stavanger), Michael A. Riegler (Simula), Nils Hallvard Korsvoll (Universitetet i Agder), Ragnhild F. Dale (Vestforsk), Simen Å. Ellingsen (NTNU), Thomas Gjesteland (Universitetet i Agder).

På sine heimesider skriv AYF at «kvaliteten på årets søkarar var svært høg, og dei valte medlemmane representerer ei god breidde i både geografi, fagfelt og institusjonssektor».

Vil jobbe for eit faktabasert ordskifte

Malgorzata Cyndecka er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho er den einaste UiB-forskaren som er teken opp i Akademiet i denne omgang.

— Medlemskapet er ei moglegheit til å kunne framheve det eg brenn for som forskar, forelesar og rettleiar, seier Cyndecka i ei pressemelding.

Ho har klare tankar om kva slags spørsmål ho ynskjer å jobbe med i AYF:

Malgorzata Cyndecka er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB).

Akademiet for yngre forskarar

Det Norske Videnskaps-Akademi tok formelt initiativ til å opprette eit ungt akademi i Noreg i 2013, og fekk støtte av Kunnskapsdepartementet over statsbudsjettet for 2014.

Den første søknadsprosessen for medlemskap opna våren 2015. Nærare 160 yngre forskarar søkte då om medlemskap.

Hausten 2015 vart dei første 20 medlemmane tatt opp.

Medlemskapet varer i fire år og ein blir teken opp på bakgrunn av søknad etterfølgt av intervju.

Akademiet kan maksimalt bestå av 40 medlemmar.

— Eg vil jobbe med spørsmål om korleis akademia kan sørge for at den offentlege debatten vert bygd på faktabasert kunnskap. Mangel på kunnskap om ulike konsekvensar av Norge si tilknyting til EU, eller betydninga av personvern for demokratiet, kan vere like farlig som mangel på kunnskap om vaksiner. I dag er det ikkje mangel på tilgang til informasjon som er problemet, det er i staden mangel på kritisk tenking og evne til å analysere den enorme mengda informasjon og data ein får, seier Cyndecka i pressemeldinga og legg til:

— Sidan det er spesielt unge menneske som er utsette for freistinga til å godta enkle, men ikkje nødvendigvis sanne svar på kompliserte spørsmål, er det særleg denne gruppa Akademiet bør fokusere på.

Desse har bestemt

AYF er ein tverrfagleg møteplass og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar. Akademiet skal vere ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena.

Dei som har vore med å velje inn dei nye medlemmane er fire av Akademiet sine eigne medlemmar: Sofie Snipstad, Eivind Valen, Alexander Refsum Jensenius, Marte Blikstad-Balas. I tillegg var Marianne Aasen, research director ved Simula og Eirik Holmøivik, professor ved det Juridiske Fakultet ved Universitetet i Bergen med som eksterne medlemmar i innvalskomiteen.

Les også: Akademiet sin strategi for 2017-2021