Inga ny sak, men like fullt ei sak som opptek både rektor og direktør: Skal UiB og dei fem andre utdanningsinstitusjonane som eig eigne bygg få halda fram med akkurat det? Foto: Hilde Kristin Strand
Inga ny sak, men like fullt ei sak som opptek både rektor og direktør: Skal UiB og dei fem andre utdanningsinstitusjonane som eig eigne bygg få halda fram med akkurat det? Foto: Hilde Kristin Strand

UiB-styret kritiske til at Statsbygg skal eiga

Om dei gamle universiteta skal få eiga bygga sine sjølve, har vore tema i dei 23 åra Kjell Bernstrøm har vore UiB-tilsett. Men han er meir uroa enn før.

Publisert   Sist oppdatert

Skal universitet og høgskular eiga bygga sine sjølve? Konsulentselskapet Capgemini seier ifølgje ein rapport Khrono har sitert nei, og meiner at Statsbygg bør overta ansvaret. Universitetet i Bergen er ein av berre seks institusjonar i sektoren som eig sine eigne bygg, og universitetsstyret er kritiske til planane om å la andre overta. Det er leiinga òg. Rektor Dag Rune Olsen har tidlegare sagt til Khrono at eigedomsfullmakta gir ein det spelerommet ein treng for å kunne fylla samfunnsoppdraget sitt.

Kreftene er sterkare no enn eg har sett tidlegare.

Kjell Bernstrøm

— Spørsmålet om dei gamle universiteta framleis skal eiga sine eigne bygg har vore eit tema sidan eg vart tilsett ved UiB. Det er 23 år sidan. Men kreftene er sterkare no enn eg har sett tidlegare, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm då han orienterte styret på deira maimøte.

Meiner økonomien vil verta svekka

Bernstrøm legg ikkje skjul på at han synest ei overføring av bygg til Statsbygg vil vera problematisk.

— Etter vår vurdering vil dette både svekka økonomien vår og gjera strukturen mindre fleksibel, sa Bernstrøm.

Han sa òg at universiteta har fått beskjed om at dei ikkje vil få tilgang til rapportane frå konsulentselskapet før etter regjeringskonferansen i august. Universiteta vil deretter få sjanse til å koma med tilsvar, før det skal fattast vedtak i løpet av året.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland har tidlegare sagt at ein først skal vudera om nybygget Norges miljø- og biovitskapelege universitet np byggjer på Ås skal overførast til Statsbygg. Utover det skal regjeringa gjennomføra ei nøyare kartlegging av sjølvforvalta eigedom.

Kven er sterkast?

Styremedlem Jørgen Melve peika på at UiB har bygg Statsbygg har lite røynsle med, som laboratoriebygg og freda bygg.

— Dersom dei overtek vil det òg gi oss mykje mindre fleksibilitet, sa han.

Denne saka er nok avhengig av kva departement som er sterkast i regjeringa.

Dag Rune Olsen

Sofie Marhaug peika på sjølvstyre og autonomi.

— Det er bra at rektor har kritisert planane. Studentparlamentet er òg svært kritiske til ei slik endring. I dag kan me til dømes diskutera kor UiB vil plassera ein ny studentvilla, det er ein type debatt me ikkje vil kunne ha dersom Statsbygg tek over, sa ho.

Rektor Olsen understreka at det ikkje er sektoren sitt departement, altså Kunnskapsdepartementet, som har ønska ei endring. Han har tidlegare sagt til Khrono at han opplever statsråd Iselin Nybø som lyttande til rektorane i denne saka.

— Men eg trur me kan slå i bordet med så mange tal og rasjonelle argument som me vil – denne saka er nok avhengig av kva departement som er sterkast i regjeringa.