Den store festdagen

Publisert

155 000 arbeidstimar har gitt UiB 2515 kvadratmeter storstove. Sjå bileta frå opningsfesten.

Publikum kjem spente inn i rommet. Dei smiler og nikkar til høgre og venstre, nokre klemmer kvarandre, andre ber på blomebukettar. Nokre har funne fram stasplagget, bunaden, til denne dagen.

Lengst framme ligg det namnelappar på stolane. Her sit statssekretær Bjørn Haugstad, dei tidlegare ministrane Gudmund Hernes og Audun Lysbakken, her sit tidlegare UiB-rektor Ole Didrik Lærum og noverande HiB-rektor Ole Gunnar Søgnen – og mange andre. Heilt fremst sit dei som snart skal få blomar og varm applaus for innsatsen: Tidlegare rektor Sigmund Grønmo og tidlegare universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken.

Det er Statsbygg som eig bygget nokre minutt til. Byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg ønskjer velkommen, og fortel om korleis det var her då ho første gong var i sørfløyen i juni i fjor.

– Det var heilt ribba, og det var slik at bygget knapt stod på eigne bein. Ein kunne framleis sjå etasjane inne, og det var stillas overalt. Men ein kunne ana eit rom og eit volum som kunne vera ein universitetsaula i Bergen verdig. Nede på prosjektkontoret låg eit massivt tregolv og ein prototype på ei lysekrune. Begge deler vitna om ein festsal som heilt greitt kan romma litt bergensk pomp og prakt, seier Sandberg.

Statsbygg har halde seg innan ramma på 303 millionar kroner, og dei har halde seg innan tidsfristen. Bygget er 2515 kvadratmeter, og heilt ombygd innvendig. 20 månader – og 155 000 arbeidstimar – har det teke å gjera aulaen til det rommet ein har i dag.