Journalistutdanninga ved UiB held til i Media City Bergen - saman med store deler av mediebransjen i byen. Foto: Dag Hellesund
Journalistutdanninga ved UiB held til i Media City Bergen - saman med store deler av mediebransjen i byen. Foto: Dag Hellesund

No er det vanskelegast å koma inn på journalistikkstudiet i Bergen

Universitetet i Bergen har gått forbi OsloMet på lista over kor det er vanskelegast å koma inn på journalistutdanninga. UiB peikar på Media City Bergen som ein del av suksessoppskrifta.

Publisert   Sist oppdatert

(Saka er oppdatert 8.august kl 13.25 med tal frå Høyskolen Kristiania) I år måtte du ha 55,4 poeng for å koma inn på journaliststudiet i Bergen dersom du søkjer i den ordinære kvoten. For søkjarar som berre søkjer med vitnemålet frå vidaregåande skule, er kravet noko lågare. Men felles for begge kvotane er at Universitetet i Bergen no ligg over OsloMet, som tradisjonelt har hatt den journalistutdanninga som har krevd best karakterar for å få plass. Dette viser tal frå Samordna opptak.

— Me har utnytta dei moglegheitene som oppstod då me flytta til Media City Bergen. Det har mest å gjera med at me har fått på plass nok og rett faglege ressursar, seier Lars Arve Røssland.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons og medievitskap ved UiB, og leiar journalistutdanninga.

Praksisnær

Journalistutdanninga ved UiB fekk nye studieprogram frå 2017, og flytta då inn i Media City Bergen.

— Dette gjer at studentane er i eit mediemiljø. Utdanninga vår er praksisnær, me har eit tett samarbeid med bransjen. Men utdanninga er òg forskingsnær, seier Astrid Gynnild.

Astrid Gynnild var leiar for journalistutdanninga då det vart oppretta nye studieprogram frå 2017. Foto: Njord V. Svendsen
Astrid Gynnild var leiar for journalistutdanninga då det vart oppretta nye studieprogram frå 2017. Foto: Njord V. Svendsen

Ho er professor i medievitskap og leia journalistutdanninga fram til årsskiftet.

For nokre år sidan gjekk søkjartala til journalistutdanningane kraftig ned. Dei siste åra verkar det som om tala har stabilisert seg att. Det er Ann-Helén Bay, dekan ved fakultet for samfunnsvitskap ved OsloMet, nøgd med. Og sjølv om UiB i år har gått forbi OsloMet når det gjeld opptaksgrense, er det framleis vanskeleg å koma inn i Oslo òg. Poenggrensa er 54,5 i ordinær kvote.

Utdanninga vår er praksisnær, me har eit tett samarbeid med bransjen.

Astrid Gynnild

Det var Journalisten som først skreiv om opptaksgrensene for dei ulike insitusjonane.

— Konkurrerer de med Bergen om dei same søkjarane?

— Det er vanskeleg å seia noko om. Men eg ser at me i år har fleire søkjarar til bachelor i medier og kommunikasjon, seier Bay.

Opptakskrav, ordinær kvote

Studiestad 2018 2019
Oslo55,154,5
Stavanger45,446,0
Volda (avis/nett)37,841,2
Volda (TV/radio)50,649,8
Bergen55,155,4
KristiansandAlleAlle

Tal frå Samordna opptak

Alle kom inn i Kristiansand

I Stavanger er opptaksgrensene om lag som i fjor, 46 poeng i ordinær kvote. Volda har gått opp litt for avis/nett-linja, til 41,2, og ned litt for TV/radio-linja. Ved NLA si avdeling i Kristiansand har alle søkjarar kome inn på journalistutdanning både i fjor og i år.

Høyskolen Kristiania skriv i ein epost at dei har tatt inn 60 studentar. I år var søkjartalet 194, ein auke på sju samanlikna med fjoråret. Auken frå 2017 til 2018 var endå større.

Spente på masteroppmøte

Det er mange spanande jobbar i Oslo, peikar Røssland på. Han seier OsloMet har vore flinke når det gjeld journalistutdanning i mange år. Ved UiB har ein fått Senter for undersøkjande journalistikk (Sujo), og ein kan òg tilby master i undersøkande journalistikk.

— Eg trur ikkje Sujo er avgjerande for dei studentane som søkjer bachelorutdanning hos oss. Men når dei vert studentar, vert det totale miljøet synleg for dei, seier Røssland.

Han seier det er sendt ut tilbod til om lag 25 masterstudentar. Det er 12 plassar, og førsteamanuensen er spent på kor mange som møter fram til studiestart.

(Saka er oppdatert 8.august kl 13.25 med tal frå Høyskolen Kristiania)