På den gamle Shell-tomten meiner ordførar Terje Mathiassen at Det store blå kan byggast. Foto: Hilde Kristin Strand
På den gamle Shell-tomten meiner ordførar Terje Mathiassen at Det store blå kan byggast. Foto: Hilde Kristin Strand

Ordføraren vil ha Røkke-tårnet til Askøy

Askøy-ordførar Terje Mathiassen meiner kommunen har ei kjempetomt som kan passa det mykje omtala Røkke-tårnet.

Publisert   Sist oppdatert

Først melde Askøy kommune seg på i kampen om å få hovudkontoret til Havforskingsinstituttet. Det gjekk som kjent ikkje.

No meiner kommunen at den same tomta, på Byneset like ved Askøybrua, kan vera ein passande stad å plassera det mykje omtala tårnet som Kjell Inge Røkke ønskjer å bygga. Det store blå er 64 etasjar – 225 meter høgt, og politikarane i Bærum har førebels sagt nei. Men både UiB-rektor Dag Rune Olsen og Bergen sin byrådsleiar Harald Schjelderup meiner at Bergen er ein passande stad – i alle fall om ein kan kutta nokre etasjar.

Brutårna er allereie høge

– Huset kan verta eit fyrtårn ved innseglinga til Bergen, seier Askøy-ordførar Terje Mathiassen (Ap) til Bergens Tidende.

Tomta er eigd av kommunen, og kan verta om lag femti mål med ei utfylling. Mathiassen peikar på at sidan brutårna allereie er 160 meter høge, vil eit førti meter høgt havhus vera uproblematisk.

Slik er Det store blå, teikna for Bærum: 64 etasjar - 225 meter høgt. Ill: Wingårdh arkitektkontor
Slik er Det store blå, teikna for Bærum: 64 etasjar - 225 meter høgt. Ill: Wingårdh arkitektkontor

For sjølv om teikningane av bygget per no viser eit over 200 meter høgt bygg, har Nina Jensen tidlegare sagt til På Høyden at tårnet er teikna for tomta i Bærum, og at ein må vera villig til å gjera justeringar – vel å merka så lenge bygget framleis er eit signalbygg.

Nina Jensen er REV Ocean-direktør, og var i Bergen tidlegare i februar. REV Ocean er forskingsfartøyet som skal vera ferdig om to år. Røkke står bak både skipet og tårnet, som Jensen altså arbeider for å få på plass – helst i Bærum. Men Dag Rune Olsen har tidlegare sagt til På Høyden at både universitetet og Bergen kommune meiner at verdshava sitt hovudkontor passar i Bergen – og at dei vil få Røkke i hamn på sjarm.

Har djupvasskai

I nabokommunen Askøy meiner rådmann Eystein Venneslan, ifølgje BT, at tomta på Byneset kan vera ferdig om eit års tid. Djupvasskai er allereie på plass, slik at det nye Røkke-skipet kan legga til.

– Hurtigbåten som går mellom Askøy og Bergen skal over på elktrisk drift. Dersom det vert mange arebidsplassar på Byneeset, må me få til eit stopp der òg. Dette vil passar perfekt med miljøprofilen i prosjektet, seier Venneslan.

Men så er spørsmålet kva politikarane seier. Kommunestyret i Bærum har altså sagt nei.

– I første omgang luftar me tanken, så skal me jobba vidare med saka politisk, seier Mathiassen.