Yngve (72) flyttar til Nordpolen ombord i luftputebåten Sabvabaa

Publisert

Pensjonert UiB-professor Yngve Kristoffersen (72) skal det neste halvanna året bu på ein luftputebåt på andre sida av Nordpolen. – Eg gjer det frivillig. Det ligg ei gedigen vitskapleg problemstilling bak, fortel polarforskaren.

Tysdag dro Kristoffersen og kollegaene frå Tromsø med den tyske forskingsisbrytaren IB Polarstern. I løpet av september skal Kristoffersen saman med Audun Tholfsen forlate isbrytaren og dra vestover i Polhavet. Der skal dei overvintre i minst éin vinter, på jakt etter ny kunnskap om asteroidenedslag, klimaet for 50 millionar år sia, drivisen og ny teknologi for polarforsking. Ekspedisjonen skal drive med isen, og difor er det usikkert om toktet er ferdig i slutten av 2015, eller om det tek endå lengre tid. 

Asteroide-nedslag
– Vi skal forbi Nordpolen. Sidan 2008 har det vore tre internasjonale forskingsverkstader om korleis ein skal skaffe seg data om klimaet i Polhavet for 50-60 millionar år sia. Internasjonalt er dette ei kjempeoppgåve, forklarer Kristoffersen.

Og det er nettopp denne jobben IB Polarstern og luftputebåten Sabvabaa tar fatt på. Namnet tyder «flyter hurtig over» på inuit-språket.

Polarstern skal vere base for luftputebåten fram til midten av september. Dei skal mellom anna ta sedimentprøver frå nokre særleg interessante delar av Polhavet.

– Dette området er merkeleg, for det har vore gigantiske undersjøiske ras, og 2-300 meter av sedimenta er blåst bort. Andre stader ligg sedimenta heilt uforstyrra, fortel Kristoffersen.

Forskarane trur eit asteroidenedslag for to-tre millionar år sia kan ha blåst vekk dei øvste laga. Resultatet er at ein i desse områda kan hente ut gamle sedimentprøver langt rimelegare og enklare enn andre stader.

Ekspedisjonen med luftputebåt er organisert av Nansen senter for miljø- og fjernmåling i Bergen, og har eit budsjett på 8,2 millionar kroner. Heile det tyske isbrytartoktet er fokusert på å få tak i dei gamle sedimenta, og luftputebåten skal i halvannan månad vere ein forlenga arm for isbrytaren.

Har utvikla ny teknikk
På toktet skal ny teknologi og testas ut i full storleik. Vanlegvis blir eit blylodd på 1,5 tonn brukt for å slå nedi røret som tek sedimentprøver. Det er vanskeleg å frakte med seg tungt utstyr på ein luftputebåt, og difor har Kristoffersen og kollegaene utvikla ei heilt ny metode:

Eit røyr med ein trykksylinder fylt med luft blir seinka ned i vatnet, og når tuppen av røyret når botnen, blir røyret utløyst. Trykket er på fem tonns kraft, og «omvendte paraplyar» sørgjer for at krafta skyv røyret ned i botnen.

– Heile utstyret veg berre 250 kg, seier han.

Teknikken gjer det muleg å ta sedimentprøver langt rimelegare enn med tradisjonelt utstyr.

Byggjer hangar av snø
Etter kvart skal Sabvabaa drive med isen frå eit område nord for Canada og Grønland til Framstredet mellom Grønland og Svalbard. Luftputebåten vil fungere som mobil plattform for observasjonar gjennom ein heil årssyklus, med meteorologiske observasjonar, måling av innfallande og utgåande stråling frå isoverflata, dynamikken og massebalansen til sjøisen, samt oseanografiske målingar som temperatur, saltinnhald og straum.

Forskinga er òg viktig for tre nordiske senter for framifrå forsking: Bjerknessenteret, Niels Bohr Senteret og Dansk Klima Senter. Ekspedisjonen, som går under namnet Fram-2014/15, skal òg byggje ein hangar til luftputebåten.

– Den generelle tanken er at vi driv ut til Framstedet, og får KV Svalbard til å plukke oss opp. Vi lager ein permanent leir på isen, der vi mellom anna skal byggje ein hangar til å ha båten i, seier Kristoffersen.

– Taket blir i duk, mens veggane blir i is og snø. Alt vi treng er kryssfinerplater, duk og bjelkar på to ganger fire tommar.

Med det utstyret skal dei lage ei glideforskaling som dei fyller is og snø i, med tre meter høge veggar.

– Alle materiala vi har med oss kan vi brenne, for det er viktig å ikkje leggje igjen spor etter seg.

Treng ikkje kontoret
Ekspedisjonen går for seg i den mest ugjestmilde delen av Polhavet, med is som kan vere tre til fire meter tjukk. Og det er ikkje sikkert at ekspedisjonen er framme ved iskanten ved årsskiftet 2015/2016.

– Vi måtte berre setje ei grense, og truleg er det for kort tid. Eg blir med så lenge toktet varer, seier Kristoffersen.

I mars-april neste år kan dei byte mannskap og få forsyningar inn med fly, men emeritusen blir.

– Kva seier familien til at du dreg på ein så lang ekspedisjon?

– Dei er vande til det, så det går bra. Det er eit langt tokt, men i dag har vi moderne kommunikasjon. Med ein telefon på veggen kan eg snakke med dei heime når som helst.

Og han er ikkje uroa over utsiktene til lite tid på kontoret dei neste par åra.

– Mange forskarar hevdar at dei ikkje kan vere borte frå kontoret sitt for lenge. Men det går fint om du ikkje har undervisningsplikter. Eg har med ein harddisk, og med den kan eg sitje og skrive artiklar kor som helst i verda, og sende dei av garde. Alle stengsel mot å gjere ting finst mest oppi hovuda på folk.

Ekspedisjonen er den første, norske isdriftekspedisjonen i Polhavet av denne typen, men Sovjetunionen har hatt liknande ekspedisjonar heilt sidan 1937, men ved å opprette ein leir med lette brakker. Men desse er vanskelege å flytte om det blir problem med isen.

– Vi har førebudd dette i seks år, og denne turen har vore i hovudet mitt sia slutten av 80-åra.

Kan evakuere
Dersom det skjer noko med ekspedisjonen som gjer at dei treng hjelp utanfrå blir det vanskeleg. Denne delen av Polhavet er utilgjengeleg for isbrytarar, og einaste mulege transportveg ut er via lufta. Men landingstilhøva er ikkje tilfredsstillande store delar av året, med dårleg sikt.

– Eg har vore i kontakt med US Air Force og US Coast Guard i Alaska, og stilt dei spørsmål om det finst utstyr som kan utføre ei medisinsk evakuering frå dette området, kor lang tid det i så fall tek, og kor mykje det vil koste. Svaret var at det er muleg, at det tek tre-fire dagar å mobilisere, og at dei vanlegvis ikkje tek betalt for redningsaksjonar. Dei avslutta med «Have a good trip!», fortel Kristoffersen.

Amerikanarane har helikopter som kan etterfylle drivstoff i lufta ved slike oppdrag.

Treng ny politikk
Sjølv er han opptatt av at polarforskarar må ta i bruk ny teknologi for å samle inn meir data frå polare strok.

– Difor synest eg at polarforskingspolicyen Forskingsrådet kom med før jul var ille. Eg ba dei på førehand om å leggje ein strategi der ein går saman for å skaffe oss data som er naudsynte for å dokumentere endringar i miljøet og ismassen.

Men dette innspelet finn han ikkje igjen i policyen.

– Men no skal Polarinstituttet bruke forskingsskipet RV Lance nokre månader i isen, med eit budsjett på 54 millioner kroner. Det er ganske mykje pengar. Vi har eit budsjett på åtte millionar kroner for 18 månader. Noreg bør ta seg saman og leggje ein strategi for kva vi skal gjere.