Fleire strakstiltak er gjort for å sikre historiske verdiar mot innbrot og tjuveri. Men også lekkasjar og brannfare truar verdifullt materiale. Bildet er frå ei opprydding i kjellaren på Geofysisk institutt nyleg. Foto: Tor Farstad
Fleire strakstiltak er gjort for å sikre historiske verdiar mot innbrot og tjuveri. Men også lekkasjar og brannfare truar verdifullt materiale. Bildet er frå ei opprydding i kjellaren på Geofysisk institutt nyleg. Foto: Tor Farstad

Manglar sikring: Store delar av UiBs historiske samlingar i fare

Brannfare, vasslekkasjar, tjuveri. I tiår er det blitt forsømt, no tar universitetet grep for å sikre store kulturhistoriske verdiar.

Published

Tunge investeringar og ei rad tiltak er alt gjennomført for å sikre verdifullt materiale lagra i magasin som Universitetet i Bergen (UiB) forvaltar. Naturhistorisk museum har vore gjennom omfattande rehabilitering, og etter innbrot og tjuveri i 2017 er det det gjennomført sikringstiltak for dei kulturhistoriske samlingane på Historisk museum og Universitetsbiblioteket.

Men det er langt frå nok til å sikre den omfattande og historisk, kulturelt og vitskapeleg verdifulle museumsarven.

UiBs historie

Universitetet i Bergen (UiB) vart vedtatt oppretta i 1946 og offisielt opna i 1948.

Forløparen til universitetet, Bergen Museum, vart stifta i 1825. Fridtjof Nansen tok i 1888 doktorgraden her.

Bergen museum vart seinare opphavet til fleire andre spesialiserte museum i Bergen, men det finst enno ikkje noko eige museum for UiBs eiga faglege historie.

Universitetsmuseet i Bergen består i dag av De kulturhistoriske samlingene, Seksjon for ytre kulturminnevern, De naturhistoriske samlingene med Musèhage og Arboretet og Botanisk hage på Milde.

Risiko i fire år til

Fleire rapportar har avdekt at fleire bygg fortsatt ikkje er forsvarleg sikra. Dette gjeld både spesialsamlingane i kjellaren til HF-bygget, magasin på Bryggens museum og konserveringsverkstaden og Billedesamlingen i Rokkanhuset i Nygårdsgaten 5.

Tiltak som er gjennomført ved Spesialsamlingane i HF-bygget er ikkje nok til å «oppnå et tilfredsstillende sikkerhetsnivå». Det er heller ikkje mogleg «å redusere risikoen for vannlekkasjer fra overliggende etasjer tilstrekkelig eller oppnå optimale klimatiske forhold», går det fram av utgreiinga frå universitetsdirektøren.

Det er så langt ikkje klart kor universitetet skal plassere dei verdifulle samlingane som er i kjellaren på HF-bygget. Men risikoen ved å flytte til mellomlagring i påvente av etablering av forsvarlege lokale blir vurdert som større enn å la materialet bli der det er i dei fire til fem åra ein reknar med det vil ta å få i stand forsvarleg lagring.

Saka vart handsama under UiBs siste styremøte, for lukka dører. Universitetsleiinga vurderte opplysningar i saka som for sensitive med tanke på tryggleiken til magasina og samlingane. Med unntak av nokre opplysningar som fortsatt er hemmelege, skal saksframlegget no vere offentleggjort.

Burde flytte snarast

Når det gjeld dei arkeologiske samlingane på Bryggens museum, anbefalte ei risikovurdering alt i 2017 at dei burde flyttast snarast til nye og betre magasin. Men det har vist seg å vere eit tidkrevjande å bygge ut forsvarlege lokale i Hansahallen, dit gjenstandane skal. Også i dette tilfellet blir faren med mellomlagring vurdert som større enn å la materialet bli der det er med eksisterande risiko.

Billedsamlingane skal, som På Høyden har fortalt om, gjennom ei komplisert og farefull flytting av to millionar fotografi frå dagens lokale i Stein Rokkans hus til nye magasin i Bibliotek for humaniora.

Billedsamlingen, som mellom anna har materiale registrert på UNESCOs liste over verdas dokumentarv, tilfredsstiller heller ikkje moderne krav til forsvarleg lagring. Det knyter seg til faren for vasslekkasje, brann og - etter det På Høyden forstår - tjuveri.

Konserveringsverkstaden slit med fleire av dei same utfordringane. Det er så langt ikkje tatt stilling til kor denne skal plasserast.

Mange åtvaringar

Det har ikkje mangla på åtvaringar for universiteta.

I 2000 peikte Mjøsutvalget på behovet for å undersøke tilstanden ved universitetsmusea. Fire år seinare, i 2004, kom Riksrevisjonens rapport frå fem norske universitetsmuseum, som avdekte alvorlege manglar. Desse gjaldt så godt som alle sider ved drifta, lagring og konservering til organisatoriske forhold. Dette var følgd opp med Stortingsmelding nr. 15 (2007-08) med klare tilrådingar om oppgradering av museumsarven ved universiteta. Det var dette som sette fart i renoveringsarbeidet ved Naturhistorisk museum i Bergen, som no er nær fullført.

Men etterslepet er ikkje tatt igjen.

«Selv om det de ti siste årene er gjort betydelige løft på dette området viser denne saken at det fortsatt gjenstår et stort og viktig arbeid for at UiB fullt ut og på en forsvarlig måte skal forvalte det særskilte ansvaret som er gitt oss i UH-loven», heiter det i utgreiinga til UiB-styret.

Der står det også at det står igjen «et betydelig arbeid med å rydde, sanere og konservere objekter i forbindelse med flytting av samlinger».

Manglar system for innsamling

På Høyden har i ein større reportasje nyleg fortalt om oppryddinga på Geofysisk institutt. Etter at det i fleire tiår mangla tiltak for bevaring av arkivverdig faghistorisk materiale, rykker ei gruppe frå Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket no ut på førespurnad. Målet er å berge og ta var på forskingsdata, fotografi, lydopptak og gjenstandar som kan vere av verdi.

Ordninga kom i stand etter ein rapport som i 2008 avdekte at store mengder arkivverdig materiale hadde gått tapt gjennom åra på grunn av manglande rutiner og system for bevaring. Samstundes har mange enkeltpersonar og eldsjeler kringom på institutta sørga for å ta vare på materiale.

No er altså ei koordinert satsing i gang for å sikre det som alt er samla i UiBs museum og magasin gjennom snart 200 år. Men når det gjeld faghistorisk materiale og forvalting av UiBs eiga forskings- og vitskapshistorie, manglar fortsatt overordna system og rutinar.

25 «ekstraordinære» millionar

Det var det mykje omtalte tjuveriet av vikingskatten ved Historisk museum på universitetet i 2017 som fekk UiB til å mobilisere på ny. Fleire strakstiltak vart innført for forhindre nye innbrot. Etter ein internrevisjon er no prosjektet «Flytt 22» sjøsett for å koordinere arbeidet med sikring, konservering og flytting av magasin og samlingar.

Universitetsleiinga har for 2019 sett av 25 millionar kroner til «ekstraordinære sikringstiltak», og universitetet vil måtte bruke store summar i åra framover for å komme i mål med prosjektet.

Også i revidert strategi (2019-2022) for UiB er styrka sikring av samlingane foreslått som prioritert aktivitet.

— Står ikkje på viljen

— Det hadde sjølvsagt vore ønskeleg å kunne redusere all risiko innanfor ein kortare tidshorisont, og det står ikkje på viljen til å prioritere dette økonomisk frå universitetsleiinga eller styret si side. Vi må likevel ta fagmiljøa sine vurderingar på alvor om at sikringsarbeidet må skje innan forsvarlege faglege rammer, seier assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden til På Høyden.

Han peikar på at det tar tid å få inn rett kompetanse i dei enkelte delprosjekta og å sikre gjenstandar i samband med flytting.

— Sjølv om arbeidet tar tid, er det viktig å understreke at vi alt har gjort ei rad strakstiltak som har betra sikring av magasin og samlingar betydeleg, seier Tungodden.