Slik ser arkitektane føre seg at eit nytt veksthus kan verta sjåande ut. Ill: HLM Arkitektur
Slik ser arkitektane føre seg at eit nytt veksthus kan verta sjåande ut. Ill: HLM Arkitektur

Vil riva veksthuset og bygga nytt

Veksthuset i muséhagen er freda, men i så dårleg stand at Riksantikvaren ikkje er negative til å riva det og bygga nytt.

Publisert   Sist oppdatert

Det er ein gjeng menneske samla inne i veksthuset i muséhagen – utan hjelm. Det er eigentleg ikkje lov.

— Men det har berre ramla bitar av taket i storm, roar førsteamanuensis Torsten Eriksson.

Det er krav frå Riksantikvaren om at det nye veksthuset skal snakka saman med museet og gartnerbustaden. Ill: HLM Arkitektur
Det er krav frå Riksantikvaren om at det nye veksthuset skal snakka saman med museet og gartnerbustaden. Ill: HLM Arkitektur

Det seier likevel noko om tilstanden. På utsida står det plakat om at veksthuset er stengt for publikum. Slik har det vore i over tre år.

«Veksthuset er i så dårlig stand at det er fare for sikkerheten for både mennesker og planter», skriv Riksantikvaren i eit brev til Universitetet i Bergen. Difor er dei positive til noko ein ikkje plar få gjera med eit freda bygg: Riving.

«Riksantikvaren vurderer derfor at en transformasjon av veksthuset, for å tilrettelegge for et bredt publikum og en hensiktsmessig drift, ikke er i strid med formålet med fredningen eller vil medføre et vesentlig inngrep i det fredete kulturminnet», heiter det vidare i brevet.

Universelt utforma

Det er difor det er mange menneske samla ved Veksthuset denne junimorgonen. Gudrun Molden og Daniel Brookfield frå HLM Arkitektur skal teikna dei første skissene av korleis det nye veksthuset kan verta.

— Det skal verta eit hus som er optimalt og vakkert – og magisk å koma inn i, seier Molden.

Førsteamanuensis Torsten Eriksson ønskjer seg ei eiga ørkensone, der publikum kan få merka kor tørt og varmt det er. Foto: Hilde Kristin Strand
Førsteamanuensis Torsten Eriksson ønskjer seg ei eiga ørkensone, der publikum kan få merka kor tørt og varmt det er. Foto: Hilde Kristin Strand

— Med universitetsaulaen og museet som snart skal opna att, har hagen òg vorte meir tilgjengeleg. Eg tenkjer at veksthuset vil vera nok eit bygg som er viktig for publikum, seier ho, og seier at ho ser føre seg eit bygg med arkitektonisk ny form, som skal vera universelt utforma.

Veksthuset er ein del av muséhagen og vart bygd i 1900. Etter den gong er det bygd på fleire gongar. På innsida finn ein dei plantane som ikkje kan klara seg utandørs i det norske klimaet. Palmane strekkjer seg heilt til taket, og lufta er fuktig. I dag er bygget delt i tre hovudsoner og ei lita ekstrasone, men Eriksson ønskjer seg fire i det nye bygget.

— I dag er det to tropiske avdelingar og i tillegg ei avdeling middelhavsplantar saman med ei anna sone med ørkenplantar. Desse vil eg skilja i to, slik at ein kan kjenna ei temperaturmessig endring når ein kjem inn i ørksensona, seier han, og viser fram kaktus og andre plantar som trivst der det er tørt.

Arkitekt Gudrun Molden, kulturminneansvarleg Åse Tveitnes, driftsleiar Hilde Margrethe Moen Selstø, førsteamanuensis Torsten Eriksson, museumsdirektør Henrik von Achen og senioringeniør Odd Erling Hjøllo håpar alle på eit nytt veksthus i muséhagen. Foto: Hilde Kristin Strand
Arkitekt Gudrun Molden, kulturminneansvarleg Åse Tveitnes, driftsleiar Hilde Margrethe Moen Selstø, førsteamanuensis Torsten Eriksson, museumsdirektør Henrik von Achen og senioringeniør Odd Erling Hjøllo håpar alle på eit nytt veksthus i muséhagen. Foto: Hilde Kristin Strand

Har sagt ja til forprosjekt

Universitetsleiinga har sagt ja til eit forprosjekt. Når det er levert, vil ein kunne seia om ein skal gå vidare med eit byggeprosjekt.

— Etter at forprosjektet er ferdig og godkjent hos Riksantikvaren, kan me søkja Riksantikvaren om å få riva det eksisterande bygget. Riksantikvaren seier at bygget i seg sjølv ikkje er stor arkitektur slik det står i dag, men at veksthuset er ein særs viktig del av historia om Musehagen, seier Åse Tveitnes.

Ho er kulturminneansvarleg ved UiB.

Riksantikvaren seier at bygget ikkje er stor arkitektur i seg sjølv, men at det har ein viktig plass i hagen.

Åse Tveitnes

Riksantikvaren skriv at dei forventar at ein transformasjon av dagens veksthus vil vera av ein slik kvalitet at det er anlegget verdig, og ein likeverdig nabo til dei flotte byggverka Naturhistorisk museum og Gartnerboligen.

«Kvalitet i materialvalg, detaljering og tekniske løsninger er derfor avgjørende for et godt prosjekt, og for at Riksantikvaren skal gi sin endelige godkjenning til prosjektet», heiter det.

— Riksantikvaren har sagt at me skal ta vare på fotavtrykket og på den funksjonen veksthuset har, seier Henrik von Achen.

Torsten Eriksson (til høgre) er førsteamanuensis i botanikk og ønskjer seg eit veksthus med fire soner. Arkitekt Daniel Brookfield er frå England, og tek med seg veksthuskulturen derifrå når han saman med Gudrun Molden skal teikna forslag til eit nytt vektshus. Foto: Hilde Kristin Strand
Torsten Eriksson (til høgre) er førsteamanuensis i botanikk og ønskjer seg eit veksthus med fire soner. Arkitekt Daniel Brookfield er frå England, og tek med seg veksthuskulturen derifrå når han saman med Gudrun Molden skal teikna forslag til eit nytt vektshus. Foto: Hilde Kristin Strand

Han er direktør ved Universitetsmuseet, og omtalar seg sjølv som meir enn middels oppteken av veksthus – han trakka sine barnesko i Botanisk hage i København.

Inne i veksthuset er fliser og rister originale. Men elles har bygget vorte bygd på i fleire omgangar. Arkitekt Molden er oppteken av at det skal verta eit bygg der ein kan sjå inn.

— Og så må ein ha den avskjerminga ein treng for plantane, seier ho.

Omlag 20 millionar

Mellom 12 og 15 millionar – pluss moms – er det rekna at eit nytt veksthus vil kosta. Då skal ein halda seg innanfor den same tomten som ein har i dag.

— Planen er at forprosjektet skal vera ferdig tidleg på nyåret, seier senioringeniør Odd Erling Hjøllo frå UiB si eigedomsavdeling.

Han seier at det er alt det tekniske utstyret, særleg knytt til temperatur og lys, som gjer at bygget får ein temmeleg høg kvadratmeterpris.

— Men dette er kortreist lukke. Det vert eit lågt CO₂-avtrykk av å vera i jungelen her, seier Molden.