Åsta Haukås er språkprofessor. Ho meiner næringslivet må verta flinkare til å tilsetja kandidatar med språkkompetanse - og at skulen må verta flinkare til å arbeida heilskapleg med språkopplæring. Foto: Hilde Kristin Strand
Åsta Haukås er språkprofessor. Ho meiner næringslivet må verta flinkare til å tilsetja kandidatar med språkkompetanse - og at skulen må verta flinkare til å arbeida heilskapleg med språkopplæring. Foto: Hilde Kristin Strand

Arendalsuka:­ Korleis kan ein nytta den språklege rikdommen?

Er me klar over kor rike me er, spør professor Åsta Haukås. Ho meiner nordmenn sine språklege dugleikar må utnyttast i større grad.

Publisert   Sist oppdatert

Tyske preposisjonsrekkjer og engelske idiomatiske uttrykk, det er det mange som har pugga. Nordmenn er faktisk uvanleg rike på språk. 80 prosent av norske skuleelevar vel eit andre framandspråk, i tillegg til engelsk, på ungdomsskulen. Men korleis kan det at nordmenn faktisk har mykje språk innabords utnyttast i større grad enn i dag? «Det flerspråklige gullet» er ein av debattane UiB arrangerer under Arendalsuka.

Vil ha meir samarbeid

— I Noreg brukar alle dialekt, uansett kva samanhengen er. Det er ingen som stussar over at statsministeren snakkar sin eigen dialekt, og Barne-TV har fått pris for å visa språkleg mangfald. Alle lærer å skriva både bokmål og nynorsk, og sjølv om ikkje alle skriv nynorsk, forstår ein begge målformene. I tillegg er nordmenn blant dei beste i Europa i engelsk.

Dette seier Åsta Haukås. Ho er professor i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk, og har sjølv doktorgrad i tysk – og norsk og engelsk i fagkrinsen.

Korleis kan det språklege mangfaldet verta ei gullgruve for Noreg, både reint økonomisk og i eit samfunnsperspektiv, er det som skal debatterast i Arendal. Haukås meiner ho i alle fall har deler av svaret: Ein må jobba meir saman, særleg i skulen.

I franskundervisninga kan ein til dømes visa kor mange ord som er henta frå engelsk, og liknar engelske ord, og ein kan nytta den språkkunnskapen elevane alt har når dei skal læra nye språk.

Åsta Haukås

— I dag skjer språkundervisninga isolert, både frå andre fag, men òg frå andre språkfag. Det viser ein studie eg gjorde i 2016, seier Haukås.

— Ein må ha ein samanheng i læreplanane, men lærarane må òg samarbeida. I franskundervisninga kan ein til dømes visa kor mange ord som er henta frå engelsk, og liknar engelske ord, og ein kan nytta den språkkunnskapen elevane alt har når dei skal læra nye språk. Kva veit ein til dømes om lesestrategiar eller verbtider frå før? Med meir samarbeid kan språklæringa bli meir effektiv, meiner ho.

Kulturkunnskap

Haukås er òg oppteken av dei minoritetsspråklege sin språkkompetanse, og korleis den skal kunne brukast meir. I dag får ein sjeldan opplæring på sitt eige morsmål i skulen, og ekstra undervisning i norsk har ein berre krav på fram til norskkunnskapane er sett på som gode nok.

— For det første er det vanskeleg for desse elevane å ikkje kunne bruka sitt eige morsmål. Studier viser at det tek sju år før ein har fått sentrale omgrep på plass i eit nytt språk. Det kunne nok vore nyttig å lesa til dømes fagstoff i naturfag både på sitt eige morsmål og på norsk for ein del elevar, meiner Haukås.

Ho peikar òg på at språk er langt meir enn grammatikk og ordforråd. Språk er kultur.

— Om ein nyttar dei minoritetsspråklege sin kompetanse, tenk kor mykje innsikt me kunne fått i ein annan kultur og ein anna måte å sjå verda på, seier ho.

Denne innsikta er og viktig for demokratiet og for ei berekraftig utvikling, seier Haukås.

Dei språklege kodane

— Er me klare over kor rike me er, spør Haukås.

Ho viser då til det språklege mangfaldet og den språklege kompetansen meir enn kroner og øre, men språkkompetanse har òg vist seg å vera viktig i næringslivet.

— Ved Institutt for framandspråk ved UiB tilbyr me undervisning i ni ulike framandspråk. Men me ser at næringslivet legg lite vekt på språkkompetanse når dei lyser ut stillingar. Samstundes veit ein at dei som forhandlar om kontrakter ofte oppnår eit betre resultat dersom dei forhandlar på det språket den ein skal handla med snakkar – og ikkje berre nyttar engelsk, seier Haukås.

Krister Hoaas er samfunnskontakt i Lerøy Seafood, og skal delta i debatten i Arendal.

— Me handlar i åtti ulike marknader, så å meistra språk er viktig hos oss, seier han.

Og det hjelper ikkje å berre kunne engelsk. Lerøy har kontor mellom anna i Kina, Japan, Portugal og Spania.

Det handlar om kven som skal seia kva og når, det kan handla om æreskodeks og hierarki, og det handlar om å visa dei ein skal samarbeida med respekt.

Krister Hoaas

— I tillegg til kontora i desse landa, har me tilsette i salskorpset i Noreg som snakkar ulike språk, seier Hoaas.

Han er oppteken av at språk er meir enn substantiv og verb.

— Språk er kodar. Det handlar om kven som skal seia kva og når, det kan handla om æreskodeks og hierarki, og det handlar om å visa dei ein skal samarbeida med respekt. Den kulturelle kunnskapen er viktig, seier Hoaas.

Vil visa fram humaniora

Debatten om fleirspråkleg gull er ein av fire UiB er arrangør av i Arendal. Dei andre tre har tema knytt til innovasjon, bærekraft og klima. I tillegg er fleire andre UiB-miljø representert på stand i Arendal.

Haukås meiner det er viktig å visa fram humaniora.

— Humaniora er viktig i mange debattar, det gløymer ein lett. Korleis snakkar ein til dømes om klima i ulike land? Innsikt i dette er ein viktig nøkkel til å kommunisere klimautfordringane til folk på måtar dei forstår og kjenner seg att i.