Arendalsuka: Sjå bilete frå seglasen

UiB-rektor Dag Rune Olsen og omlag 80 andre er på veg mot Arendalsuka med Statsraad Lehmkuhl. Slik er livet ombord.

Publisert   Sist oppdatert

Avreise frå Bergen var torsdag tidleg kveld. Tre døgn seinare skal Statsraad Lehmkuhl vera framme i Arendal. Her skal båten vera base for UiB under Arendalsuka.

Ombord er representantar for akademia, næringsliv og skuleelevar. I tillegg til at dei skal gå vakter og bidra til å segla båten, skal dei ha fagleg arbeid ombord.

Ombord er også Olaf Erlend Gundersen frå UiB si kommunikasjonsavdeling. Han har sendt desse bileta som viser litt av livet ombord - eit knapt døgn etter avreise. Førebels er veret fint, men det er meldt litt meir ymse når ein går inn i helga.

Fredag var dei utanfor Utsira, og det var lite vind til å segle fort, men perfekt vær for workshop på dekk for å diskutere mellom anna nettopp havvind.

Rektor har entra riggen, skriv Gundersen i ei melding til På Høyden.

(Saken er oppdatert laurdag 10.august kl. 12.54)