Viserektor Oddrun Samdal
Viserektor Oddrun Samdal

Jubelbrus for 30 millionar kroner til Ulrike Pihls hus

Ulrike Pihls hus skal bli oppgradert til nye undervisningsformer, takka vere 30 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet. Torsdag var det feiring med brus.

Publisert   Sist oppdatert

— Skål, og gratulerer!

Viserektor Oddrun Samdal spanderte brus på dei frammøtte i studentkafeen Diskuterbar då pengane frå departementet kom.

Må doble sjølv

Tilsaman blir det delt ut 161 millionar kroner til oppgradering av undervisningslokale i denne runden. Institusjonane må bidra med minst like mykje sjølv, og dermed blir det minst 60 millionar kroner til oppussing av Ulrike Pihls hus, som opprinneleg var ein pikeskule.

— Dette skal bli ein stad med gode arbeidsplassar, både for grupper og individuelle studentar, fortel Samdal til På Høyden.

Universitetspedagogikken er i endring, og læring skal skje på andre måtar no. Det trengst ikkje lengre PC-rom, for alle har med eigne maskiner.

— Men det må vere lett tilgjengeleg straum, og vi må tenke på korleis vi skal gjere det lett for studentane å samlast rundt og dele ting på ein skjerm, seier Samdal.

Fleksible rom

Tradisjonelle lesesalar blir ikkje like mykje brukt lengre, og det er areal der studentane kan vere aktive som blir etterspurde.

— Vi har nokre observasjonar, som viser at nokre lesesalsplassar står ledige mesteparten av semesteret. Difor treng vi fleksibel møblering og design, fortel Samdal.

Slik kan areala brukast som leseplassar delar av året, mens dei elles kan brukast til gruppeaktivitetar.

Eigedomsdirektør Even Berge ser fram til å få eit bygg som òg er betre for klimaet:

— Delar av taket blir dekka med solceller. Og vi skal byte frå elektrisk til vassboren varme, slik at vi kan varme opp med vårt eige, klimavennlege sjøvassanlegg, forklarer han.

Både studentar og tilsette feira med Mozell i Diskuterbar på Ulrike Pihls hus i høve dei 30 millionane frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Dag Hellesund
Både studentar og tilsette feira med Mozell i Diskuterbar på Ulrike Pihls hus i høve dei 30 millionane frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Dag Hellesund