Realfagbygget treng både vedlikehald og oppgradering, heiter det i saksutgreiinga.
Realfagbygget treng både vedlikehald og oppgradering, heiter det i saksutgreiinga.

Prioriterer Realfagbygget

Publisert

Jahnebakken 5, Realfagsbygget og skisseprosjekt for det gamle odontologibygget er blant prosjekta som er føreslegne som prioriterte arealprosjekt i 2014.

Ønskjelista frå dei ulike fakulteta og einingane er lang. 29 prosjekt fekk nærare omtale då universitetsleiinga sendte utkast til forvaltning og utvikling av areal og universitetsområda fram mot 2020 ut på høyring. Nokre av forslaga som kom inn, som nybygg på Årstadvollen, ombygging av Nygård skole og utbygging av Bygg for biologiske basalfag, er dyre. Andre, som ventilasjonsanlegg på Dragefjellet skole og i Lauritz Meltzers hus, kostar langt mindre.

UiB skal overta heile Nygård skole om nokre år. Alle er samde om at griegakademiet treng både større og betre lokale, og rehabilitering er spelt inn til statsbudsjettet for 2015. Arkivfoto: Victor E. Dahl
UiB skal overta heile Nygård skole om nokre år. Alle er samde om at griegakademiet treng både større og betre lokale, og rehabilitering er spelt inn til statsbudsjettet for 2015. Arkivfoto: Victor E. Dahl

Geofysen og Entek
I dag skal universitetsstyret handsama saka om kva bygg ein skal prioritera dei neste åra. For 2014 vert følgjande føreslegne som prioritert:

  • Å setja i gang med prosjekt for å rehabilitera Jahnebakken 5.  Dette er vestfløyen av Geofysen, og bygget har stått tomt sidan 2009.
  • Å setja i gang delprosjekt for rehabilitering av realfagsbygget. Ein tidlegare rapport har vist at rehabilitering av dette bygget må skje etappevis.
  • Å setja i gang ombygging av Christies gate 12 for studentarbeidsplassar. Dette er lokala der SiB i dag har treningssenter, men Det psykologiske fakultetet overtek lokala sommaren 2014.
  • Gjennomføring av skisseprosjekt for det gamle odontologibygget, med vurdering av finansiering gjennom UiB eiendom AS. Det medisinsk-odontologiske fakultetet ser på det som svært viktig at planar for dette bygget snarast vert sett i verk.
  • Å setja i gang med skisseprosjekt for Entekbygget, gitt samarbeidsavtale mellom brukarane. Det er allereie skrive under ein intensjonsavtale om realisering av bygget, og departementet har fått ei orientering om saka.
  • Å setja i gang utgreiing om bygging av nybygg i Olav Kyrres gate. Innspelet kjem frå studentane, som ønskjer samlokalisering av Kvarteret sine driftsorganisasjonar og andre studentorganisasjonar i Olav Kyrres gate 53. På tomten var det tidlegare ein villa, men bygget vart rive i 2008, skriv Studvest.

Ikkje Nygård skole i 2014
Når det gjeld vedlikehaldsprosjekt, er rehabilitering av fasadane på Lauritz Meltzers hus, Bjørn Trumpys hus og utbetring av Dragefjellet skole føreslege prioritert i 2014.

Det psykologiske fakultetet skal overta lokala der SiB i dag har treningssenter. Her skal det koma arbeidsplassar for studentane. Tiltaket er føreslege prioritert i 2014. Arkivfoto: UiB
Det psykologiske fakultetet skal overta lokala der SiB i dag har treningssenter. Her skal det koma arbeidsplassar for studentane. Tiltaket er føreslege prioritert i 2014. Arkivfoto: UiB

Når UiB skal bygga eller bygga om, er det fleire måtar å gjera dette på. Vedlikehald og naudsynte investeringar går frå universitetet sitt eige budsjett. Dei siste åra har det vorte brukt om lag 25-30 millionar kroner i året, heiter det i saksutgreiinga. Men for større prosjekt er det statsbudsjettet som er den største kjelda til midlar. Både Universitetsmuseet og nytt odontologibygg er finansiert på denne måten. No har UiB spelt inn Jahnebakken 5, Realfagsbygget, det gamle odontologibygget og rehabilitering av Nygård skole.

Nygård skole er ikkje nemnt for 2014. Men i sakspapira heiter det at ein jobbar med å finna alternative løysingar og opplegg for midlertidige tiltak ved Nygård skole, og det vert òg jobba med ulike alternativ for finansiering. Val av finansieringsstrategi skal gjerast i 2014.

– Eg hadde ikkje venta at me skulle vera inne i stor målestokk. Det tek tid å planlegga eit så stort prosjekt, kanskje opp til to år. Eg opplever at prosjektet er klart prioritert og at det er ein klar vilje til å få det gjennomført, seier Frode Thorsen, instituttleiar ved Griegakademiet.

– Men finansieringa er framleis uklår, og det er eg litt skuffa over. Allereie for eit halvt år snakka ein om at ein skulle finna ut korleis prosjektet skulle finansierast.

Alternativet til finansiering over statsbudsjettet er eigedomsselskap. UiB har eitt sjølv, UiB Eigedom AS, men det finst fleire i randsona. Dersom slike eigedomsselskap skal brukast til å finansiera byggeprosjekt, må departementet gi si godkjenning. Dessutan bind slik finansiering opp store summar i årleg husleige.

Vil ha plan for dei næraste åra
Det samfunnsvitskapelege fakultetet planlegg å vera med i medieklynga, Media City Bergen, og både universitetsstyret og fakultetsstyret har sagt ja til dette. Men saka er førebels ikkje styrebehandla hos mediehusa som skal vera med i klynga.

SV-dekan Knut Helland seier at medieklynga ligg inne som ho skal, og at det ikkje betyr noko at det ikkje er prioritert pengar i 2014.

– For medieklynga er ting i hovudsak planlagt i 2016 og 2017, seier han.

I forslaget til vedtak heiter det at styret ber om å få ei ny sak om prioriterte prosjekt for perioden frå 2015 innan sommaren 2014. I sakspapira heiter det at nybygg på Årstadvollen og Sydneshaugen er noko som vil kunne vera mogleg å realisera i samarbeid med andre eller som statsfinansierte prosjekt. Men førebels ser ikkje universitetsdirektøren at det no er ressursar til å gjennomføra skisseprosjekt for desse to, og heller ikkje for nye etasjar i Bygg for biologiske basalfag.