Det vårast i hagen

I muséhagen gjer ein som i Ulvik-skalden sitt dikt: Sår ein innvigd åker rad for rad.

Publisert   Sist oppdatert

Det er ikkje natt. Tvert om er det føremiddag, og sola skin. I muséhagen blømer allereie rhododendronen, og ei gul-kvit julerose har stått i blomst heilt sidan november. Det er altså ikkje heilt slik som i diktet av Olav H. Hauge. Han fekk måleriet «Vårnatt i hagen» av Nikolai Astrup i gåve, og skreiv diktet «Til eit Astrup-bilete». Der skildar han desse to som drøymde om «dette her»:

Å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær
ved fjorden? Vera saman, planta bær
og så ein innvigd åker rad for rad

Utvidar grønsakhagen

Men ein likskap er det likevel: Åkeren i muséhagen vert sådd, eller rettare: Først utvida. Så skal det plantast. Grønsakene vert dyrka i veksthuset på Milde, der Arboretet og botanisk hage held til, og så sett i jord i sentrum i mai, når faren for nattefrost er over.

— Her veks det urter og grønsaker. Me har mellom anna kål, korn, rødbetar, reddikar, løk og salat, seier Hilde Margrethe Moen Selstø. Ho er driftsleiar for muséhagen.

— Dette er ein utstillingshage, og kjøkenhagen viser ulike ting som kan dyrkast. Det er populært for både skuleklassar og barnehagar å koma hit, seier Selstø.

UiB-tilsette kjem òg, når Selstø kvar første tysdag i månaden arrangerer lunsjvandring i hagen. Dette var noko ho begynte med i fjor, og skal halda fram med i år. Då går ein rundt i hagen og ser på det som blømer der og då.

I skråningen opp mot veksthuset er det gamle rhododendron. Dei veks sakte, og kan, kanskje stikk i strid med det nokre trur, skjerast ned. Foto: Ingvild Festervoll Melien
I skråningen opp mot veksthuset er det gamle rhododendron. Dei veks sakte, og kan, kanskje stikk i strid med det nokre trur, skjerast ned. Foto: Ingvild Festervoll Melien

80 år gamle rhododendron

Dei tidlegaste vårblomane, som snøklokker og krokus, er allereie avblomstra. No strekkjer tulipanane knoppane sine mot vårsola, og vil gjerne spretta ut. Det har både påskeliljer og pinseliljer allereie gjort. Skilnaden på dei? Påskeliljene har ein «trompet» i front, medan pinseliljene er flatare.

I skråningen opp mot veksthuset veks det fargeglad primula. Dei kjem att år etter år, og klarar seg utan veldig mykje jord.

Eg opplever at mange er glade i hagen.

Hilde Margrethe Moen Selstø

— Primula er ein populær plante, som vert dyrka i store menger og selt hos hagesenter, seier Selstø.

Ho viser fram dei mange rhododendronane som allereie er i blomst. Dei første byrja å bløma i mars. Årsak: Ein forholdsvis mild vinter.

— Rhododendron er sakteveksande, og finst i mange storleikar. Dei eldste som er her i muséhagen vart planta på 1930-talet, fortel Selstø.

Freda i 2014

Fem tilsette jobbar heiltid i hagen, i tillegg kjem det sesongarbeidarar frå april til september. No har granbaret som dekkar beda vinterstid vorte fjerna, og det er fylt på jord. Dammen der det veks Victoria-vassliljer får hus over seg. Liljene har Selstø planta innandørs.

Hilde Margrethe Moen Selstø er driftsleiar for muséhagen. Hagen vart grunnlagt heilt attende til 1897, og var då, som no, knytt til universitetsmuseet. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Hilde Margrethe Moen Selstø er driftsleiar for muséhagen. Hagen vart grunnlagt heilt attende til 1897, og var då, som no, knytt til universitetsmuseet. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Seinare, når kalenderen viser mai, skal det plantast sommarblomar. Dei er òg produserte på Milde.

Muséhagen vart freda i 2014. Fram til 1996 var den sentrumshagen som var UiB sin botaniske hage, men no ligg den på Milde. Anlegget i sentrum vert nytta både til undervisning og rekreasjon. På varme dagar om våren ligg studentane side om side – med og utan pensumbøker.

— Dei aller fleste oppfører seg fint når dei er her. Ei og anna hending er det jo, men det må ein rekna med når ein har ein slik hage midt i eit bysentrum. Eg opplever at mange er glade i hagen, seier Selstø.

Diktet heiter "Til eit Astrup-bilete" og er henta frå Olav H. Hauge si samling På Ørnetuva (1961). Biletet "Vårnatt i hagen" vårt måla av Nikolai Astrup i 1909.