Openheit og inkludering, seier Vigdis Kvalheim. Ho er administrerande direktør for NSD, og legg ikkje skjul på at fjoråret var tøft. Foto: Tor Farstad
Openheit og inkludering, seier Vigdis Kvalheim. Ho er administrerande direktør for NSD, og legg ikkje skjul på at fjoråret var tøft. Foto: Tor Farstad

No har NSD oppfylt alle pålegga frå Arbeidstilsynet

Pålegga er oppfylde, men jobben med å betra arbeidsmiljøet er på ingen måte avslutta i NSD. Vigdis Kvalheim tok over som ny administrerande direktør i fjor sommar.

Published   Updated

– Har de fått kaffi frå den nye maskina? Eller traktekaffi?

Vigdis Kvalheim smiler, og fortel lett humrande at det har vorte nemnt at det viktigaste ho har gjort for NSD er å få på plass ei ny kaffimaskin.

NSD – Norsk senter for forskingsdata – held til i fire gamle bygg i Harald Hårfagres gate. Her har dei vore heilt sidan Kvalheim vart tilsett i 1981, den gongen som studentassistent. Då var personregisterlova ny, og frå 1986 var Kvalheim den einaste som arbeidde med dette. No har NSD over hundre tilsette og fire avdelingar, og byggjer no nye kontor for å få plass til alle.

I fjor var Arbeidstilsynet inne i biletet i verksemda. Ei varslingssak der fleire tilsette varsla om eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø. Nyleg avgåtte NSD-direktør Bjørn Henrichsen vart skulda for å styre selskapet gjennom ein fryktkultur. Det førte til at det først vart opna tilsyn, deretter kom Arbeidstilsynet med ei rekke pålegg knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet. Kvalheim vart konstituert som administrerande direktør for to år frå august 2018.

– Korleis var det å vera i ein tilsynsprosess?

– Det er klart at det ikkje er kjekt å vera under tilsyn, men det var ikkje eg som hadde dialogen med Arbeidstilsynet. I fjor haust jobba me med den handlingsplanen som vart vedteken før sommaren, seier Kvalheim.

Veksesmerter

Noko av det som vart gjort eit poeng av då Arbeidstilsynet kom inn i biletet frå hausten 2017, var medverknad frå dei tilsette. Nokre år hadde NSD ikkje eit einaste arbeidsmiljøutvalsmøte (AMU). No er dette endra. Det har òg vorte fleire verneombod i verksemda, med ansvar for kvart sitt område. Nokre av sakene som har vorte drøfta er overgang til IA-verksemd, trening i arbeidstida og altså, ny kaffimaskin.

– Det er mykje som betyr noko i arbeidskvardagen. Men trening i arbeidstida var noko som var diskutert under førre leiing òg, seier Kvalheim, og understrekar at ho vidarefører det arbeidet som allereie var i gang.

– Me har nok hatt nokre veksesmerter, seier ho, og viser til at talet på tilsette har vorte nær dobla dei siste ti åra. Fram til 2003 låg NSDunder Forskingsrådet. Så vart det eit aksjeselskap, som ligg rett under Kunnskapsdepartementet.

– Me har hatt mest fokus på det faglege, men ser at det trengst meir jobbing med sjølve det organisatoriske, seier Kvalheim.

Henrik Tøndel er i desse dagar på veg, frå ei seniorrådgivarstilling ved UiB si HR-avdeling, til den nyoppretta stillinga som HR- og organisasjonsdirektør ved NSD. Dette vert ei stilling som skal ha mest fokus på HR – økonomibiten er teken vekk. I tillegg er det tilsett ein ny kommunikasjonsmedarbeidar, og ein tilsett har òg gått over til å jobba med kommunikasjonsoppgåver.

– Kor viktig er openheit for deg?

– Openheit og involvering er kjempeviktig, på alle nivå, seier Kvalheim.

– Dette er ein stor organisasjon, og me kan ha planar og ein filosofi – som ikkje alltid er så lett å gjennomføra. Ein vert aldri heilt perfekt på dette punktet, men eg er oppteken av at det skal vera så ope som mogleg, og så lukka som nødvendig.

Etter fjoråret seier det seg vel litt sjølv kva som var tema.

Vigdis Kvalheim

Referat frå styremøta vert no lagt ut på NSD si internside. Men På Høyden får framleis avslag på innsyn i dokumenta. Kvalheim vekt på å ha møte med dei tillitsvalte. Verksemda har òg allmøte, mellom anna frukostmøte, dei har abeidsmøte der heile leiinga, tillitsvalte og verneombod deltek, og før jul var heile staben på seminar.

– Etter fjoråret seier det seg vel litt sjølv kva som var tema der… Me snakka mellom anna om verdiar og konflikthandtering.

Kommunikasjonsutfordringar

For Kvalheim legg ikkje skjul på at fjoråret til tider var tøft. For det første er NSD midt i ei omlegging. Som På Høyden har skrive, er det sett ned eit utval som skal sjå på den framtidige organiseringa. Her skal det verta levert ein rapport til sommaren. Dette er ein del av den store omorganiseringa som mellom anna enda med at Unit og Diku vart oppretta. I tillegg har verksemda jobba mykje med mellom anna GDPR-løysingar og i tillegg levert data og andre tenester til forskingsmiljøa kvar einaste dag.

– I tillegg hadde me auge på oss frå alle kantar, og det vart endå meir krevjande då På Høyden byrja å skriva om saka. Då vart det krevjande å halda humøret oppe, innrømmer Kvalheim.

– For oss som såg saka frå utsida, er det lett å tenkja at dette var ei verksemd ute av styring. Men var det alle internt som var kjend med saka?

– Nei, eg trur det var ein del som vart overraska. Eg skal på ingen måte bagatellisera dei varsla som er komne, men dette er ei stor verksemd, og mange var ikkje involverte. Mitt inntrykk er at det ikkje var så steile frontar som det kunne verka som utad, men fjoråret var krevjande for alle, og det var nokre kommunikasjonsutfordringar.

Pålegga er lukka

Arbeidstilsynet skriv i ein epost til På Høyden at pålegga no er lukka. NSD har utarbeidd ein handlingsplan med fokus på korleis det psykososiale arbeidsmiljøet skal verta betre. Men framleis kjem tilsynet til å følgja litt ekstra med.

– Eit systematisk HMS-arbeid er tidkrevjande og ei god implementering føreset at verksemda jobbar systematisk over tid. Me ønskjer å sjå korleis tiltak som er sett i gang og planlagt fungerer i praksis, skriv tilsynsleiar Marita Scott i ein epost til På Høyden.

Ho seier at det slett ikkje er uvanleg at Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder over tid, og særleg ikkje når det handlar om verksemder som har hatt utfordringar med det systematiske, organisatoriske og psykososiale HMS-arbeidet.

– Eit tilsyn er ikkje kjekt når det står på. Det gjeld alle typar tilsyn, seier Kvalheim.

– Men me ser at eit tilsyn er ei god hjelp i det vidare arbeidet, og no synest eg det er betryggande at Arbeidstilsynet skal koma attende og sjekka at me held fokus.

Det er mykje som er viktig for eit godt arbeidsmiljø, seier Vigdis Kvalheim. Ny kaffimaskin og trening i arbeidstida er noko av det som er kome på plass hos NSD. Foto: Tor Farstad
Det er mykje som er viktig for eit godt arbeidsmiljø, seier Vigdis Kvalheim. Ny kaffimaskin og trening i arbeidstida er noko av det som er kome på plass hos NSD. Foto: Tor Farstad

Løysing i kryssord

– Korleis var det å ta over som leiar etter fjoråret?

– Det var heilt okey. Dersom eg ikkje hadde tenkt det, hadde eg ikkje tatt det på meg. Men eg visste at med den gjengen medarbeidarar som er her; dei er både fagleg dyktige og engasjerte, kom dette til å gå heilt fint, seier Kvalheim, og legg til:

– Sjølv om fjoråret var tidvis krevjande, såg eg at dei tilsette leverte. Og dei leverte godt.

Me er rett og slett ein stor, nasjonal forskingsinfrastruktur som ikkje ligg i Oslo.

Vigdis Kvalheim

Ein gong var NSD eit av svarorda i eit kryssord i A-magasinet. Men elles er det kanskje ikkje så mange som faktisk veit kva som går føre seg i dei store bygga i Harald Hårfagres gate. Den enkle svaret er at NSD tek vare på forskingsdata og gir forskarar og studentar tilgang til forskingsdata. Her finn ein statistikk, til dømes i Database for høgare utdanning (DBH), og her får ein tilbod om datatenester. NSD godkjenner òg personvernsida i forskingsprosjekt. Kvart år er det 10 000 prosjekt som treng slik godkjenning.

– Me er rett og slett ein stor, nasjonal forskingsinfrastruktur som ikkje ligg i Oslo, seier Kvalheim, og peikar på samarbeid om data med Statistisk sentralbyrå som unikt, òg i internasjonal samanheng.

Dei tilsette har mastergrad, nokre òg doktorgrad, og er samfunnsvitarar i vid forstand, men i NSD jobbar det òg mellom anna juristar og ein stor gjeng med IT-utdanning. Mange kjem hit som rimeleg nyutdanna.

– Men det er ikkje så viktig for deg at folk ein treff på Torgalmenningen ikkje veit kva NSD er?

– Nei, slik vil det nok vera, seier Kvalheim.

Så hentar ho seg ein ny kopp kaffi.