UiB eig ikkje Kalfarveien 31, men har ei lang leigekontrakt. Fleire av dei som i dag er i bygget skal inn i helseklynga på Årstad, så då kan nye flytta inn. Foto: Tor Farstad
UiB eig ikkje Kalfarveien 31, men har ei lang leigekontrakt. Fleire av dei som i dag er i bygget skal inn i helseklynga på Årstad, så då kan nye flytta inn. Foto: Tor Farstad

Flyttar tilsette til Kalfarveien

Notert: Kalfarveien 31 vert erstatningslokale medan Nygårdsgaten 5 vert pussa opp.

Publisert   Sist oppdatert

Nygårdsgaten 5 vert som kjent pussa opp. I byggeperioden skal bygget tømmast nesten heilt. Dei tilsette skal flytta til Kalfarveien 31. Der held Institutt for global helse og samfunnsmedisin til, men dei skal flytta til Alrek helseklynge. Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden informerte om tenesteutviklingsprosjektet i arbeidsmiljøutvalet sitt juni-møte. Saka om flytting til Kalfaret var òg tema i informasjon- og drøftingsutvalet (IDU) sitt april-møte.

Tungodden seier til På Høyden at det vert flytting frå mars 2020.

I referatet frå IDU-møtet heiter det at Kalfarveien var eitt av tre alternativ, og vart valt fordi alle som i dag sit i Nygårdsgaten 5 kan sitja samla der. Det er godt med møterom og kantine i bygget. Tungodden seier at deler av lokala no vert pussa opp.

Å flytta til Kalfarveien var òg det billigaste alternativet.