På dette kontoret vaktar Ivan Vågenes backupen til Universitetet i Bergen. Han har også plass til 240 liter vatn og ein handfull vakre akvariefisk. Foto: Njord V. Svendsen
På dette kontoret vaktar Ivan Vågenes backupen til Universitetet i Bergen. Han har også plass til 240 liter vatn og ein handfull vakre akvariefisk. Foto: Njord V. Svendsen

Lego, bilbaner, tog og akvarium: Velkommen til IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen

— Det må vere lov å lage det litt triveleg på eit kontor.

Publisert

— Eg matar dei litt utpå dagen. Om morgonen søv dei, seier Ivan Vågenes.

Dei er kjenslevare vesen, dei vakre fiskane som lever sine liv på kontoret til overingeniøren i femte etasje i Stein Rokkans hus, på IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen. Når folk kjem inn i rommet, stikk dei seg bort mellom knausar og kratt der inne i det 240 liter store landskapet sitt.

— Sit du i ro ei stund, blir dei meir fortrulege, gjer sine daglegdagse ting.

Daglegdagse ting som å svømme og svømme og svømme rundt. Det gir ei viss ro å sjå på, meiner Vågenes. Dersom HR trur det er noko han innbiller seg, kan dei jo ta ein kikk på dette.

Arealnormene

Statens arealnorm

Regjeringa har bestemt at kontor i framtidige statlege byggeprosjekt ikkje skal overstige 23 kvadratmeter bruttoareal per ansatt.

Fleire norske universitetsbygg blir bygd etter den nye standarden.

Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5 skal byggast om, og i løpet av 2022 skal heile sentraladministrasjonen, med mellom anna IT-avdelinga inn. Planteikningar og arealfordeling er enno ikkje klart.

Det kan vere verd å ta med seg litt ro i det daglegdagse, der Vågenes, i tillegg til å sørge at fiskane får mat litt ut på dagen, jobbar med backup-anlegget til universitetet. Det dreier seg om relativt store datamengder: To petabyte, eller to million milliardar byte, for dei som liker store tal. Mange er avhengige av at han gjer ein god jobb.

— Ein del av oss her på IT treng å få sitje i ro og fred med sine ting, seier Vågenes.

Unclean desk. Eit mykje utprøvd konsept i kontorverda. Foto: Njord V. Svendsen
Unclean desk. Eit mykje utprøvd konsept i kontorverda. Foto: Njord V. Svendsen

Pulten hans er eit kunstferdig kaos, kablar og printerkort, loddeboltar, litt konfekt av merket Sfinx: I sum ein slags hån mot sterile kontorkonsept. Mot clean desk. Free seeting.

Men statens arealnormer spøker i harddiskane.

Stein Rokkans hus skal snart byggast om. Om eit år er det tid for å pakke.

Nerdefaktoren

— Ulikt det mange trur, jobbar mange av oss kreativt her. Vi treng å omgi oss med noko analogt, seier Tor Lædre.

Tor Lædre jobbar i ei digital verd, og kjenner på behov for å balansere kvardagen med meir analoge omigivnader. Foto: Njord V. Svendsen
Tor Lædre jobbar i ei digital verd, og kjenner på behov for å balansere kvardagen med meir analoge omigivnader. Foto: Njord V. Svendsen

Lædre har ei interesse for tog. Kalendrar med til saman 36 foto av tog dekorerer glasfiberstria på veggen. Eit detaljert kart over alle toglinjene til Deutsche Reichsbahn frå 1938 har fått plass på. Det er tog han interesser seg for, altså, om nokon stussar over årstalet.

Ei tekstilskjelpadde (eller er det ein frosk) heng frå taket. Commodore 64 i reolen (ikonisk datamaskin frå 1980-talet).

Mus-eum. IT-avdelinga tar vare på historia. Foto: Njord V. Svendsen
Mus-eum. IT-avdelinga tar vare på historia. Foto: Njord V. Svendsen

Ein skal ikkje gå så langt inn i korridorane på IT-avdelinga før ein kjenner på nerdefaktoren. Eller kanskje er det heller andre faktorar. Som humor, ein trong til å gjere det upersonlege ein smule personleg, ein kjærleik til kontoret – til arbeidsplassen. Eller kanskjer er det nettopp dette som er nerdefaktoren.

Inne på kontoret sitt, klemt mellom fiskane og skjermane, har Vågenes sørga for å ta vare på det gamle kontrollpanelet til ein Univac, ein antikk datamaskin, operativ ved EDB-avdelinga på 1980-talet.

Kaffikrus kan brukast til å uttrykke lengt, eller berre formidle kontorhumoristisk stemning. Foto: Njord V. Svendsen
Kaffikrus kan brukast til å uttrykke lengt, eller berre formidle kontorhumoristisk stemning. Foto: Njord V. Svendsen

Her er muse-museum i gangen. Restane av ein tungregnemaskin er hengt opp som kunst, blir kunst. Likeins pluggebord. Og eit monter som museum for historiske datamaskiner i udødelege design.

Lego seating

— Vi er vel blitt lova at vi skal sleppe free seating, seier Svein Tore Bøe, på nabokontoret til «Tog-Tor».

Han har akkurat ordna seg eit heilt rom til Lego i heimen, og har lossa nokre kilo bort frå kontoret, men litt har han ståande igjen.

Det er ikkje tilfeldig at mange IT-folk er glade i Lego, meiner Sveint Tore Bøe. Foto: Njord V. Svendsen
Det er ikkje tilfeldig at mange IT-folk er glade i Lego, meiner Sveint Tore Bøe. Foto: Njord V. Svendsen

Mest er Lego gøy, og gøy er ein verdi i seg sjølv på ein arbeidsplass, men Lego er også funksjon, meiner Bøe. Når hovudet jobbar med det virtuelle – Bøe driftar virtuelle servarar på universitetet – treng hjernen å få handtere noko konkret.

Særpreget er bra for arbeidsmiljøet

Svein Tore Bøe

— Vi skulle helst hatt ei diger kasse med Lego på kontoret som alle berre kan forsyne seg av. Vi driv mykje med å bygge og setje saman ting på uventa måtar. Det er ikkje tilfeldig at mange IT-folk er glade i Lego.

Bøe er med i Legoforeningen, reiser på festivalar. Og har truleg betre føresetnad enn dei fleste for å bonde med sjuåringen der heime – og kanskje også med kollegaer.

Legomann passar på legoversjonen av ein Commodore 64 på kontoret til Svein Tore Bøe. Foto: Njord V. Svendsen
Legomann passar på legoversjonen av ein Commodore 64 på kontoret til Svein Tore Bøe. Foto: Njord V. Svendsen

— Eg håper dei legg til rette for å for slike trivselsfaktorar som vi har her, seier Bøe, og tenker på den kommande ombygginga og den framtidige, truleg reformerte, kontorsituasjonen.

— Eg håper det ikkje blir for sterilt, det ville ha vore synd. Særpreget er bra for arbeidsmiljøet, eg håper dei legg til rette for trivselsfaktorane, seier han.

Har vi forresten sett bilbanene inne hos Christoffer?

— Jau, vi er nok litt meir California i stilen enn IT-avdelingar flest, litt lausare i snippen, seier Christoffer Krzywinski, senioringeniør.

Formel 1, It-avdelinga. Foto: Njord V. Svendsen
Formel 1, It-avdelinga. Foto: Njord V. Svendsen

Han har eit romslig og påfallande ryddig kontor. I ein krok står stabelen med bilbaner. Til overtidsbruk, kanskje.

Elleve-to-og-åttien

I det aktivitetsbaserte akvariet rykker dei til i det kollega Hans Morten Kind, kjem innom kontoret.

Utanfor sitt eige kontor har Kind ein perla dekorasjon hengande. Ein eller annan her på IT liker å perle og har hjelpt å pynte.

Kind og Vågenes kjem i snakk om denne museumsgjenstanden som legg beslag på halve pulten. Kind jobba sjølv på denne datamaskinen av merket Univac, «elleve-to-og-åttien», då han kom til EDB-avdelinga i 1984.

På veggen får innmat frå gamle datamaskiner eit nytt liv som kunst. Foto: Njord V. Svendsen
På veggen får innmat frå gamle datamaskiner eit nytt liv som kunst. Foto: Njord V. Svendsen

Den gongen holkortoperatørane gjekk på skift. Frå 08 til 23.

— Det er gøy, då, å ta vare på gammal teknologi. Det har vore ei utruleg utvikling, seier Vågenes.

Også akvariet var eigentleg berre noko som stod igjen etter han som jobba her før han, då Vågenes flytta inn på dette kontoret i 2007. Deretter «ballet det på seg».

Backupen

Heime har han no eit 520 liters akvarium, dobbelt så stort som det han har her. Han har i tillegg skaffa seg eitt akvarium ekstra på kontoret. Ein backup.

— No når det skal byggast om her, så må vel akvariet ut, tenker eg, seier Vågenes, utan å legge særleg med patos i det. Han er kanskje nerd, men sentimental er han ikkje. Meir lakonisk.

Å stire litt på fisk kan dempe stresset, meiner Ivan Vågenes. Foto: Njord V. Svendsen
Å stire litt på fisk kan dempe stresset, meiner Ivan Vågenes. Foto: Njord V. Svendsen

— Det må vere lov å lage det litt triveleg på eit kontor, seier Vågenes.

Han ser på dei og dei ser på han. Fiskane er igjen fortrulege og gjer sine daglegdagse ting.