Ti kroner her og ti kroner der... Det finst mange tusenlappar å henta hos ulike fond og legat ved UiB. Foto: Paul Erik Rosenbaum
Ti kroner her og ti kroner der... Det finst mange tusenlappar å henta hos ulike fond og legat ved UiB. Foto: Paul Erik Rosenbaum

14 millionar ventar på deg

UiB deler årleg ut minst 14 millionar kroner frå fond og legat. Sjå kven som har fått pengar i år.

Published   Updated

— Søk, oppmodar Kristin Hansen.

Ho er rådgivar ved Forskningsadministrativ avdeling, og jobbar mellom anna med UiB sine fond og legat. Dei er mange i talet, men tre av dei gjeld heile UiB: Bergen universitetsfond, Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat og midlar til vitskapelege reiser og forskingstermin. Det siste vert delt ut frå L. Meltzers Høyskolefond. Det vert òg prosjektstipend, som går til studentar og stipendiatar.

Dette er fond og legat som har til felles at dei alle har til formål å støtta ulike delar av verksemda ved UiB.

— Ein må lesa retningslinjene, og vita at ein fyller krava til å kunne få støtte, og fyller krava til det ein kan få støtte til. Men dersom ein får avslag eitt år, er det berre å søkja att neste, seier Hansen.

Gamle pengar

Det er gamle pengar som vert delt ut. Fond og legat er pengar sett av til spesielle formål.

Her er dei ulike fonda

For heile UiB:

Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat:

Skal fremja utdanning, forsking og formidling ved uib. Skal bidra til forskingsbasert pedagogikk som fremjar læring i undervisninga.

For vitskapeleg tilsette, postdoktorar og ph.d.-ar. Må ha minst 50 % stilling, eller tilsetjing eit år fram i tid.

L. Meltzers høyskolefond:

Delt i fleire delar, pengar vert òg gitt til dei ulike Meltzerprisane.

Faste vitskapelege tilsette kan søkja pengar til reiser og pengar knytt til forskingstermin. Er ein eigen del som skal gå til prosjektstipend til studentar. Dette skal vera til dei flinkaste studentane, i hovudsak på master/doktorgradsnivå.

Bergen universitetsfond:

Var eigentleg 13 mindre fond og legat. Dette er for vitskapeleg tilsette i fast stilling, og fondet skal særleg fremja grunnforsking, annan vitskapeleg verksemd og formidling og publisering av forskingsresultat ved UiB.

Studentlegat:

Signy og Ellert Wallendahls legat. Ellert starta Wallendahl i 1822. I 2016 vart dette legatet slått saman med fem andre: Overretssagfører N.J. Martens og hustru Gudrun Martens f. Koefoeds Legat, Carl Johan Storetvedts Legat, Sorenskriver Joachim Monssens Legat, Margrethe Bredal og Olaf Lies Legat og Fridtjof Sundts Legat.

Frøken Lina Asbjørnsens studiefond til dyktige studentar på mat.nat, mest marin.

L. Meltzers høyskolefondprosjektstipend.

Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat

For alle legata heiter det at ein må ha 60 studiepoeng og karakteren B eller betre.

— Dette er pengar frå ei tid prega av andre vilkår. Det var rike bergensarar som ville gi pengar for å støtta bestemte grupper, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Ein finn namn som både Wallendahl og Martens når ein ser på kven som oppretta ulike fond og legat. For nokre år sidan vart fleire av dei mindre fonda slått saman, rett og slett fordi dei var så små at administrasjonsutgifter åt opp store deler av det som kunne verta delt ut.

Lauritz Meltzer står bak det største fondet. Han var ein forretningsmann som mellom anna tok initiativ til å bygga Konsertpaleet, og han var hovudaksjonær i avisa Morgenavisen. I 1939 bestemte han at store deler av formuen hans skulle gå til eit fond til beste for eit bergensk universitet – så lenge universitetet var etablert før det hadde gått ti år. Meltzer døydde i 1943. I 1946 kom vedtaket om å oppretta UiB.

— UiB fekk fem millionar kroner frå Meltzer. Fram til no har det vorte delt ut om lag 500 millionar kroner frå Meltzerfondet. Det kan ein gjera fordi ein har ei god forvaltning av pengane, seier Bernstrøm.

Søkte om seks millionar

Fonda og legata er organisert som stiftelsar. Kor mykje som vert delt ut kvart år varierer, og innvilgelsesprosenten varierer òg.

— Nokre legat har svært spesifikt formål og får gjerne ikkje så mange søknader, medan andre har breitt formål og kan få svært mange kvalifiserte søknader. Det finst døme på stiftelsar som enkelte år har kunne dela ut midlar til alle kvalifisere søknader.

Det opplyser Kirsti Robertson Aarøen, underdirektør hos økonomiavdelinga, til På Høyden. Ho seier at Bergen Universitetsfond er eit døme på det motsette. Her kjem det kvart år inn svært mange søknader. Ved utlysinga i 2018 kom det inn 68 søknader med ein samla søknadssum på 6.142.580 kroner. Styret for stiftelsen fatta vedtak om tildeling til 27 av søknadane og samla tildelingsbeløp var 1 161 741 kroner.

Dei ulike Meltzerprisane vert delt ut på det som var hans fødselsdag, 8. mars. Same dag vert det offentleggjort kven som får tildeling frå dei andre fonda og legata.

— Søknadsfristen er alltid 1. desember. Pengane får ein om lag 1. april året etter, og då har ein til neste sommar på å bruka midlane, forklarar Hansen.

Eystein Jansen var blant prismottakarane under årets Meltzermiddag. 8. mars vert det offentleggjort både kven som får Meltzer-prisar, men òg kven som får pengar frå ymse fond og legat. Foto: Thor Brødreskift
Eystein Jansen var blant prismottakarane under årets Meltzermiddag. 8. mars vert det offentleggjort både kven som får Meltzer-prisar, men òg kven som får pengar frå ymse fond og legat. Foto: Thor Brødreskift

I år har det altså vorte delt ut nesten 1,2 millionar frå Bergen universitetsfond, 415 000 frå Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat og 11 220 000 frå Meltzerfondet. 3 075 000 av desse er til prosjektstipend for studentar. I tillegg finst det ei heil rekkje fakultetsvise fond og legat, særleg knytta til Det medisinske og Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Men det finst òg pengar som skal gå til forsking innan botanikk – og det finst eigne studentlegat, til dømes til flinke studentar innan marine fag.

Det var rike bergensarar som ville gi pengar for å støtta bestemte grupper.

Kjell Bernstrøm, universitetsdirektør, UiB

Ikkje løn

Det finst ein eigen innstillingskomité for kvart enkelt fond og legat. Dei går nøye gjennom søknadane. Deretter er det styret for fondet eller legatet som tek avgjerdslene og fattar vedtak om tildelingar.

— Det er mange søknader å gå gjennom. Det luraste ein kan gjera som søkjar, er å vera spesifikk når det kjem til utgifter. Då er det større sjanse for å få det ein søkjer om, i staden for å berre søkja om maksimal sum. Studentar som søkjer, må ha med godkjenning frå rettleiar, forklarar Hansen.

Felles for alle fonda og legata er at dei ikkje skal brukast som løn. Vitskapeleg tilsette kan til dømes søkja om reisemidlar eller om å få dekka konferanseavgifter når dei har fått forskingstermin. Studentar kan òg få dekke konferanseavgift, eller dei kan reisa på feltarbeid.

— Det var ein student no som ville reisa til Asia på feltarbeid. Vedkommande fekk maksimal utteljing, 75 000 kroner, seier Hansen.

— Er det nokon som hentar pengar frå fleire ulike fond og legat?

— Ja, det er jo alltid nokon som har knekt ein kode, smiler Hansen, og legg til:

— I Noreg finst det veldig mange stiftelsar, og mange av desse har forsking og utdanning som formål. Stiftelsane er ei fantastisk kjelde der forskarar og studenter kan søkja om midlar til prosjekt, som dei ikkje elles ville fått moglegheit til å gjennomføra.

Fekk pengar til studentprosjekt

Anya Helene Bagge er førsteamanuensis ved Institutt for informatikk. Nyleg fekk ho vita at ho får 60 000 kroner til prosjektet «Digital studentaktiv læring med «Puffin»».

Anya Helene Bagge fekk 60 000 kroner, og har fått pengar frå fond og legat tidlegare òg. Foto: privat
Anya Helene Bagge fekk 60 000 kroner, og har fått pengar frå fond og legat tidlegare òg. Foto: privat

«Puffin» er eit aktivt læringssystem for studentar som skal læra å programmera, og fungerer som ein portal der studentane kan gjera oppgåver, få tilbakemelding og halda oversikt over framgang.

— Portalen er utvikla delvis ved at me har leigd inn studentar. No kan me halda fram med det, seier Bagge nøgd.

Pengane kom frå Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat. Bagge har tidlegare òg fått pengar herifrå, og ho har fått reisestipend frå Meltzerfondet.

— Det fekk eg ikkje i år, men stipendiaten eg rettleiar har fått. Eg plar òg masa på studentane og fortelja dei at det kan vera midlar å henta. Mellom anna har mat.-nat fleire eigne fond, seier Bagge.

Til «Puffin»-prosjektet har ho søkt midlar fleire stader, men no kjem ho i gang.

— For det første er det ein stor fordel at dei som skal læra programmering faktisk gjer praktiske oppgåver. For det andre er det ein fordel at ein jobbar i same system. Eg som underviser får då enkelt tilgang til resultata, og ser kva studentane jobbar med, seier Bagge, som underviser 600 studentar i programmering.

No kan ho bruka systemet til å sjå kva studentane ikkje får til – og til å masa på dei som ikkje gjer dei oppgåvene som er forventa. Samstundes meiner førsteamanuensen at «Puffin» òg gir utgangspunkt for forsking, mellom anna på om kvaliteten på det studentane gjer aukar når dei får automatisk tilbakemelding undervegs, og om dei har meir utbytte av aktiv problemløysing under førelesingane.

Slik ser Puffin ut. Her kan førsteamanuensis Anya Helene Bagge både hjelpa og halda oversikt over studentane sitt arbeid.
Slik ser Puffin ut. Her kan førsteamanuensis Anya Helene Bagge både hjelpa og halda oversikt over studentane sitt arbeid.