Anne Marit Skarsbø hadde siste arbeidsdag på UiB 1. juli. No skal ho skriva noko om røynslene ho har fått etter å ha jobba med likestilling i snart ein generasjon. Foto: Hilde Kristin Strand
Anne Marit Skarsbø hadde siste arbeidsdag på UiB 1. juli. No skal ho skriva noko om røynslene ho har fått etter å ha jobba med likestilling i snart ein generasjon. Foto: Hilde Kristin Strand

Har vore likestillingsansvarleg i over tjue år. No vert ho pensjonist.

Anne Marit Skarsbø vart likestillingsrådgivar ved UiB i 1997. Når ho no går av for aldersgrensa, vert stillinga hennar ikkje erstatta.

Publisert

«Kamp mot all kvinneundertrykking».

Det stod det på eit stort banner i 8. marstoget i Bergen i 1975. Bergens Tidende tok bilete av toget, og der, like under fana, gjekk Anne Marit Skarsbø. Den gongen 23 år og småbarnsmor.

— Der er er eg, peikar ho.

— Eg gjekk med barnevogn og mann. Desse mennene måtte jo vera med, ler ho.

Skulle ta realfag

Sosiologi-studenten visste det ikkje då, men det var likestilling som skulle koma til å prega store deler av arbeidslivet hennar: Ein lang periode i Hordaland fylkeskommune, der det gjennom distrikta sitt utviklingsfond handla om å få fleire kvinnearbeidsplassar i distrikta. Og frå 1997: Stilling som likestillingsrådgivar ved Universitet i Bergen. Meir om det seinare.

For det var i dei tidlege 1970-åra at Skarsbø sitt engasjement for alvor vart vekt. Ho byrja på Katten i 1968, og tok reallinja, med russisk i tillegg, der. Men samstundes fekk ho med seg eit feministisk bølgje frå 1968-generasjonen. Second wave feminism, skriv ho om i ein artikkel i Kifinfo.

— Det handla om likestilling mellom kvinner og menn, men òg om meir sosial rettferd og frigjering for lesbiske og homofile. Andre rørsler, som målrørsla, kom òg sterkt i desse åra, seier Skarsbø.

Så då ho byrja på Universitetet i Bergen vart det ikkje noko av realfaga, men derimot samfunnsfag, med hovudfag i sosiologi. Dotra vart fødd medan begge foreldra var studentar, noko som slett ikkje var uvanleg på 1970-talet. Dei ordna seg slik at dei var heime annankvar dag, og fekk til og med dela ein lesesalsplass.

— Eg har jobba som vitskapleg assistent, som hjelpelærar og som stipendiat, seier Skarsbø.

— Men det vart ikkje doktorgrad?

— Nei, det vart ikkje det, eg slutta før eg var ferdig. Det har eg angra på, men det var slik det var. Den gongen kunne ein få stilling som førsteamanuensis utan å ha gjort ferdig avhandlinga, mange gjorde det etter å ha fått jobb.

Kan ein vera mot mangfald?

22 år. Så lenge har Anne Marit Skarsbø vore likestillingsrådgivar ved UiB. Ho vart oppmoda til å søkja denne stillinga, og begynte i 1997. I løpet av dei vel tjue åra etter har likestillingsomgrepet endra seg. Frå å først snakka om likestilling mellom kvinner og menn, er likestillingsomgrepet i dag utvida, og i nokre tilfelle erstatta av «mangfald».

— Det synest eg er eit uklårt omgrep, seier Skarsbø tydeleg.

— Eg meiner at mangfald som omgrep ikkje kan erstatta likestilling. Ja, desse to tinga heng saman, men ikkje alltid. Og kven vil seia at dei er imot mangfald?

I 2008 fekk UiB Kunnskapsdepartementets likestillingspris. Noko av bakgrunnen var handlingsplanen for betre kjønnsbalanse som var laga. Seinare har UiB tatt i bruk det utvida likestillingsomgrepet. Det er mykje vidare enn å berre omfatta kjønn.

— Me såg på kva grupper som er verna mot diskriminering gjennom ulike lover, forklarar Skarsbø, og nemner etnisitet, hudfarge og nasjonalt opphav, religion, seksuell orientering, funksjonsevne og alder.

— Me har faktisk handsama nokre saker knytt til alder. Det er ikkje slik at ei stipendiatstilling lenger er ei rekrutteringsstilling, så her skal ein sjå på det beste prosjektet – uansett alder på den som søkjer.

Alle tilsetjingssaker ved UiB skal gjennom likestillingskomiteen. Men det er berre fem-seks diskrimineringssaker som vert handsama i løpet av eit år. Det er færre enn før.

— Det er stort sett tilsetjingssaker me går inn i, seier Skarsbø.

— Kva tenkjer du om tilsetjingssaka ved NTNU, der det vart tilsett ti menn til ti ledige stillingar?

— Eg vil ikkje meina så mykje om den saka. Men det var nok noko me hadde sett nærare på om det var her.

Skjerpa konkurranse

Dei siste åra har likestillingsarbeidet handla mykje om å få fleire kvinner inn i vitskapelege toppstillingar. Gjennom det forskingsrådsstøtta prosjektet Balanse Bergen var målet å få fleire kvinnelege professorar. Dei siste åra har det vore flest kvinnelege studentar, litt fleire kvinnelege stipendiatar – men så skjer det noko. Kvinnene forsvinn.

— Men kva om kvinnene ikkje vil ha ei vitskapeleg karriere?

— Det kan sjølvsagt vera ei delforklaring. Konkurransen er skjerpa, og det er nok mange som veljer akademia vekk, seier Skarsbø.

Ho peikar på noko heilt openbert: Det er kvinner som føder barn. Det er kvinner som ammar. Og, sjølv om menn og kvinner i større grad enn før deler på omsorgsarbeidet, så viser den årlege likestillingsstatistikken at det er kvinner som i størst grad er heime med sjuke barn.

Krava for å få ei fast stilling er så harde i dag, og det kjem mange høgt kvalifiserte søkjarar frå utlandet. Dei er gjerne menn, kjem ofte utan familie – og kan jobba døgeret rundt

Anne Marit Skarsbø

Noreg har vorte peika på som eit av landa der det er mogleg å kombinera ei vitskapeleg karriere med små barn, men Skarsbø er usikker på om det stemmer heilt lenger.

— Me har jobba mykje med å legga til rette for særleg kvinnelege stipendiatar. Dette har gitt gode resultat. Men krava for å få ei fast stilling er så harde i dag, og det kjem mange høgt kvalifiserte søkjarar frå utlandet. Dei er gjerne menn, kjem ofte utan familie – og kan jobba døgeret rundt, seier Skarsbø.

Ho meiner teljekantsystemet står i motstrid til vårt ideal om å kombinera karriere med familieliv, der karrieren skal byggast i dei travlaste småbarnsåra.

Ho viser òg til rapporten som vart laga i samband med Balanse-prosjektet. Den viser at det er mange underliggande strukturar i akademia, som kanskje råkar kvinner hardast.

— Noko av denne diskrimineringa er ikkje nødvendigvis bevisst. Men det handlar om kven som treffer kvarandre i uformelle fora, ulike forventingar til kvinner og menn, og blikket som kjem fordi ein går litt tidleg for å henta i barnehagen, seier Skarsbø engasjert, og held fram:

— For nokre år sidan vart det arrangert eit medietreningskurs, der institutta kunne senda ein representant kvar. Det var berre menn som vart funne verdige.

Anne Marit Skarsbø og dåverande rektor Sigmund Grønmo i kvar sin rullestol på campus. Det viste seg å ikkje vera berre enkelt. Foto: Dag Hellesund
Anne Marit Skarsbø og dåverande rektor Sigmund Grønmo i kvar sin rullestol på campus. Det viste seg å ikkje vera berre enkelt. Foto: Dag Hellesund

Vil ha alle med

Når Skarsbø no vert pensjonist, vert ikkje stillinga hennar erstatta. Det vil seia, det er framleis nokre som skal ha likestilling som arbeidsfelt, men det skal ikkje vera ein eigen likestillingsrådgivar.

— Ansvaret skal ligga her ved HR-avdelinga, og eg er oppteken av at ein må syta føre at likestillingsarbeidet vert gjort. Men samstundes må ein få heile universitetet med når ein snakkar om likestilling og mangfald, seier Skarsbø.

Ho vert framleis litt skrekkslagen ved tanken på turen ho og dåverande rektor Sigmund Grønmo hadde rundt på campus – med På Høyden på slep. Grønmo i rullestol – og han velta. Målet var å visa kor vanskeleg det kan vera å bevega seg rundt dersom ein har nedsett funksjonsevne.

— Eigedomsavdelinga har ei viktig rolle i å legga til rette for alle typar tilsette. Men topografien her og mange av bygga våre er nok rett og slett ikkje så lette å få universelt utforma, sukkar Skarsbø.

Ho seier at å jobba med likestilling til tider kan vera ein einsam jobb.

— Kjenner ein på at nokon meiner at «der kjem ho kjeftesmella igjen»?

Når ein snakkar om likestilling er det fort gjort at menn kjenner seg hengt ut. Men det handlar ikkje om dei som enkeltpersonar, det handlar meir om gamle strukturar.

AnneMarit Skarsbø

— Akkurat. Når ein snakkar om likestilling er det fort gjort at menn kjenner seg hengt ut. Men det handlar ikkje om dei som enkeltpersonar, det handlar meir om gamle strukturar. Det er desse strukturane me må våga å utfordra, ikkje leita etter syndebukkar.

Kanskje kjem det ei bok?

I vår var Skarsbø på Kreta. I tillegg til at det vart ei morosam likestillingshistorie ut av det; det var veka då både ho, dotra, svigerdotra og svigerdotra si mor var vekke på jobbreise, og bestefedrene til slutt måtte inn for å få liva til å gå rundt for småbarnsfedrene, vart det opptakten til noko som vert ein artikkel. Eller kanskje ei bok.

— LUN-nettverket, som er nettverket for likestillingsrådgivarar ved universiteta i Noreg, har vore viktig for meg i alle dei åra eg har vore likestillingsrådgivar. Gjennom det har me gitt kvarandre fagleg og moralsk støtte og me har bidratt til å utvikla likestillingsarbeidet nasjonalt og faktisk også internasjonalt. No er det fleire av oss som kan kallast seniorar, og nokre av oss er på veg ut av arbeidslivet. Difor har me snakka om at me skal skriva noko om likestillingshistoria i norsk akademia, seier Skarsbø.

Ho er i ferd med å pakka seg ut av kontoret. Alle kassane med det som er samla gjennom eit langt arbeidsliv skal flyttast til hytta. Der ventar ei lita skrivarstove.

— Eg skal ikkje vera noko sjuande mor i huset. Eg har fylt 67 no, og det siste året har eg vore mykje sjukmeld på grunn av prolaps i nakken. No har eg kjent på at det er på tide at yngre krefter med nye tankar, erfaringar og ideear overtek, seier Skarsbø ærleg.