Gerd Kvale og Bjarne Hansen skal leia eit nytt forskingssenter. Foto: Dag Hellesund
Gerd Kvale og Bjarne Hansen skal leia eit nytt forskingssenter. Foto: Dag Hellesund

Håpar nytt senter kan gjera fleire friske frå psykiske lidingar

Psykologiprofessor Gerd Kvale sin behandlingsmodell for angstlidingar er allereie eksportert. No opnar eit senter som skal finna ut kva mekanismar det er som fører til endring i hjernen.

Publisert   Sist oppdatert

Fredag opna det nye forskningssenteret Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP).

Tvangsliding

Tvangsliding, òg omtalt som OCD (Obsessive Compulsive Disorder) er ei psykisk liding som rammar 1-3 prosent av befolkninga.

Uønska tankemønster dukkar opp i hovudet, og kan ofte handle om frykt for å bli smitta eller smitte andre, brann, innbrot eller ulukker. Tankane kan og vere upassande, med seksuelt eller blasfemisk innhald.

Tankane fører ofte til at pasientane utfører tvangshandlingar.

Overdriven vasking eller sjekking av låste dører, komfyrplater etc. er vanleg. Overdriven symmetri og mentale ritual som å telje til særskilde tal er òg vanleg.

Kjelder: Ananke, Wikipedia

Psykologiprofessor Gerd Kvale skal saman med kollega Bjarne Hansen, også han professor i psykologi, leia senteret. Dei to har allereie jobba saman i fleire år, og har utvikla ein metode for korleis ein kan behandla tvangslidingar på berre fire dagar. Denne metoden er eksportert til USA.

Det nye senteret skal finna årsaker til at behandlinga har så god effekt, og forskinga skal også bidra til at metodikken kan bli brukt i behandling av andre angstlidingar, heiter det i ei pressemelding.

Tverrfagleg

I same pressemeldinga fortel Kvale at målet med senteret er å finna ut kva for mekanismar som gir endring i hjernen, slik at ein kan hjelpa endå fleire til å bli friske frå psykiske lidingar.

— I senteret har vi med oss dei fremste forskarane i verda på genetikk, epigenetikk (læra om korleis både arv og miljø formar oss) og hjerneavbilding, og målet er å identifisera kva for mekanismar som kan forklara variasjonar i behandlingseffekten hos ulike pasientar, seier Kvale.

Tvangslidingar

Det er menneske med tvangslidingar, såkalla OCD, som så langt har vist seg å ha god effekt av eit firedagars behandlingsprogram. Men no vil ein tilby dette til menneske med ulike angstlidingar, har Kvale tidlegare sagt til På Høyden.

— Det er først dei seinare åra at OCD-pasientar har fått eit tilbod. Det er av lidingane det har vore mest behandlingspessimisme rundt, sa Kvale.

I fjor haust hamna ho og Hansen på Times Magazine si liste over dei femti menneska i verda som gjer mest for å endra helsetenestene.

Spleiselag

BCBP er etablert i samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen med støtte frå Trond Mohn stiftelse (tidlegare Bergens forskningsstiftelse) og Kavlifondet.