Disputas og deretter doktorpromosjon markerer at ein har fått doktorgrad. Men for mange er vegen dit lang - og nokre kjem aldri i mål.
Disputas og deretter doktorpromosjon markerer at ein har fått doktorgrad. Men for mange er vegen dit lang - og nokre kjem aldri i mål.

To underkjenningssaker til klagenemnda

Publisert

I snitt handsamar den sentrale klagenemnda mindre enn ei sak om underkjente doktorgrader i året. I februarmøtet skal dei handsama to.

Når den sentrale klagenemnda ved UiB har møte i slutten av månaden, får dei to saker om underkjende doktorgrader på sitt bord. Dette er uvanleg, i snitt vert det handsama mindre enn ei slik sak i året, får På Høyden opplyst frå klagenemnda.

Som På Høyden skreiv førre veke har ein ikkje klagerett på ei underkjent doktoravhandling. Ein har høve til å koma med merknader til den sakkunnige vurderinga, og desse vert lagt ved vurderinga, som skal handsamast i fakultetsstyret. Dersom fakultetsstyret konkluderer med at saka ikkje er god nok for disputas, kan saka gå vidare til den sentrale klagenemnda. Då er det forvaltningsmessige høve ein kan klaga på.

Underkjent to gongar

Ei av sakene som skal opp i klagenemnda, er Ann-Kristin Molde si. På Høyden har skrive om henne før: I fjor vår vart avhandlinga hennar underkjent for andre gong. Saka har tatt lang tid, frå komiteen si innstilling om underkjenning kom før jul 2017 måtte det to rundar til i fakultetsstyret før vedtaket om underkjenning kom i mai 2018. Molde rekna med at saka skulle opp i den sentrale klagenemnda i januar-møtet, men begge doktorgradssakene kjem i staden opp i februar.

Molde si sak handlar om at ho har fått to svært ulike tilbakemeldingar på avhandlinga si. Då ho første gong fekk underkjent avhandlinga si i 2013, tilrådde komiteen ny innlevering og ga henne ei liste over ting som burde betrast før ny levering. Med professor Gjert Kristoffersen som rettleiar gjekk ho i gang, og leverte på nytt i 2017. Begge vart svært overraska over at den nye sakkunnige komiteen òg underkjente. Den nye komiteen kritiserte i hovudsak metodane ho nytta, noko som ikkje vart lagt avgjerande vekt på av den første komiteen. Fleirtalet i den andre komiteen var òg med i den første.

Dette er ein av grunnane til at Molde har klaga saka inn til den sentrale klagenemnda.

– Eg har fått to sprikande vurderingar, og det bør vera betre samsvar. Eg meiner òg at det er ein forvaltningsmessig feil at metodiske val som ein har fått godkjent som del av forskarutdanninga vert underkjenningsgrunn, seier Molde.

Fekk ikkje ny komité

– I Molde sitt tilfelle har ein ein rettleiar og eit fagmiljø som har gått god for prosjektet. Molde har reist på konferansar og presentert prosjektet, utan at nokon har kome med innvendingar, seier Kristoffersen.

Han var ikkje rettleiar då prosjektet vart utforma og første versjon av avhandlinga vart skriven.

Molde seier ho er skuffa over fakultetet si handsaming av saka, og meiner dei gjennom å ikkje godkjenna avhandlinga på grunnlag av metodeval som var godkjent av rettleiar og fagmiljø, indirekte reiser tvil om fagmiljøet sin rettleiarkompetanse og i verste fall om miljøet held eit tilstrekkeleg fagleg nivå.

Då saka var oppe i fakultetsstyret i mai 2018 vart forslaget om å oppretta ein ny komité nedstemt. Det vart fremja av Kjetil Berg Henjum, som sa til På Høyden tidlegare i veka at han helst ville bede om ei sjølvstendig vurdering frå to nye sakkunnige. Den gamle ph.d.-forskrifta opna ikkje for dette med mindre det var dissens i komiteen, men den forskrifta som vart vedteken før jul, opnar for det dersom fakultetsstyret finn grunn til tvil.

– Å føreslå ny komité var det einaste alternativet fakultetsstyret hadde, kommenterer Molde.

Kva rettar har ein?

– Det grunnleggande spørsmålet er: Kva rettar har ein som kandidat, spør Kristoffersen.

Prorektor Margareth Hagen sa i På Høyden førre veke at klagerett for stipendiatar vil vera vanskeleg å sjå føre seg som eit reelt alternativ. Ho har tidlegare vore dekan ved Det humanistiske fakultetet.

– Du har òg vore dekan, Kristoffersen. Korleis jobba de med underkjenningssaker då du leia fakultetsstyret?

– Ein må sjå på argumentasjonen i det den sakkunnige komiteen skriv. Det er sjølvsagt vanskeleg å gå inn i det faglege, men ein må sjå på to ting: Den faglege argumentasjonen og på kva vurderingsgrunnlag komiteen nyttar. Skiftar det undervegs? Det viktige arbeidet ligg i saksframlegget, særleg når ein har ei andregangsunderkjenning, seier Kristoffersen.

Har teke lang tid

Kristoffersen er kritisk til at fakultetet har brukt så lang tid på å senda Molde si sak over til klagenemnda.

– Tidsbruken er belastande, seier Molde.

– Kva tenkjer du om å stå fram offentleg i ei slik sak?

– Det har positive og negative sider. Eg har mange nok bein å stå på, og folk som støttar meg, seier Molde, som har jobb utanfor UiB.

– Eg klagar på prinsipielt grunnlag. Me treng ei vurdering av om det som har skjedd i denne saka er i tråd med god og forsvarleg sakshandsaming.

Medforfattarskap og kappe

Den andre doktorgradssaka som skal opp i klagenemnda, er ei doctor philos-sak. Her handlar det mellom anna om bruk av feil forskrift, om medforfattarskap og om korleis den såkalla kappa til ei avhandling skal vera.

Kandidaten ønskjer ikkje å seia så mykje om saka, og planlegg å levera avhandlinga på nytt når han får tid. I dag har han jobb i akademia, men utanfor UiB.

– I denne saka synest eg fakultetet har opptredd slik ein kunne forventa. Fakultetsstyret ville ikkje overprøva den sakkunnige komiteen. Men saka har tatt veldig lang tid, seier kandidaten.

Det går òg fram av sakspapira: Kandidaten sin klage på vedtaket vart ikkje sendt til den sakkunnige komiteen før saka skulle handsamast i fakultetsstyret. Dette gjorde at saka ikkje vart handsama i fakultetsstyret før hausten 2018 – over eit år etter at saka vart handsama første gong.

Dersom ein ikkje kjem gjennom i klagenemnda, kan saka klagast inn for Sivilombodsmannen. For nokre år sidan var ei doktorgradssak frå UiB oppe der, og kandidaten fekk medhald. Den saka handla om kven som kunne vedta tvungen avslutning av ph.d.-utdanning.