Det byrja med elevrådsleiarvervet på vidaregåande skule. No vert Andreas Trohjell UiB-studentane sin fremste talsperson. Foto: Silje Katrine Robinson
Det byrja med elevrådsleiarvervet på vidaregåande skule. No vert Andreas Trohjell UiB-studentane sin fremste talsperson. Foto: Silje Katrine Robinson

Her er studentane sin nye leiar

Andreas Trohjell er ikkje så glad i å arrangera fest. Nemner nokon politikk, får pipa ein heilt annan lyd.

Publisert

Tidleg i juni vart Andreas Trohjell valt til leiar for Studentparlamentet i Bergen. Det betyr at han sit i arbeidsutvalet og skal vera heiltidspolitikar eitt år til. I fjor var han fag- og forskingsansvarleg, og ein av fire studentar som hadde permisjon frå studia. I tillegg sit han i Norsk studentorganisasjon sitt sentralstyre.

— Eg har studieplass på master, men har søkt permisjon igjen, humrar 23-åringen.

Han viser veg til møterommet og orsakar at det er litt rotete. Arbeidsutvalet sitt kontor vegg i vegg er i ferd med å verta rydda for sommaren.

Ein einsleg realfagssvale

Den då 19 år gamle Andreas kom frå sørlandsbyen Arendal til Bergen for å studera matematikk. Eit heller uvanleg val for ein ung mann som har vorte studentpolitikar.

— Dei andre tre i arbeidsutvalet har studert samanliknande politikk. Det er det eller administrasjon og organisasjonsvitskap som er vanleg, smiler Trohjell.

I fagutvalet var det mest snakk om å arrangera sosiale samankomstar. Eg oppdaga at eg ikkje var så glad i å organisera slikt.

Andreas Trohjell

Men nettopp matematikken vart inngangsporten til eit engasjert studentliv. Det byrja med plass i fagutvalet, og derifrå vart det fakultetsstyre og varaplass til universitetsstyret – og så altså studentparlamentet.

— Eg var heilt ny i byen då eg kom til UiB. Men eg kom inn i eit lite miljø, me var berre ti studentar som byrja på bachelor den hausten. Det betydde at det vart mykje samhald òg på tvers av kulla, fortel Trohjell.

— I fagutvalet var det mest snakk om å arrangera sosiale samankomstar. Eg oppdaga at eg ikkje var så glad i å organisera slikt, men meir interessert i dei politiske sakene.

I studentparlamentet representerer han Realistlista. Det er ei liste som vart starta som eit alternativ.

— Me ønska å vera ein motpol til å snakka om boikott av Israel og kjønnskvotering. Me opplevde at det var ein del metadebattar i studentpolitikken, seier Trohjell.

Bittert nederlag

— Kva er det som driv deg?

— Eg er nok avhengig av å sjå resultat, og har lyst å få gjennomslag, seier Trohjell.

Me ønska å vera ein motpol til å snakka om boikott av Israel og kjønnskvotering.

Andreas Trohjell

Han innrømmer at det siste året har gitt studentane to bitre tap. Først fekk ein ikkje gjennomslag i saka om nytt valreglement ved UiB. Deretter vart det ikkje innført bot for forseinka sensur. Den sistnemnde saka svei, innrømmer Trohjell.

— Kva vert dei viktigaste sakene det komande året?

— Det me først går i gang med er revisjon av strategi og handlingsplan.

Studentpolitikken er på mange måtar tosidig. På den eine sida har ein dei lokale sakene. På den andre sida har ein dei nasjonale sakene – som òg angår studentar ved UiB. Ei av desse sakene er saka om Statsbygg skal overta universiteta sine bygg. Dette er ei sak som særleg er aktuell for dei fem eldste universiteteta, ofte kalla U5, og studentpolitikarane ved desse insitusjonane skal treffast for å legga ein felles strategi.

— Det er logisk å tenkja at de meiner at ein skal eiga sjølve?

— Det gjer me. Utan å eiga sjølv kan me til dømes ikkje få på plass ein studentvilla, seier Trohjell engasjert.

Han meiner ein studentvilla er viktig på fleire måtar. Det same er dei fakultetsvise barane som no har kome på plass. For det er vanskeleg å snakka med ein påtroppande studentleiar utan å nemna SHoT-tala, tala frå studentane si helse- og trivselsundersøking, som viser at mange studentar er einsame og slit med psykiske vanskar.

— Eg er sjølvsagt uroa for studentane når tala er som dei er og den økonomiske støtta er som ho er, seier Trohjell.

I studentvillaen skal ulike studentorganisasjonar inn. Dei fakultetsvise pubane meiner Trohjell er viktige for å få fleire til å kjenna seg heime ein stad. Her kan det verta arrangert fagleg-sosiale hendingar – som kanskje er lettare å koma til dersom ein ikkje kjenner så mange.

Dårlegare råd enn foreldra

Men for å kunne kjøpa mat eller drikke må ein ha pengar. Auka studiestøtte er kanskje den aller viktigaste saka, seier Trohjell, men den er det i hovudsak Norsk studentorganisasjon (NSO) som jobbar med. På same måte er det ein del saker i vest som vert handtert av Velferdstinget vest.

Andreas Trohjell har òg stilt som kandidat til universitetsstyret. — Det har ikkje gått så bra, smiler han sjølvironisk. Foto: Silje Katrine Robinson
Andreas Trohjell har òg stilt som kandidat til universitetsstyret. — Det har ikkje gått så bra, smiler han sjølvironisk. Foto: Silje Katrine Robinson

— Mine foreldre studerte på 1980-talet, og dei snakkar om kor lite pengar dei hadde. Men ser ein på konsumprisindeksen, fekk dei halvannan gong så mykje som me får no.

Tal frå Statistisk sentralbyrå seier at 40 prosent av studentane jobbar gjennom heile studietida. Men tala viser òg at det er langt fleire i Noreg som får studiestøtte enn i andre land. Samstundes viser tal frå studentbarometeret at det er høgst varierande kor mange timar i veka norske studentar oppgir å bruka på studia.

— Dersom ein studerer under 30 timar i veka har ein jo tid til å jobba litt før ein kjem opp i timetalet i ei vanleg arbeidsveke?

Trohjell tenkjer.

— Dette har eg ikkje tal på. Men eg trur dei som jobbar minst sannsynlegvis har det best sosialt. Og ein treng pengar for å kunne delta i sosiale aktivitetar.

Betre oppslutnad enn rektor

Lenger borti gangen sit dei to som til ei kvar tid er studentane sine representantar i universitetsstyret. Arbeidsutvalet har tett samarbeid med dei, men likevel er rollene annleis.

— Me som representerer studentparlamentet er valt utifrå ulike studentpolitiske lister, og kan melda kva me vil — og godt fyra opp rektoratet. Men samstundes handlar det om å velja sine kampar, og i mange saker er det viktig for oss å ha rektoratet på vår side, som i saka om bøter for forseinka sensur, seier Trohjell.

I den saka var det rektor, studentrepresentantane, ein vitskapeleg tilsett og ein ekstern representant som stemte for innføring av bot – og tapte med knappast mogleg margin.

— Vert ein høyrt som studentrepresentant?

— Ved UiB vert ein høyrt. Eg opplever at me har mykje gjennomslag og vert oppfatta som seriøse. Ved UiB er òg valoppslutnaden betre enn ved andre institusjonar – og me har betre valoppslutnad enn Dag Rune.

Ferie. Eller ferie?

Formelt tek Andreas Trohjell over som studentane sin leiar 1. juli. Men juli er ein stille månad, og først ventar nokre veker ferie. Eller, ferie og ferie.

— Eg skal ha sommarjobb. Eg må jo det, eg er jo student.